Eit bygg for både nakenmodellar og motstandsfolk

Å gløsa tyder å sjå, eller å stirra. Fremst på Gløshaugen står eit monument og kikar ut over byen. Sidan 1910 har veggane i bygget sett historia forløpa seg på innsida.

Då Noregs tekniske høgskule, NTH, i 1900 vart vedteken lagt til Trondheim, var det mykje på grunn av at byen allereie hadde ein teknisk skule, Trondhjem tekniske læreanstalt. Den nye skulen trengde eit monumentalt bygg. Arkitekten Bredo Greve vann arkitektkonkurransen og konseptet «vis-à-vis Domkirken», betre kjend som Hovudbygninga, vart realisert på Gløshaugen. 

Eit forsøkshus 

– Minnesteinen over Kong Haakon og Dronning Maud si kroning i 1906 ligg litt rart plassert, langt oppe på nordveggen, seier instituttleiar Daniel Johansen ved Institutt for arkitektur og teknologi. 

BERGVEGGAR: Instituttleiar Daniel Johansen ved Institutt for arkitektur og teknologi fortel av steinen i fasaden på Hovudbygninga var symbol for dei stødige, statlege institusjonane.

Det er på grunn av at unionen med Sverige brast midt under bygginga. Det var so langt dei var komne på veggen på det tidspunktet.

– Og steinen dei brukte skulle sjå ut som norske fjellveggar og symbolisera soliditeten til dei nye statlege institusjonane. 

Johansen fortel at ein under steinfasaden finn konstruksjonar av teglstein og armert betong. 

– Heile huset var eit eksperimentbygg, med moderne konstruksjonar og materiale. Byggeleiaren Andreas Bugge hadde rett før dette leia ein nasjonal steinkommisjon med mål om å nytta meir norsk byggestein. 

Og derifrå gjekk han rett inn i stillinga som byggeleiar. 

– Steinen er frå Halden, so han er ikkje særleg kortreist, og teknikken er utvikla i Skottland, so konstruksjonen var ikkje særleg norsk, sett bort frå steinen. 

Gløshaugen har vore heimen til fleire kjende forsøkshus, som Skiboli og Nullutslippshuset. 

– Hovudbygninga var eigentleg det fyrste bygget som starta tradisjonen med forsøkshusa for å testa materiale, fukt og varme, fortel instituttleiaren. 

 LES OGSÅ: Hei og ha det, Oddmund Hoel

Møtte aktmodellane på byen 

Ole-Gustav Øverdahl studerte arkitektur frå 1956 til 1960. Kullet hans hadde all undervisning i Hovudbygninga. Sjølv om framsida av bygninga har vorte eit kjent symbol for NTNU, er det delar av bygget som ikkje lenger er tilgjengelege for ålmugen. 

FORTEL OM FORTIDA: Her oppe sat Ole-Gustav Øverdahl som arkitekturstudent og skar pappmodellar på 50-talet.

Ein del av takflata på framsida av Hovudbygninga er dekt med glas. Dette var for å sleppa inn ljos til studentane som hadde teikneundervisning i fjerdeetasjen av bygget. 

«ØVERDAHL, 1956»: Kvar dag var studentane samla på loftet for å teikna etter modellar

– Her var me nesten kvar dag og teikna akt. Me hadde teikneundervisning kvart år. Det var mykje teikning i utdanninga den gongen, seier Øverdahl. 

Frå fjerdeåret modellerte dei akt etter modellar. Før fjerdeåret hadde dei aktteikning. 

– Her stod me i ring rundt modellane. Det me skulle læra var å sjå modellen og framstilla dei aktive og avslappa delane av kroppen. Og av og til kunne dei møta modellane på byen seinare, seier han.

 LES OGSÅ: Campussamlingen setter Dødens dal i fare

Framom nasen på nazistane 

Over himlinga til trapperommet, oppunder taket, finn ein eit rom fylt med saker som vaktmeistrane har trengd å lagra. I mellom skrivemaskiner og pultar finn ein mellom anna dei originale modellane til arkitektkonkurransen om Frimerket bak bygget. 

Men veggane i toppen av det hundre år gamle bygget har sett og høyrd mykje opp gjennom åra. Rektor på NTH under krigen var innsett av NS-styresmaktene. På kontor i etasjen over rektor, sat Erling Gjone.

 – Under krigen var professor Erling Gjone leiar for Trøndelag si avdeling i motstandsorganisasjonen Milorg. Han hadde kontor her oppe. 

BOMBESIKKER: Mellom Hovudbygninga og Varmeteknisk går ein tunell under jorda.

Johansen kan fortelja at Gjone hadde det tyske verket Handbuch der Architektur i 29 bind på kontoret.

 – Inni bøkene gøymde han heile kartoteket med alle agentane. Han rekna vel med at tyskarane ikkje orka å bla seg gjennom heile det verket.

Gjone og folka hans var godt synlege gjennom heile krigen. Han var ein distré professor og ikkje ein som nazistane tenkte at kunne vera motstandsmann. Og her oppe tok han imot andre motstandsmenn, seier Øverdahl. 

– Dei fleste samla seg jo på hytter i skogen, men her sat dei heilt openlyst inne på høgskulen og leia heile Trøndelag si avdeling i Milorg. Og Gjone brukte fordelen det gav å vera distré arkitekturprofessor.

 – Det seiast at han reiste rundt i Kulturminnevernforeininga sitt namn til festninger som var minnesmerker for å sjå til at tyskarane ikkje øydela noko verneverdig. Og so noterte han seg kva slags kanonar og torpedoar dei nytta i same slengen.

LES OGSÅ:  Slik feirer Trondheim samenes nasjonaldag 

Powered by Labrador CMS