Filosofistudent måla Vigelandsparken oransje: No må han i fengsel

I 2022 kasta Joachim Skahjem og medaksjonist Anne Klenge oransje vassmåling på Monolitten. Klimaaksjonen resulterte i dom: 100 dagar i fengsel og 10 000 kroner som erstatningskrav. Korleis endte dragvollingen her?

Publisert

Han blei stempla som far - leg av motdebattant og Bellona-stiftar Frederic Hauge i NRKs Debatten. Filosofistudenten beskriv seg sjølv som: «PST’s favorite climate activist and a socialist vampire» i Instagram-bioen sin. 

Vi lar Skahjem forklare kor aktivismen kjem frå, og bakgrunnen for dommen. 

Tidslinje

November 2022 – Anne Klenge og Joachim Skahjem i Stopp oljeletinga aksjonerar ved å hive oransje måling på Monolitten i Vigelandsparken i Oslo.

Slutten av november 2022 – Joachim Skahjem deltek i NRKs Debatten på vegne av Stopp oljeletinga. Han seier at det er sannsynleg med vald i klimakampen, og blir oppfatta som kontroversiell og ekstremistisk. Etter sendinga blir han kasta ut av organisasjonen.

April 2024 – Rettsaka mot Klenge og Skahjem startar i Oslo tingrett.

Mai 2024 – Dommen har falle: Klenge og Skahjem får 100 dager fengsel og må betale 10 000 kroner i erstatning for å fjerne målingsrestene på Monolitten.

Juni 2024 – Skahjem leverer master - oppgåva i filosofi på NTNU og tar sommarferie.

Hausten 2024 og vidare – Klenge og Skahjem startar prosessen med å anke dommen, og Skahjem blir tilsett som stipendiat ved Institutt for filosofi og religionsvitskap .

Ein aktivist blir til 

Lenge før aksjonismen og filosofistudiane starta, sat tenåringen Skahjem heime i Askim og kom over nokre artiklar om klimakrisa. 

– Det første eg gjorde etter å ha lese dei, var å gå inn på Instagram og sende masse meldingar til klimaforskarar for å spørje dei: Dette stemmer vel ikkje, eller? 

Han fekk ikkje svar. 

Direktemeldingane sende han i håp om at vitskapen skulle vise seg å berre vere overdrive, men då det viste seg at informasjonen i artiklane stemde, kjende han seg aleine. 

– Det er meir eller mindre konsensus om kor gale det er, men over tid blir visst folk van med å leve med denne informasjonen. Til slutt blei eg berre meir og meir pessimistisk, så eg måtte finne måter å handtere det på, forklarar han. 

For Skahjem blei aktivisme ein openbar utveg. 

Å «planlegge» equinorsabotasje 

Vegen for vidare engasjement var strak. 

– Dei fleste klimaaktivistar går inn for å aksjonere forsiktig i starten, og det er mange av dei nye i til dømes Extinction Rebellion (XR) som er forsiktige i framtoninga når dei byrjar. Somme er redde for å bli arrestert og vil ta det roleg, og så kan dei likevel ende på glattcella tre månadar seinare, seier han.

 Skahjem innrømmer at det er å setje det på spissen, men at XR sin metode er eit resultat av at dei vanlege kanalane for ytringsfridom blir ignorert. 

– Då innser ein fort at ein må nytte demokratiets spelerom for sivil ulydigheit, forklarar han. 

LES OGSÅ: Dopamin til folket

Han understrekar at aktivistane sjølv veit at dei må rekne med å ta dei personlege konsekvensane av handlingane sine, som kan vere store. 

– I mitt tilfelle kom eg på mitt første XR-møte og snakka om klimahandling, ikkje på den måten at vi burde blokkere inngangen til Equinor sitt hovudkvartal, men heller at vi burde brenne det ned, seier han. 

Mykje av radikaliseringsprosessen hadde skjedd internt hos Skahjem allereie før hans første møte med ein organisasjon. 

– Sidan tenårane har eg plassert meg sjølv langt på venstresida politisk. Black Lives Matter-demonstrasjonane som var i 2020 blei også ei innføring i politisk metode og motstandskamp for meg, konstaterar han. 

Radikaliseringsprosessen til Skahjem skildrar han som kjapp.  

– Då eg las min første artikkelen om klimaendringane tok det tre-fire dagar utan svar frå klimaforskarane på Instagram før eg melde meg inn i XR, forklarar han. 

Privilegium og syskenkrangel 

Du er jo ein globalt sett svært privilegert student i verdas rikaste land, så konsekvensane av klimaendringane kjem ikkje til å råke deg hardast i første omgang. Korleis klarar du då å bry deg så mykje? 

– Eg forstod etter kvart at det angår meg personleg på sikt. Det kjem til å treffe Noreg, vi er jo ein del av ein globalisert verd der landa er gjensidig avhengige av kvarandre, seier han. 

VALD OG DEMOKRATI: Skahjem meiner at retten til opprør er heilt sentralt i eit velfungerende demokrati.

Skahjem fortel at han dessutan ikkje trur aktivismen sin er motivert av eigeninteresse. Han peiker òg på foreldra som mogleg påverknad, for dei har alltid vore hjelpsame menneske. 

– Dei er ikkje superfans av aktivismen min, dei har andre måtar å bidra på, men for meg er det aksjonisme som kjennes som den riktige måten å handle på, seier han. 

Å tenkje at noko berre ikkje angår han, forklarar han som umogleg. 

– Eg er autistisk, og det er vanleg for folk med autisme å ha ein sterk rettferdssans. Ein får ofte fort ei sterk uggen kjensle om noko er urettferdig, forklarar han. 

Han understrekar at det ikkje dreier seg om at ein er eit godt moralsk menneske, men at ein gjerne tar urettferda personleg. 

– Alt blir personleg, og det hugsar eg frå alle politiske kranglar eg hadde med syskena mine i oppveksten. Vi krangla meir om politikk enn andre tema, og eg blei veldig lett frustrert, seier han.

LES OGSÅ: Store hull i Høgskoleparken

 Kapitalistisk krise

 Det er ikkje tvil om at håpløysa i temaa Skahjem engasjerar seg i gjer noko med stemninga under intervjuet. Han står likevel fast på at han er litt optimist, litt realist, og litt pessimist. 

– Optimismen ligg i aktivismen. Pessimismen min kjem frå at eg har veldig lite tru på vårt noverande politiske system og endringa systemet kan få til, forklarar han. 

Han trekk fram koronapandemien som ei krise mange brukar for å argumentere for at menneskeheita kjem seg gjennom krisar med det noverande politiske systemet. 

– Dei rikaste klarar seg best og blir enda rikare, medan dei fattige tar mesteparten av konsekvensane og blir enda fattigare, seier han. 

Skahjem skreiv den nettopp ferdige masteroppgåva si om klimakrisa som ei systematisk og politisk krise. 

– Ikkje minst er krisa kapitalistisk. Kapitalismen sin interne logikk gjer at ein ikkje lar seg stoppe av andre logiske begrensingar, til dømes øydelegging av klima og natur, forklarar han. 

Han beskriv kapitalismens logikk som farleg. 

– La oss seie at eg er ein kapitalist som eig verdas største oljeselskap. Då kan eg seie at «nei, dette er eit dårleg prosjekt, eg avsluttar verksemda mi». Då er det personen som eig det nest største oljeselskapet som plutseleg blir størst og tar over marknaden. Kapitalismens logikk hindrar reell klimahandling, seier han. 

Dette resonnementet fører Skahjem vidare inn i problemdiagnosen: 

– Dei fleste skjønnar jo at vi ikkje kan halde på med olje lenger, men så lenge politiske avgjersler er tatt av folk som har pengar å tene på at vi øydelegg klima og natur, så kjem vi til å halde fram å øydelegge klima og natur. 

Han finn støtte i Lenin når han påstår at demokratiet vi er kjend med i dag ikkje eigentleg er eit folkestyre, men at det er eit borgarskap som har politisk påverknad og makt. 

– Ja, vi kan røyste kvart fjerde år, men om Kjell Inge Røkke tweeter noko har han meir makt enn alle oss andre til saman. 

STEMPLA: Etter deltakinga si i Debatten blei Joachim Skahjem oppfatta som ekstremistisk.

Støtte hos filosofane 

Kvifor blei det ein filosof ut av ein klimaengasjert vgs-elev? 

– Eg trur filosofistudiet gav meg rom for å utfordre det etablerte på ei anna måte, og å undersøke krisa som både politisk, etisk og eksistensiell, seier han. 

Skahjem meiner NTNUs «grøne» studiar ikkje hadde vore noko for han, og dessutan er det ikkje mangel på kunnskap om klima eller klimaløysingar i verda. 

– Vi veit kva vi må gjere. Vi har det teknologiske og praktiske på plass, det er den politiske vilja som manglar. 

Er aktivismen din forankra i filosofipensum? 

– Faget er definitivt viktig, men filosofi er såpass breitt at ein på ingen måte finn noko filosofisk konsensus for korkje mitt eller andre sine standpunkt, forklarar han. 

Skahjem fortel at filosofien gjer at han har kjend seg mindre aleine i aktivismen og masteroppgåvaskrivinga si. 

– Det er i hovudsak Andreas Malm som er professor i humanøkologi og legen og filosofen Franz Fanon som har vore viktige i masteroppgåva mi. Malm diskuterer sabotasje, medan Fanon snakkar om væpna motstandskamp i konteksten av frigjering frå det franske kolonistyret i Algerie. 

Skahjem peiker òg på at det vanlege pensumet i politisk filosofi også kan vere grobunn for aktivisme. 

– No er ikkje eg noko liberalar sjølv, men om ein ser det norske demokratiet som eit resultat av tankar frå til dømes John Locke, ser ein at retten til opprør er heilt sentral i hans verk. 

LES OGSÅ: 2200 studenter har fått nytt campus

PST sin vurdering 

Du blei oppfatta som kontroversiell på Debatten i 2022. Kva svarer du til dei som sa at utsegna dine bryt med demokratiet sine spelereglar? 

– Kritikarane meinte vel at eg motseier demokratiet som heilskap, ikkje berre aspekt ved norsk parlamentarisme slik ho er utført i dag. 

Han forklarar vidare at han ofte tykkjer politikarane seier dei vil ta ein kaffi med vanlege folk, men at det eigentleg er tomme ord. 

– Viss eg tar ein kopp kaffi med Støre i dag og kjem med mine perspektiv, og sjefen i Equinor Anders Opedal gjer det same i morgon, veit eg kven Støre kjem til å høyre på. 

På spørsmål om han tenkjer at vald høyrer heime i klimakampen, svarar han at det er rart at sabotasje ikkje har blitt brukt så mykje av klimarørsla enno. 

– Den type vald Andreas Malm diskuterar i boka How To Blow Up a Pipeline er eit tilgjengeleg verkemiddel, for du har konkrete bygningar og industriar som øydelegg planeten, svarar han. 

Han meiner at logikken bak sabotasje er å «øydelegge det som øydelegg». 

– Sabotasje bør og vil skje, og vald i samfunnet som følgje av klimakrisa kjem nok òg til å skje, sjølv om ikkje det er noko eg ynskjer meg. 

Igjen trekk Skahjem fram at demokratiet historisk og politiskfilosofisk sett har vore tett knytt til retten til opprør. 

– Så å handsame mine utsegn i debatten som eit åtak på demokratiet i seg sjølv, er veldig ahistorisk og lite gjennomtenkt. Då blir plutselig antiapartheidkampen i Sør-Afrika og andre fridomskampar udemokratiske. 

LES OGSÅ: – Plastkoppar handlar om tryggleiken til gjestane

Han understreker at det ikkje vil seie at alle tilfelle av politisk vald er legitimt. Likevel meiner han at kritikarane av meir radikale aksjonsformar overvurderar folket si eigentlege makt. 

– Folk misforstod meg. Eg trur òg sjølve omgrepet «vald» har visse konnotasjonar som gjer at det ikkje var lurt av meg å bruke det i debatten. 

Etter kvart opplevde Skahjem likevel at folk forstod bodskapen hans. 

– Kanskje dei såg sendinga opp att og skjønte at «oi, her var det faktisk ikkje snakk om noko anna enn vald mot eigedom». 

Tida etter TV-sendinga forklarar han som tøff. 

– Det blei nokre vanskelege veker for meg personleg. Eg skulle gjerne vore forutan heile opplevinga, men det var viktig for saka. 

I etterkant av Debatten kom PST med ei vurdering av sannsynet av terror frå klimaaktivistar. Sannsynsgraden blei vurdert som låg, men at terror kan skje på sikt. 

– Ein kan ikkje nekte å høyre på ein stor sosial rørsle og samstundes vente at rørsla ikkje blir meir radikal. Det har aldri skjedd, og kjem heller aldri til å skje, påstår Skahjem. 

Offer for sugerørpropaganda 

DISTRAHERANDE PROPAGANDA: Skahjem meiner at individfokuset i klimapolitikken er ein distraksjon frå det eigentlege problemet.

Kva gjer du sjølv for å kutte utslepp? 

– Eg er veldig kritisk til å ta ting på individnivå, eg vil helst sjå problemet som ein del av eit system, svarar han. 

Skahjem meiner at individfokuset er ein distraksjon.

– Det blir veldig fokus på å slutte med plastsugerør og at forbrukarane skal redde jorda, seier han. 

Han forklarar vidare at det gir vanlege menneske eit ansvar og ein makt dei ikkje eigentleg har. 

– Det er absurd å seie at det er kvar enkelt av dei åtte milliardar menneska på jorda si skuld at vi har havna her. Dei som faktisk sit med ansvaret slepp billig unna om vi tenkjer slik. 

For å setje det på spissen seier Skahjem at det mest klimavennlige ein kan gjere som individ er å døy. 

– Realiteten er vel at ein må vere optimist og pessimist på same tid. Eg tenkjer både på at eg må gjere det eg kan for å kjempe mot klimaendringane, samstundes som at eg må innstille meg  på å leve mest mogleg med dei kolossale konsekvensane av dei. 

Likevel opplever Skahjem denne balansen mellom livsglede og aktivisme vanskeleg. 

– Det må vere mogleg å finne ei meining med livet, sjølv i ein klimakrise. 

LES OGSÅ: – Fra en student til en annen

Han fortel vidare at individfokuset i klimakampen rår, og at han tykkjer det er leit. 

– Det er mange smarte folk som er opptekne av sitt individuelle karbonavtrykk. Dei ser på det som sitt bidrag i klimakampen, eg ser på det som praktisk sett heilt meiningslaust. 

Skahjem meiner at individfokuset eigentleg berre er eit prosjekt som gir ei god kjensle, men at det går fint så lenge ein klarar å vere systemkritisk på same tid. 

– Ein skal ikkje bebreide seg sjølv for mykje. Om folk brukar plastsugerør eller køyrer bensinbil håper eg dei hugsar på kor lite skuld dei har i det store og det heile. 

Han meiner det er en openberr orsak til at mange er opptekne av individuelt karbonavtrykk. 

– Det var oljeselskapet British Petroleum som først lanserte omgrepet «carbon footprint» fordi dei skulle overtyde oss om at vi har skulda for klimaendringane. 

Skahjem meiner at ein bør forsøke å vere audmjuk kring denne problematikken. 

– Eg kan ikkje bebreide folk for at dei trur på ekstremt effektiv propaganda. Uansett kor irritert eg kan bli på dette individfokuset, bør det gjere meg meir provosert at oljeindustrien og rikingane held på som dei gjer. 

VEGEN VIDARE: Skahjem og Klenge startar no prosessen med å anke dommen, men prosessen vil ta kring eitt år.

Støtte frå FN 

Då rettsaka mot Skahjem og medaksjonist Klenge starta, uttalte Michel Forst, FNs spesialrapportør for miljøvernere, at han var djupt bekymra over at dei alvorlege konsekvensane som Kleng og Skahjem står overfor». Skahjem satte pris på støtta, utan at det naudsynt endra utfallet av saka. 

– Eg er veldig sikker på at eg er på riktig side av historia. Det seier sitt at FN tar aktivistar i forsvar. Det seier òg noko om kor ille det er at rettsstaten Noreg skal straffe fredelege klimaaktivistar med fengsel. 

Skahjem fortel at diskusjonen i rettsalen gjekk mest ut på om vassmålinga gjorde nok skade. Dei tiltalte brukte mykje tid på å bevise at dei hadde gjort nok research på målinga. Poenget var at dommaren skulle forstå at intensjonen ikkje var hærverk, men ein aksjon der målinga seinare kunne vaskast vekk. 

– Vi satt altså i to fulle dagar og snakka om vannløyseleg måling og granitt, og du tenkjer berre: Kvifor sit eg eigentleg her? Sjå på verda, liksom, og så sit vi her og snakkar om måling fordi nokon vil gi meg 120 dagar i fengsel.

LES OGSÅ: Tre madrasser fikk kunstpris

Powered by Labrador CMS