Cover: Juliane Schütz

Anmeldelse:

Alpaca Ensemble & Eirik Hegdal med Thea Ellingsen Grant – The Sky Opens Twice

Paradoksalt nok skal det noko til for samtidsmusikk å virke heilt nytt, men The Sky Opens Twice kjennes som eit herleg friskt pust.

Publisert Sist oppdatert

Mykje samtidsmusikk blir frykteleg tamt på plate. Har du høyrt eitt orkester hyle ut tette, atonale klangerm har du liksom hørt alle, men musikarane i Alpaca Ensemble har, saman med Eirik Hegdal og Thea Ellingsen Grant, skapt noko heilt eige. Dette er verkeleg samtidspop, noko konseptuelt nytt. Alpaca Ensemble har gjort seg kjend som nokre av landets mest framifrå samtidsmusikarar, men på The Sky Opens Twice har dei kome popmusikken i møte. Dei ser kva den har å tilby, og tek den på alvor. Elektronikken og sjølve studioet får kome fram sidestilt med det akustiske, og resultatet er heilt usannsynleg bra.

Sjeldan dreg eit album i så mange retninger samtidig utan å falle saman. «On O» og «Smoke» kjennest som å gå langsetter brosteinslagte gater ein sein haustkveld og kjenne lukta av klementinskal blande seg i lukta av steikos frå eit gatekjøkken. «Clouding» er ein nydeleg melankolsk og meditativ miks av saksofonriff, lydpoesi og syntbass. Brått kjem «Seagull Serenade», ein duett mellom ordlaus song og måkeskrik, som om eit barn står aleine på ei strand og syng saman med fuglane.

LES OGSÅ: Popbonanza i Dødens Dal

Akkurat når du tenkjer det kunne gjort seg med noko litt krassare, kjem «Houserise», og seinare «Houseset», som beint ut høyrest ut som om Aphex Twin og Björk tok MDMA saman. På «Digital Magazines» og «Timechild» svinger pendelen lenger mot popsida, og det er desse litt lengre låtene som utgjer høgdepunkta på plata. Idéane får tid til å setje seg og bli utvikla, medan dei kortare spora blir som stillbileteinterludier.

Vi som elskar samtidsmusikk held gjerne fram at han må opplevast live; du må sitje i salen og kjenne musikken på kroppen. Her har Alpaca Ensemble tilsynelatande gjort det umoglege. Det er eit musikalsk utsegn som både er eit slutta verk, eit samanhengande album, og ei samling med sjølvstendig utruleg gode bilete Dei har skapt noko som fungerer ekstremt bra som ei innspeling. Du bør unne deg sjølv å høyre The Sky Opens Twice minst fire gong om du har den minste interesse for musikk utanfor hitlistane.

Powered by Labrador CMS