IMPONERER: BANDET var sola Bak Skyene.

Bandet briljerer under Byggrevyen 2021

Årets byggrevy er ein god blanding av korte og lange, dagsaktuelle og interne, og lokale og internasjonale nummer.

Publisert

Byggrevyen 2021: Bak Skyene spela både på humor kring det lokale med trøndervest og trondheimsvêr. Dei vitsa kring det nasjonale, med Erna, stortingsval og hyttetur. Og dei spela på det internasjonale med VM i Qatar. Sjølv om mykje av dette var morosamt, var det likevel dei interne nummera som var vittigast, sjølv for ein som ikkje studerer bygg.

Dei var med andre ord gode på å inkludere alle i publikum med meir generelle vitsar innimellom, slik at alle skulle kunne ha glede av desse meir interne sketsjane. Her tenkjer eg på nummer som «Kvelden før konten» der dei kokar sement, songnummer som «Fagkatalogen», samt frustrasjonen over pultane i «S3». I sistnemnde såg ein også den solide jobben gjort av kostyme, og døme på korleis småting kan gjere heile nummer ekstra bra, for ikkje å snakke om meir morosamt. Eit anna døme på det sistnemnde, er sketsjen med Erna Solberg og ringelyden «telefon-telefon» som etter mi meining høgnar sketsjen fleire hakk.

RIM: Byggrevyen var gode på rim, noko dei viste i «Henrik Tixen»

Sjølv om fellesnemnaren i revyen truleg er noko med skyer, såg eg ikkje teikn til dette i alle nummer. Det gjorde for så vidt ikkje så mykje, og for min eigen del var det meir framståande med ein gjentakande type humor: Ordspel. Dei fleste sketsjane inneheldt gode og originale ordspel, og nokre nummer hadde fleire enn andre. Her vil eg særleg trekke fram «Åpne kraner», «Dødsing på Strykgrensa» og «Mørketid», som eg hadde stor glede av, også på grunn av nemneverdig skodespeling.

Byggrevyen var også gode på rim, noko dei viste i «Henrik Tixen», ei frisk og festleg tolking av norsk litteratur. Dei 36 nummera var varierte, og mellom song, dans og sketsjar, var det også ein underhaldande liten film som braut opp det som skjedde på scena.

Sjølv om det var mange bra sketsjar, er det bandet eg blei mest imponert over. Vanlegvis tenkjer eg på revyband som ei støtte til det som skjer på scena, men i dette tilfellet var dei meir enn berre det. Dei som tok avgjersla om at bandet skulle få skine i sitt eige nummer, fortener eit klapp på skuldra, for musikarane var påfallande gode saman. Med munnbind på blåseinstrumenta og solbriller på nasen når det passa seg, verka dei som ein avgjerande del av nummera/sketsjane. Det såg også ut til at musikarane kosa seg like mykje som det publikum gjorde, då dei trylla fram ei sårt trengt konsertoppleving midt i revyen. Sketsjane var bra, men framsyninga til bandet gjorde at eg byrja å lure på om meininga var at det var dei som var sola Bak Skyene. Hovudplagget til fiolinisten støttar påstanden min.

Powered by Labrador CMS