Hallstein: en av de fire store

Vyrde Dusken-lesar!

Publisert Sist oppdatert

Ordliste

d.a.y: den aller yngste
Sutegnogen: sterkt radikal
Værsrykjen bjose-bass: tilårskomen ungdom utan standpunkt (konservativ)
Skottslengd: menneskekropp i horisontal stilling og avslappa tilstand
Feldliggje: uttrykk for god kvilestilling frå gamal tid, då dei brukte fell av sau eller bjørn. Fattigfolk nytta katteskinn, men dette sat amtmannen ein stoppar for, avdi det vart for mykje mus i Volda
Blesme-heit: vestlending med heitetokt som kjem sigande når han heve ete mykje jolemat
Bånsmeit: liten gut som smett under stakken åt mor si, når det kjem framandfolk til gards
Røynlagd: lagt til side i vanvare
Baulfusen: opphissa, ofte nytta i samband med sex-leik og ballspel
Fusrøykjen: sterkt deprimert
Dimvoltimen: tida mellom 5 og 6 om morgonen, når ein vaknar for å slå lens

Få poetar har hatt ein poetisk pondus lik den til Flåklypa-diktaren Hallstein Bronskimlet d.a.y. I samband med det komande 102-årsjubileet er det på sin plass med ei lita hyllest av Hallstein sitt aller fremste verk: Hallstein: en av de fire store – samlinga som Cappelen på rufsrykjint vis titulerte på riksmål. I diktarhøvdingen sine eigne ord er dette eit verk som «bør lesast langsamt og i stutte bolkar», og som passar alle, frå ein sutegnogen storkar som han sjølv, til værsrykjne bjose-bassar frå Kristiania.

Eg la meg skottslengd i feldliggje attåt ein diktarbjørk – mest lik ein blesme-heit bånsmeit – for å lesa att storverket etter at det hadde vore røynlagd på nittitallet blant nokre bind av Aasen. Særleg baulfusen vart eg av dette fyrste diktet:

Slepp ljosken inn i dimme natt, Rykj-vole fram i vrengte serkar Netthaus fengje i stør-haukom bi, Løyndom i lengsel og burte i ti’ . . .

Jau, det reiv djupt i diktarsjela. Boka fins framleis i sal, godtfolk!

PS: For den fusrøykjne minoritet som ikkje evnar å fatte landsmål, er ei rekkje nyttelege Bronskimlet-gloser vedlagd. Hallstein vil òg halde eit språkkurs for utlendingar på Volda Kooperativ (i byr­jinga berre for svenskar og danskar/østlendingar) i dimvoltimen før 102-­ års­jubileet neste veke. Det vil bli vanleg oppvarting (sveler). Vel møtt!

Powered by Labrador CMS