Olavsfest 2022

Ei eiga musikalsk verd inne i Nidarosdomen

Kim André Arnesens The Stranger er eit vakkert, dynamisk og ein smule glattpolert velkomsthymne til den framande.

Publisert

Midt i Nidarosdomen heng det om dagen ein lysande jordklode. Den grip ein med ein gong ein sett fot inne i kyrkja, ein sju meter brei modell av vår eigen vesle blå flekk. Kunstverket heter «Gaia», og set en prekær spiss på urframføringa av Kim André Arnesens verk The Stranger.

The Stranger vart bestilt av Together in Hope Choir frå Minneapolis/St. Paul-området, og består av 17 setjinger av tekster frå kring heile verda. Det er ikkje nokon kopling til Albert Camus-boka, den framande refererer til den pågåande globale flyktningesituasjona, med fordring om å møte framande med likskap og opne armar. Tekstane er mellom anna henta frå Bibelen, Koranen, Upanishadane, Bernard Shaw, Patricia Mulhall, FNs menneskerettskommisjon, og sentralt i alle er ynskjet om å late opp hjartet for å late inn nettopp den framande. The Stranger ber vitne om lengsemd, om einsemd, men også eit ynskje om fellesskap og medmenneskeleg kjærleik.

Nidarosdomen er eit konsertlokale av dei sjeldne, og heller ikkje no skuffer kyrkjerommet. Koret står samla ved det enorme Steinmeyerorgelet, med musikarane frå Trondheimsolistene ispedd innleide musikarar framfor dei. Heile rommet fyllast av song og musikk som vekselvis er jublande fest- og dansemusikk, så mørk og nedtona, eller sart og sparsom.

Dei 17 satsane varierar veldig i karakter og dynamikk, og best er musikken kan hende når han er på sitt mest nedtona. The Stranger har fleire satsar som er rytmisk kompliserte og meget perkussive, men klangen i Nidarosdomen gjør liksom at dei mister mykje karakter og tidvis blir redusert nær sagt til lavfrekvent graut. Men det er også fleire passasjar anten for solist og instrument eller berre for kor, og her blir musikken av og til direkte hypnotisk. I dei stundene kor ein solist får stå aleine fremst som ein orator for folkemengda med seigtflytande strykarar bak seg, kan ein ikkje gjere noko anna enn å la seg sjølv bli sugd heilt inn i musikken. Særs kan ein trekkje fram ellevte sats, «Do Not Neglect» som eit høgdepunkt. Han er skriven for berre koret og cellosolist i ein stil ganske kjend frå moderne korkomponistar som Ola Gjeilo og Eric Whitacre, men her kliner Arnesen til og viser kor vakkert han kan skrive, og koret viser likeså kor vanvittig gode dei er. Musikken liknar den frå renessansens korkomponistar, og det meisterlege koret saman med støvet cellosolisten drysser over er rein magi.

Arnesen tar med seg tydelege spor frå ei klassisk musikkutdanning med kjærleik for tradisjonell tonalitet, men fletter inn musikalske trekk frå folkemusikk kring heile verda. Ein augeblink er musikken i Hollywoods gullalder, så sitt ein brått ved Ravels pult, før han sveiper innom arabiske folkeklangar. Samme kva han kastar mot koret og musikarane kler dei det like godt, og spesielt fløytespelet til Hans Fredrik Jacobsen legg til nydelege hint av verdsmusikk. Musikken har ikkje for auget å vere mogleg å stadfeste til eit bestemt område eller ei bestemt tradisjon, som for å understrekje at verket ikkje handlar om noko enkelt folk anna enn verdssamfunnet og vårt felles ansvar for kvarandre.

Overfladisk liknar kan hende The Stranger vel mykje på Arnesens tidlegare verk Tuvayhun – Beautitudes for a Broken World, uten at det skal vere til forkleining for korkje musikarane eller Arnesen, begge er vanvittig fine stykke musikk, men ein kan lure på om Arnesen slår inn opne dører i eiga stiluttrykk her. For dei som kjenner musikken hans er The Stranger relativt kjende trakter, men for dei som ikkje gjer det er dette ein strålande inngong i Arnesens verd. Og er det ein ting Arnesen kan, så er det å skrive vakkert. Vakre melodiar, vakre klangar, vakre teksturar, men det kan bli litt vel tannlaust. The Stranger er ei velkomsthymne, men det manglar ein del myrkre frå musikken. Han er lett fordøyeleg, alltid skreven med ypperleg handverk, men det er lite motstand i han. Det er jo sjølvsagt ikkje slik at alle som sett notar på eit ark i 2022 må skrive musikk ingen eigentleg vil høyre på, men for min eigen del blir dette litt vel glatt.

«Eg har aldri vore på ein dårleg konsert i dette rommet», sa ei ved sida av meg. Ho fekk nok rett denne gongen og, om han inneholdt litt lite for avantgardistanmeldarar. Arnesens stil er fyst og fremst pen og inviterande, og både koret og musikarane leverte i ypperste klasse. Nidarosdomen har ein eigen evne til å transportere ein inn i ei verd inne i verda under konsertar – nett slik verda no heng inne i kyrkja.

Powered by Labrador CMS