TEATERMELDING:

Fruen fra havet er eit litt for festleg Ibsen-stykke

Trøndelag teater si oppsetting av Fruen fra havet byr på latter og imponerande skodespelarevner, men slit med aktualiseringa.

Publisert Sist oppdatert

Stykket set i gang utan at ljoset i salen blir slått av, men publikum kastar seg likevel umiddelbart med i handlinga. Allereie dei første minuttane har ein kraftig humring spreidd seg i salen, og dette set standarden for resten av stykket. For sjølv om problematikken er sentrert rundt fru Wangel sitt tunge sinn, dei utilsikta neglisjerte stedøtrene og fri vilje, har regissør Fredrik Longva valt å spele på melodramatisk humor gjennom heile førestillinga.

Det verka som om publikum hadde stor glede av dette, og latteren sat laust i salen. Berre dei ledige seta var einige med meg; det var strengt tatt ikkje så morosamt som publikum ville ha det til. For med valdsame, dramatiske og utdregne scenar, synest eg ofte at det blei meir pinleg enn det var humoristisk og eg byrja å lure på om det var ein intern teaterhumor eg endå ikkje hadde forstått meg på.

Når dette er sagt var det likevel mykje eg òg syntest var morosamt, men kanskje meir i einsemd. Eg blei særleg imponert over faktene til Lyngstrand, spela av Emil Olafsson, der han stod flakkande ved gjerdet. Hans keitete åtferd var overtydande og ga stykket stor underhaldningsverdi. Det var også interessant korleis framtoningen til Lyngstrand såg ut til å vere ein fellesnemnar for alle dei mannlege karakterane. Der kvinnene framstod som sterke og handlekraftige, trass i avgrensa framtidsutsikter, var mennene meir tafatte og usikre.

For det var kvinneneskikkelsane som dominerte på scenen, og dei som i stor grad dreiv stykket framover. Ballested (Madeleine Brandtzæg Nilsen) sitt lure, løyndomsfulle blikk til publikum, fru Wangel (Silje Lundblad) si openbare psykiske misnøye og ikkje minst Hilde Wangel (Emma Caroline Deichmann) sitt dramatiske og oppbrakte utbrot like etter pausen. Eller var det pause på 20 minuttar, slik piperøykande Ballested annonserte? Då vi kom tilbake til salen nokre minuttar for tidleg, hadde vi gått glipp av vorset og dei unge karakterane var godt i gang med fest og pianospel. Dette var både imponerande og forvirrande og eg blei nyfiken på om viktige poeng hadde gått tapt.

Fruen fra havet har med andre ord ikkje mangel på dramatikk, humor og skodespelarferdigheitar, og det er absolutt ei oppleving å få med seg. Men då applausen og jublinga i salen tok slutt, sat både eg og min jamngamle følgesvenn litt paffe i salen og prøva å finne ut av korleis dette tidlause stykket kunne vedkomme oss.

Powered by Labrador CMS