Konsert

Fantastisk Fri Resonans, dårlege naboar til tross

Vi gjekk diverre glipp av dag ein av årets Fri Resonans, men lørdagskvelden leverte framleis formidable opplevingar.

Publisert Sist oppdatert

Fri Resonans er ein todagars festival som finn stad på Dokkhuset kvar september, og spesialiserer seg i alt av alternativt, rart og snodig musikk. Eg var på ein trippelkonsert som leverte både mikrotonal, ambient folkemusikk, reinbarka frijazz og holebuarproglegendane Deerhoof på same scene.

Fyst ut var svenske Egil Kalman, bassist og generelt synthgeni basert i København, som serverte nydeleg ambient/folkemusikkinspirerte improvisasjonar frå bakom ein liten jungel av kablar ståande opp frå den modulære synthen hans. Han byrjer med å spinne ein folketoneaktig melodi, motstemmar dannast, som etter kvart glir ut i lange, sakteflytande tonar utan tempo og form. Eg later att augene, legg hovudet bakover og lett Kalman sine bølgjer av lyd blande seg med lyset frå nokre telys som slår mot augelokka mine. Det er lyden av ei vid cybervidde. Han sitt urøyrleg, skrur på knottar og skifter kablar, og brått er musikken berre små knepp, berre fritt flytande rytmer. Eit syntetisk fuglekvitter åpenbarar seg.

Det er heilt utruleg nydeleg, men han blir dessverre akkompagnert av eit svare leven frå Heidi’s oktoberfest som foregår i KLP-dokken. Basslaga og dei tanketomme akkordane må være den mest upassande naboen tenkeleg til Fri Resonans. Publikumet må derimot berømmast – dette er den sorten konsertar kor ein einaste bråkmakar i publikum kan øydeleggje opplevinga heilt, men både her og under neste konsert sitt alle heilt stille og det er heilt knyst.

Neste var den slovenske piano- og trommeduoen Czajka & Puchacz beståande av Kaja Draksler på piano og synth og Szymon Gąsiorek på trommer. Dei serverte fyst ei underleg blanding av ganske vanleg frijazz med preparert piano og autotunet hyperpop-vokal som tilsyenelatande nådelaust parodierar det helsikes levenet som foregår utanfor. Drekslers stil er vanvittig kreativ, ho sleng ut atonale clusterakkordar like lett som ho skyt ut eit variasjonsparti basert på hovudtemaet frå Beethovens femte symfoni.

Andre del eller låt eller parti eller kva ein no skal kalle det er langt rolegare, og dei trekk seg inn i eit introvert og ope lydlandskap. Draksler lager store synthklangar som ho punkterar med tette akkordar frå flygelet. Gąsiorek sitt heilt i ro, stryk kjærleg over trommeskinna med visper og gjev små tapp til cymbalane i ny og ned. Det er vakker friimpro som kjenst ut som han er pakka inn i flanell.

Så kom festivalens store hovudakt. Amerikanske Deerhoof har herja sidan nittitalet og er snart inn i sitt førtiande år som band. Stolane blir rydda vekk og Deerhoof serverar ein og ein halv time med kontinuerlege kontrollerte eksplosjonar. Trommeslagar Greg Saunier slår på skinn og enkeltcymbal som ein holebuar, og han slår så hardt at etter fyste låt drar han ein lengre monolog om korleis han allereie har øydelagt fem trommestikker. Bassist Satomi Matsuzaki kan ikkje stå meir enn 150 centimeter over golvet, men har ein av dei feitaste basstonane eg har kjent på kroppen. Eg kunne kjenne han i golvet og fotane meir enn i øyrene i tillegg til å syngje. Og nokre gong leverar ho bassen over til ein av gitaristane og dansar med ordentleg, planlagt koreografi.

Alle dei fire medlemma er fullstendig trygge på kvarandre, dei kjenner kvart einaste taktartskifte og shreddelick inn og ut. Dette er bandet alle band ynskjer å vere.

Eg har store mengder fomo for å ha gått glipp av fyste dagen av Fri Resonans, for om han var halvparten så god som andre dag hadde det framleis vore ei heil sjuk oppleving. Festivalen har markert seg som ei scene kor alt er lov, og ei scene kor gode musikarar får lov til å skinne utan grenser. Til tross for den avantgarde profilen var det også nesten stinn brakke på dokkhuset, så det er tydeleg at folk fann seg heime her. Eg ser enormt mykje fram til neste september allereie.

Powered by Labrador CMS