Fem studentar ved NTNU er med i OL

I dag opnar OL i Sør-Korea, der fem studentar ved NTNU skal vere med å kjempe om medalje.

Publisert Sist oppdatert

Johannes Høsflot Klæbo (langrenn), Eirik Brandsdal (langrenn), Andrew Musgrave (langrenn), Jan Schmid (kombinert) og Jørgen Graabak (kombinert) er OL-deltakarane som kombinerer OL med studier ved NTNU, melder Universitetsavisa.

Team NTNU

Både Jørgen Graabak og Jan Schmid er med i Team NTNU, som er NTNU si satsing på toppidresstudentar. Dette gjer at utøvarar i olympiaklassa får tilrettelagt utdanning i kombinasjon med toppidrett. Team NTNU består i dag av elleve utøvarar.

LES OGSÅ: Studentenes OL-håndbok

Ifølgje Universitetsavisa seier Schmidt at det hadde vore umogleg for han å gå på ski om det ikkje hadde vore for tilrettelegginga frå NTNU. Det gjer at han kan kombinere studie og toppidrett.

Kravet for å bli med i Team NTNU er at du må vere busett i Trondheim, du må studere med minst 50 prosent studieprogresjon og ha godkjent toppidrettsstatus ved NTNU.

Ulike studie blant deltakarane

Det er ei god blanding av studie blant OL-deltakarane, der både Gløshaugen, Dragvoll og Handelshøgskolen er representert. Johannes Høsflot Klæbo studerer Økonomi og Administrasjon ved Handelshøyskolen. Gløshaugen er representert ved Andrew Musgrave som går Produktutvikling og produksjon og Eirik Brandsdal som studerer Energi og miljø. Jørgen Graabak tek Samfunnsøkonomi på Dragvoll, der også Jan Schmid går med sine nærmare 300 studiepoeng. Han håper på ein master i pedagogikk til slutt, og tek no Emnestudier i samfunnsvitskapelege fag.

Powered by Labrador CMS