Dette er det nye Samfundetstyret

For tre veker sidan velte Storsalen Astri Elgethun som Samfundetleiar. No har ho tatt opp styret sitt.

Publisert Sist oppdatert

Søndag kveld klargjorde Facebook-sida til Styret kven som skal ta over den politiske profilen til Samfundet saman med den nye leiaren på 17. mai. Sjølv er Astri veldig fornøyd med gjengen som skal samarbeide det neste året.

– Det er ein god blanding av menneskje, og utrulege dyktige og hyggelege folk, fortel ho.

Dei har foreløpig ikkje rukke å legge noko planar, anna enn ambisjonane leiaren la fram i valtala, men ho fortel at dei skal feire saman med middag i kveld.

– Eg er veldig gira og håpar at folk på Samfundet huker tak i oss enten for å kome med spørsmål eller forslag, eller berre slå av ein prat.

Bli kjend med dei nye styremedlemane

Det er åtte verv som skal fyllast ved overgangen som markerast på nasjonaldagsfeiringa. Dette fortel dei påtroppande medlemane i Styret om seg sjølv:

Politisk nestleiar

Liva Rindom Tofte

21 år, frå Stord/Danmark, studerer tredje året på psykologi profesjon

– Tidlegare har eg laga seremoni i ISFiT, vore hovedtillitsvalgt for KSG, og tappa mange milliardar øl på Edgar. Som politisk nestleiar skal eg vere med å sette den politiske agendaen. Eg er oppteke av alt frå klima til sosial urettferd og ynskjer å engasjere samfundsmedlemmane til å ta opp sine kampsaker. Utover å henge på Samfundet har eg tenkt å byrje å jogge, vere meir i naturen og lese fleire bøker.

Organisatorisk nestleiar

Nikolaus Wieland

23 år, frå Tyskland/Oslo, studerer industriell økonomi og teknologileiing

–Dersom du lurer på kvar du har sett meg på Samfundet før, kan det enten vere fordi eg var med i KSG-styret i 2021 og 2022 eller fordi eg for tida er reknskapssjef i UKA. Ellers interesserer eg meg over gjennomsnittet for bilar som køyrer veldig fort, også kjend som Formel 1. Det neste året gler eg meg veldig til å bidra med å flytte Samfundet inn i Nybygg, UKA-23 og ikkje minst å referere alt det fantastiske som skjer på Samfundsmøta.

Kommunikasjon- og relasjonsansvarleg

Anna Vindenes24 år, frå Bergen, studerer fjerde året på profesjonsstudiet i psykologi

–Fritida mi er fylt med forsøk på å ikkje drepe plantar, lesing og mykje god mat. Eg byrja vervreisa mi med tre år i Psykolosjen linjeforening, før eg fekk moglegheita til å vere Head of HR i ISFiT23. Dette motiverte meg til å vidare forbedre det interne HR-systemet på Samfundet og handtering av varselsaker på huset. Som kommunikasjonsansvarlig ønsker eg å jobbe for at styret høyrer, forstår og talar tydeleg.

Huskoordinator

Sebastian Småland

22 år, frå Bergen, studerer andre året på datateknologi

–Eg syng litt av og til, trener iblant, filosoferer ofte om meiningslause ting. Eg er også ganske nerd på data. For eit par månader sidan var eg gjengsjef i KSG , og eg kjenner passe godt til diverse instansar på Huset, møtefunksjonar og samarbeid på tvers av gjengar. Eg er glad i å vere eit hjelpsomt mellomledd, og håper at rolla som huskoordinator gir høve til dette. Eg gler meg både til å sjå kva me får til å utrette saman og til nybygg står klart.

Samfundsmøte-ansvarleg

Katja Brødholt

23 år, frå litt her og der, studerer fjerde året på profesjonsstudiet i psykologi

–Eg liker å strikke, lese, sjå film og løpe. Eg har vore kultursjef i ISFiT-23, med i konsertgjengen i 2021 og gjengmedlem i Klubbstyret. Som Samfundsmøte-ansvarleg kjem eg til å ha ansvaret for møta kvar laurdag. Ved å bruke interessa mi for kultur i tillegg til politikk håper eg at me kan ha Samfundsmøte som trekk folk som kanskje ikkje har vore der før. Eg ønsker å ta viktige politiske diskusjonar, men også ha det gøy!

Debattansvarleg

Truls Carlson

22 år, frå Oslo, studerer tredje året på kybernitikk og robotikk

–For tida er eg med i verdas beste Samfundets Debattkomité. Tidlegare har eg vore barista i KSG og barsjef under UKA. Hol i kalenderen fyller eg med teknoklubbing og podcastar. I det komande året gler eg meg aller mest til å ta opp den neste debattkomiteen; eg har hatt eit fantastisk år og gler meg til å gi andre den same opplevinga. Som debattansvarlig ønsker eg å arrangere debattar og Samfundsmøter som får det til å koke litt ekstra i hovudet til trondheimstudentane.

Internarrangementsansvarleg

Inga Diserud

24 år, frå Trondheim, studerer tredje året på informatikk

–Fram til no har eg vore pang i Klubbstyret. Der starta eg i 2017 med verv som dj, deretter dj- og konseptansvarlig, og til slutt eit år som gjengsjef & husmann.

På fritida driv eg litt med speling og mykje dansing, altså er eg generelt glad i uteliv og konsertar. Eg er også glad i å sjå på film, lage mat og reise med tog. Eg gler meg til å jobbe med mange forskjellige folk på Samfundet og arrangere dei aller mest interne arrangementa!

PR- ansvarleg

Lan La

25 år, frå Bergen, studerer rådgiving og læring for vaksne

–På fritida liker eg å lage mat, ete mat, svømme og sjå på Hallmark-filmar.

Eg har vore med i marknadsføringsgjengen som gjengis og imm-sjef, og så har eg vore so-me-sjef i ISFiT-21 og nyleg kommunikasjonssjef i ISFiT-23. Eg var óg med i UKA som souschef og konseptutviklar for webserien. Eg gler meg til å ta over «vervet over alle verv» kor eg skal bli ein like driven hackar som Zuckenberg, slik at eg kan nå ut til flest studentar.

Powered by Labrador CMS