ET KRAV: Leiaren for Studenttinget, Didrik Nohre Lønvik, slår fast at NTNU må opplyse studentar om samarbeidsavtaler med aktørar som produserer våpen.

Vil ha våpen-fritak for studentane

Førre veke hadde Studenttinget møte om våpenproduksjon og samarbeidspartnarane til NTNU. Dei stiller fleire krav til universitetet.

Publisert Sist oppdatert

Leiar for Studenttinget, Didrik Nohre Lønvik, er tydeleg på at studentane bør få betre opplysning frå universitetet om samarbeidsavtalene som inkluderer ei indirekte involvering av våpenindustrien. Det vonar han at dei forespurte tiltaka vil bidraga med, samstundes som han understrek at indirekte involvering ikkje kategorisk samanfell med fryst samarbeid.

Studenttinget meiner at:

    •  NTNU skal foreta ei etisk vurdering av aktørar før eit samarbeid vert inngått. 
    • NTNU skal informere om eit studium har obligatoriske aktivitetar som involverer samarbeid med aktørar som produserer våpen.
    •  Dersom det er mogleg å oppnå tilsvarande læringsutbytte i studieprogrammet skal studentar ved NTNU ha moglegheit til å søkje fritak fra obligatoriske aktivitetar der aktørar som produserer våpen er involvert. 
    • NTNU skal ikke ha institusjonelle samarbeidsavtalar som angår forsking eller utdanning som er direkte involvert i våpenproduksjon. 
    • Studentar ved NTNU skal ikke vera direkte involvert i våpenproduksjon gjennom drifta til NTNU. 
    • NTNU skal tilrettelegge for at samarbeid med forsvarssektoren skal vera gunstig for heile NTNUs faglege bredde. 

– Me krev ikkje naudsyntvis at NTNU umiddelbart skal stanse samarbeidet med for eksempel Kongsberg gruppen. Det me ynskjer er at universitetet ikkje har direkte samarbeid med våpenproduksjonen, og at emne og studium opplyser om samarbeidsavtalar med aktører som driv med våpenproduksjon utanom samarbeidet med NTNU.

Søkje om fritak 

I tilfelle av «indirekte involvering» meiner Studenttinget at studentar skal få moglegheita til å søkje unntak frå obligatoriske aktivitetar. Dette vil derimot ikkje gjelde alle studium eller emne, understrek leiaren. 

– Somme aktivititar er heilt kritisk for å gjennomføre emnet eller studiumet. Der vil altså studentane måtte vera med. 

LES OGSÅ: I en fersk kåring kommer det frem at Sintef er den mest attraktive arbeidsgiveren for studenter.

Krev sterkare lut 

Nestleiar i Studentar for Palestina Trondheim, Lise Behné Eie, er glad for at Studenttinget stiller krav til NTNU om samarbeidsavtaler, og heilt samd med Studenttinget om at NTNU må gjera etiske vurderingar i samarbeidane deira. Likevel stussar ho på premissa til krava. 

– Rektoren til NTNU har allereie uttalt at dei ikkje kan garantere for at teknologien som NTNU utviklar blir utelukkande brukt til sivile formål. Dei veit ikkje nok, og dermed er me nøydt til å ha ein boikott fram til at me veit meir om våpenproduksjonen og kor våpna faktisk endar opp, fortel nestleiaren og peiker særlig på Kongsberg gruppen som eit døme her.

BOIKOTT: For nestleiaren av Studenter for Palestina Trondheim er det viktigste no at NTNU frys samarbeidet med Kongsberggruppen.

Bør gjelde alle studium 

Ho er positiv til at NTNU bør vera meir opne om samarbeidspartnarar og involverte aktørar, men ho fortel at krava bør vera meir kategoriske om fritak. Alle studentar bør sleppe å vera både direkte og indirekte involvert i konflikten, uansett kva slags studium, emne eller karriereval ein tek.

– I utgangspunktet er det bra at ein kan søkje om fritak, men idealet er å sikre at studentar får tatt utdanning på NTNU utan å vera verken direkte eller indirekte involvert i brot på folkeretten. Det er viktig at ein får studere i tråd med sine eigne etiske prinsipp, det er ikkje val av studium som bør vera avgjerande her.

Powered by Labrador CMS