DEBATT:

Derfor bør du søka NTNU-styret

Lite visste eg om alt eg kom til å oppleva som representanten til studentane på NTNU-styret

Publisert Sist oppdatert

I dag, for eitt år sidan, opna Studentvalet 2019 – der eg var ein av kandidatane til å sitte i universitetsstyret. Eg var på dette tidspunktet på veg inn i min siste eksamensperiode ved NTNU. Som ferdigstudert var planen vidare i utgangspunktet å flytte frå byen. Slik blei det jo ikkje. Etter fleire rundar med meg sjølv, og i gode samtalar med andre, stilte eg til val. Det har eg ikkje angra på sidan.

Les også: Valg av styrerepresentant utsatt til 8. april.

Etter ein tøff, men lærerik og spennande valkamp fekk eg gleda av telefonsamtala der eg blei fortalt at eg hadde blitt valt av studentane på NTNU til å gjennom det neste året vere studentane sitt kvinnelege styremedlem i universitetsstyret.

Lite visste eg på dette tidspunktet, at eg etter knappe to veker i jobb skulle bli gjort merksam på at Gunnar Bovim ville tre av som rektor, at eg skulle vere med å tilsette Anne Borg som ny – og første kvinnelege rektor ved NTNU, at eg saman med styret skulle beslutte å oppløyse eit institutt på bakgrunn av ein arbeidsmiljøkonflikt, og no også behandle eigne forskrifter i forbindelse med koronapandemien. Ei heller visste eg på dette tidspunktet at eg skulle bli så godt tatt i mot av resten av styret og trivast så godt i vervet.

Les også: Studenter kan reise hjem på påskeferie.

Som studentvalt styremedlem kan bordet verke høgt og du kjenne deg liten, litt som då eg var yngre og gjekk i pappa sine altfor store sko. Likevel er universitetsstyret eit så godt kollegium at ein fort vert tatt med inn i varmen. Rektoratet stiller seg til ein kvar tid disponible for spørsmål av alle slag, og til og med kursing i universitetsøkonomien, av økonomi- og eigendomsdirektøren sjølv. Sjølv om sakspapira kan vere omfattande, og til dels tungleste for ei som til vanleg brukar ein halvtime berre på å gå gjennom menyen på restaurant, er dei ryddige og utfyllande til det punktet at det ikkje er eit problem å stille godt budd til styresaker, også av utfordrande karakter.

Som sagt innleiingsvis, angrar eg ikkje på at eg eitt år tilbake stilte til universitetsstyret. Tida frå då og fram til no har gått evinneleg fort. Eg har lært ekstremt mykje, møtt folk som eg elles aldri ville blitt kjend med, og eg har gjort meg erfaringar som eg har vakse på som person. Tysdag gjekk den opprinnelege fristen for å stille til universitetsstyret i år, ut. Valstyret har likevel sett seg nøydd til å utvide fristen med ei veke, fram til onsdag 8. april kl. 23:59, av mangel på kvinnelege kandidatar. Dette ser eg på som ein varm invitasjon til studentar – og då særleg kvinnelege studentar – som vurderer om dette kunne vore noko som kunne passa seg.

Les også: All undervisning ved NTNU vil ut semesteret foregå digitalt.

Mi oppmoding: Ikkje nøl. Gå til Studentvalets nettiside og send inn kandidatur!

Powered by Labrador CMS