Du må ikkje vere psykisk sjuk for å dø av sjølvmord

Difor blir eg bekymra når ein ekspert frå eit av dei leiande forskingssentera på området seier at det er ei myte at det ikkje er samanheng mellom sjølvmord og psykisk helse.

Publisert Sist oppdatert

Under laurdagens samfundsmøte om sjølvmord, var psykologspesialist Fredrik A. Walby frå Nasjonalt senter for sjølvmordsforsking- og førebygging (NSSF) til stade. I sine tildelte minutt, rasa han gjennom ein powerpoint som var innom omgrep knytt til sjølvmord og han viste oss typiske risikofaktorar knytt til sjølvmord. Er du mann, alkoholisert og impulsiv, er sjansen større for sjølvmord.

Slike utsegn er med på å støtte ei oppfatning om at du må vere psykisk sjuk for å ta livet ditt. Dette er ei forenkling, og lagar eit skilje mellom «oss friske» og «dei sjuke». Slike stereotypiar gjer det vanskelegare for oss å sjå Markus i klassa eller Siv på fotballaget, dei fungerer jo i kvardagen. Livet svingar for oss alle, og som det blei sagt på møte, vil over halvparten av oss oppleve sjølvmordstankar i løpet av livet.

Som frivillig i Kirkens SOS har eg lært at det er ei myte at det ligg ei psykisk liding bak alle sjølvmord. Noko forskar ved NTNU, Heidi Hjelmeland, har tatt til orde for at det ikkje er. Ho seier at ein av dei mest etablerte sannheitene innanfor suicidologien er at psykisk liding spelar ei viktig rolle blant samtlege sjølvmord, også kjent som 90 prosent-sannheita. Denne antakinga kan vere med på å hindre at sjølvmordsfare blir identifisert.

Les også: God psykisk helse er absolutt frivillighetens ansvar

Det biomedisinske over det psykososiale

Dagens sjølvmordsførebygging er basert på ein biomedisinsk sjukdomsmodell. Man skal diagnostisere, finne ei grunnliding og gi behandling for denne. Einar Plyhn seier i sin artikkel Er det sykdom som dreper? at «ved å redusere pasientens sammensatte liv og personlighet til en antatt grunnlidelse basert på noen få symptomer, er sannsynligheten stor for at de psykiatriske diagnosene filtrerer bort det meste av pasientens levde liv som kan forklare selvmordsfaren». Dette skjedde med hans kone som etter eit sjølvmordsforsøk var innlagt i sju veker der ho fekk behandling for depresjon. Ho tok livet sitt rett etter utskriving. Ho hadde ingen tidlegare opplevingar med psykisk sjukdom, men hadde blitt utbrent på jobben og var inne i ei eksistensiell krise. Avdelinga meinte ho hadde fått adekvat behandling.

Det er farleg å sette punktum med ei diagnose. Du er deprimert ja, men kva er det som gjer at du opplever livet så tungt at du ikkje ønsker å leve lenger?

Eg savna understrekinga av kor komplekst og mangefasettert fenomen sjølvmord faktisk er. Å ta sitt eige liv er noko av det mest alvorlege eit menneske kan utsette seg for – å forklare det med tilstadeveringa av visse risikofaktorar, er ei stor forenkling av menneske og korleis vi opplever våra liv. Ja, psykiske lidingar er ein del av dette bildet, men det er så mykje meir! I Kirkens SOS tilbyr vi eit medmenneske til folk i krise, ikkje meir enn det. Vi kan ikkje gjere alt, men vi gir eit anna menneske tid og rom for å snakke om det som er vanskeleg. Noko av det viktigaste eg har lært i mi tid i Kirkens SOS er at eg er bra nok til å snakke med andre som har det vanskeleg.

Lederen for Velferdstinget: For syk for sit eller for frisk for kommunen?

Alle kan førebygge sjølvmord

Det bring meg over på eit anna poeng Walby kom med, som var å ikkje trivialisere viktigheita av profesjonell behandling. Det var kanskje for å understreke at pårørande ikkje skal ta på seg for mykje ansvar for å gjere alvorleg sjuke friske, som er viktig. Det er ingen enkelthending eller enkeltperson som kan forklare eit sjølvmord. Likevel vil eg hevde at trivialisering av støtte og omsorg frå dei rundt seg kan vere like farleg. Alle kan vere med på å førebygge sjølvmord, gjennom å gi andre tid og rom til å dele av mørket.

Det var her Else Kåss Furuseth var så fin. Ho fekk fram menneskebiten og det kvardagslege. Å kunne snakke om det mørke og vanskelege under Gullrekka på fredagen. Om livssmerte blir noko trivielt samtaletema, blir det kanskje lettare å dele når du først er nede i ein dal. For kanskje du veit då at dei andre har rom til å romme deg og di smerte. Til kaffen på Dromerdar, før quiz på Samfundet, eller på tur rundt Nidelva. Menneske treng å bli sett og bekrefta, og helst av dei dei bryr seg om.

Om nokon du kjenner seier dei har det tungt for tida, er det fint om du er den som tør å spørre: Er det så tungt at du tenker på å ta livet ditt? Mange med sjølvmordstankar opplever det som ein lettelse å bli spurt. Om svaret er ja og du ikkje veit kva du skal seie, så seier du akkurat det – og du seier du er glad for at personen ville dele sine mørkaste, vanskelegaste tankar med deg. For ei tillitserklæring!

P.S. Eg beklagar at eg ikkje gjekk opp på talarstolen under Samfundsmøtet, sceneskrekken forbaud meg. Eg er likevel utruleg glad for at Samfundetstyret sette dette på sin agenda, og for så mange oppmøtte!

Marlen Aurvåglid Ramstad er tidligere medlem av Studentmediene i Trondheim

Les flere debattinnlegg her

Powered by Labrador CMS