Ikkje øydelegg enkeltstudentar sin økonomi med å kutte tannhelserefusjon

Velferdstinget skal behandla kutt av tannhelserefusjonsordninga, då bør vi studentar møta opp og bli høyrt

Tekst: Cecilie B. Raustein, student ved NTNU

Dei fleste studentar har ein relativt trong økonomisk situasjon, og tala frå SHoT 2018 kan vi blant anna sjå at 38% av studentane i Noreg seier at dei ikkje ville klart å betale ei uførutsett rekning på 5 000 kroner. Mange vil måtte betale langt meir enn dette i tannhelseutgifter. Heldigvis har vi studentar som har Sit som vår studentsamskipnad moglegheit til å få refusjon for store delar av desse utgiftene. Enn så lenge. No har nemleg arbeidsutvalet til Velferdstinget innstilt på at heile ordninga skal fjernast, og dette skal Velferdstinget sjølv ta stilling til i deira møte tysdag 4. februar. Dette er pengar som går av semesteravgifta som vi studentar betalar kvart semester.

Tannhelserefusjonen har vore diskutert fleire gonger i Velferdstinget, og har òg vorte endra meir enn éin gong i løpet av mine snart fem år som student i Trondheim. Dette i seg sjølv er eitt av argumenta som vert presentert i sakshandsamar si vurdering. Det vert nemleg argumentert for at om Velferdstinget kan sleppe å ta tid frå annan politikk som kunne vorte vedtatt til å diskutere tannhelserefusjon, og at dette ville ført til meir velferd til studentane.

Les òg: Storsalen har vald ny UKEsjef!

Eg veit ikkje korleis ein måler mengda av velferd til studentane, men vil våge å påstå at for dei studentane som faktisk treng denne ordninga for å få redusert beløpet dei sjølv må ut med for tannhelsebehandling så er det lite trøyst i at nokre linjeforeiningar kan få til ein heil fadderperiode for hundre studentar for dei 15 000 kronene som kunne vore med på å redde økonomien etter ei dyr tannhelsebehandling. I sakspapira kan vi lese fleire døme på kva pengane heller kan brukast på, men igjen ser eg ikkje for meg at nokon av dei vil vere til særleg trøyst for ein enkeltstudent som står i ein slik situasjon.

Vidare skriv sakshandsamar at «Det kan også argumenteres for at dyre regninger frå tannhelse ikke bare er den eneste måten å få økonomiske vansker for en student, og at vi da kanskje burde hatt støtteordninger for alle typer vanskelige økonomiske situasjoner». Eg er ikkje ueinig, men dette er jo eit argument for å forbetre studentar sin økonomiske situasjon. Eg greier ikkje å gå med på at dette er ein grunn til å leggje ned ei av dei støtteordningane vi faktisk har, som faktisk kan vere heilt essensielt for enkeltstudentar sin økonomi.

Det er Velferdstinget som skal fatte vedtak i denne saka. Det gjer dei på sitt møte på Berg Aktivitetshus tysdag 4. februar klokka 16. Der har alle studentar moglegheit til å møte opp for å fortelje dei kva dei meiner om saka. Dersom du trur at du eller nokon du kjenner hadde slitt med å måtte stå med ei rekning på 25 000 kroner til tannhelsebehandling utan å få dei 15 250 kronene refundert, slik du kan no, så vil eg oppfordre til å møte opp. Ikkje minst er dette eit godt døme på at det kan vere greitt for studentar flest å halde seg litt oppdatert på kva Velferdstinget (og Studenttinget, for den saks skuld) meiner og når dei har møter.

Les òg: Kvifor er det i det heile eit problem at kvart av dei to kjønn ikkje er representerte likt innanfor alle område?

La oss heller bevare ei ordning som kan redde økonomien for dei studentane som treng det i staden for å satse på at pengane er betre å leggja i til dømes auka stillingsprosent til Velferdstinget sitt arbeidsutval, og satse på at dette vil gje meir velferd til den enkelte student. Det er semesteravgifta det handlar om. Det er våre pengar! Når leiinga i Velferdstinget foreslår å kutte i ei slik ordning må vi seie frå. Møt opp på Berg Aktivitetshus og fortel kva du meiner om saka

Powered by Labrador CMS