Demonstrasjon for Palestina
Noreg lyt taka standpunkt
Raudt, grønt, svart og kvitt vaiar i lufta. Faner frå politiske parti, fagforeiningar og andre organisasjonar som viser si støtte. Ungar, vaksne og eldre ropar i kor: «Lat Gaza leva!»
For tredje gong i haust vert det arrangert demonstrasjon til støtte for Palestina i Trondheim. Laurdag ettermiddag 11. november er Trondheim torg fylt av menneske, plakatar, skjerf og flagg.
Medisinstudent og medlem av Studentar for Palestina i Trondheim, Zuhair Swaid, trer opp på scena og held appell.
Foreldra hans flykta frå Galilea til Syria før han vart fødd. Der vaks Swaid opp i flyktningleir, kor han har budd mesteparten av livet. Som 24-åring flykta han utan familien, først til Tyrkia, så med flyktningbåt til Italia, før han reiste nordover og til slutt enda opp i Trondheim.
– Det er den med størst sjanse for å overleva som lyt reisa fyrst. Mor mi og fire systrer vart att i Syria.
Faren deira er drepen i krigen.
– I Palestina er det veldig sjeldan å treffa nokon som ikkje har mista nokon i krig. Slik er realiteten i krig. Det er det same om born vert drepne i Palestina, Ukraina, Syria eller Afghanistan. Det gjeld òg i Israel.
Han har sympati med alle born og sivile som vert drepne, uansett kvar i verda dei held til.
Vestlege land lyt taka standpunkt
Han tykkjer at han har vorte godt teken imot i Noreg.
– Noreg er eitt av dei betre landa når det kjem til å taka imot palestinarar. Dei fleste nordmenn støttar Palestina, retten til ein stat og rettferdig fred. Det visste eg før eg kom hit, og det var ein av grunnane til at eg valde å koma til Noreg, eitt av dei beste vala i mitt liv.
Likevel meiner han det er viktig at Noreg gjer meir.
– Noreg og andre land lyt visa kor viktig denne saka er og krevja at USA endrar sin politikk overfor Israel. Israel treng grønt ljos frå USA for å kunna halda på slik dei gjer.
Ingen varig fred utan rettferdig fred
Swaid trur at det varierer kva haldning nordmenn har til konflikten, og at noko av grunnen er måten media framstiller det på.
– Me som kjempar for eit fritt Palestina, kjempar for folket og har ingenting med Hamas å gjera.
Men han er ikkje overraska over at slike organisasjonar veks fram.
– Kvar dag vert palestinarar drepne, og slik har det vore sidan 1948.
Han støttar ikkje Hamas, men legg vekt på at det er ein naturleg konsekvens av Israel sin politikk.
– Viss Israel hadde respektert Oslo-avtalen, ville me ikkje hatt denne situasjonen i dag, der Hamas står i spissen.
Swaid trur at ein vil kunna sjå mykje klårare kva folket i Palestina eigenleg ynskjer når ein kjem attende til ein vanleg kvardag og fredstid.
– Det var jo likeins her då Noreg var okkupert. Det var dei mest radikale som stod i spissen mot tyskarane.
Det Israel gjer, er sjølve definisjonen på apartheid, meiner han.
– Dei buset israelarar i ring rundt palestinske byar og i toppetasjane på palestinske blokker. Det israelske forsvaret vernar dei israelske busettarane, medan dei kan skyta på folk med palestinsk flagg.
Han seier at det aldri vert nokon varig fred utan rettferdig fred.
LES OGSÅ: Be our guest!
Historisk demonstrasjon
Studentar for Palestina er studentorganisasjonen til Palestinakomiteen i Noreg og har tre lokallag. Eitt av dei vart stifta i Trondheim i november i fjor. Historiestudenten Magnus Barka Hjelle er leiar. Han fortel at dei har vore aktive og vakse mykje det siste året.
– Me har over 100 medlemmar no og dei aller fleste har meldt seg inn den siste månaden.
Dette er den tredje demonstrasjonen dei skal arrangera, og han trur og håpar på rekordstort oppmøte.
– Oppmøtet aukar for kvar demonstrasjon. Sist kom omtrent 700, og i kveld håpar me på kring 1000. Det kan henda at dette vert den største demonstrasjonen for Palestina i Trondheim si historie.
I etterkant av demonstrasjonen kan Hjelle fortelja at oppmøtet var rekordhøgt, slik dei ynskte.
– Dette gjekk som me håpte, og me trur det har vore over 1000 oppmøtte.
Norske våpen til Israel
Hjelle er kritisk til at norske Nammo og Kongsberg sel våpendelar som endar opp i Israelske våpen. Han viser til ein artikkel frå 2012, der Amnesty skreiv at Nammo sin teknologi vart nytta under bombinga av Gaza i 2008 og 2009.
– Me tener pengar på å selja delar til USA, som sel våpen til Israel. Slik endar norske delar opp i våpna som drep palestinarar.
Ronny Lie, kommunikasjonsdirektør i Kongsberg gruppen, svarar at dei aldri har eksportert våpen til Israel.
– Me har ein fabrikk i Johnstown i USA der me produserer norskutvikla våpenstasjonar, underlagt norsk patent og norske eksportreglar, sjølv om utføringa skjer frå USA.
Han fortel at våpeneksporten frå Noreg er underlagd strenge reglar, og at dette vert fylgt opp i høyringar på Stortinget, der både industrien og ulike organisasjonar deltek.
Thorstein Korsvold, informasjonsdirektør i Nammo, nektar òg for at norske våpen verd selde til Israel.
– Det er riktig at norske delar vert nytta i einskilde amerikanskproduserte våpen. Men det er eit amerikansk produkt, og om USA òg sel det vidare til sine nære allierte, so er det deira avgjersle.
Han legg til at kvart enkelt land rår over sin forsvarsindustri og kven dei sel til, og at samarbeidet om teknologi og forsvarsmateriell er ein viktig del av Nato-samarbeidet, som han meiner at Noreg er heilt avhengig av.
Meiner at NTNU er dobbelmoralsk
Hjelle er sterkt kritisk til retorikken til NTNU.
– Rektor snakkar om at me er nøydde til å tilby psykisk helsehjelp til palestinarar. Samtidig samarbeider universitetet ho leiar med Nammo og Kongsberg, som bidreg til å drepa familiemedlemmane deira. Me har allereie studentar ved NTNU som har mista vener og familie i krigen.
Han tykkjer det er dobbelmoralsk å vera med på å laga traume for so å gjeva helsehjelp mot dei.
– Kva med å førebyggja trauma i staden for å kurera dei?
Tor Grande, prorektor for forskning og formidling ved NTNU, skriv at han er bekymra for den humanitære katastrofen på Gaza. Han uttrykkjer respekt for at situasjonen direkte rører studentar ved NTNU.
– Me har ein formell avtale med Kongsberg gruppen om kunnskapsutvikling og sivil forsking, ikkje om våpen. Me hadde diskusjonar kring om me skulle inngå ein avtale med ein våpenprodusent i forkant av avtalen.
NTNU si forståing er at norskproduserte våpen ikkje vert selde til nasjonar i krig. Dei kan ikkje garantera at forskinga og teknologien til NTNU ikkje vert nytta i krig, sjølv om det er meint til sivile formål. Dette stiller universitetet overfor krevjande dilemma.
– Difor må me heile tida gjera vurderingar av avtalane og relasjonane våre til næringsliv, universitet og nasjonar.
LES OGSÅ: Det er ikke forsvar å drepe tusenvis av uskyldige barn.