«Enhver kan gjøre det den vil, men en vær kan ikke gjøre det den vil».

Sju nyfødte lam vart ordinert i Det Sorte Faars Ridderskab

Me kom inn i Storsalen med høge hæler og låge forventninger. Me satt igjen med sterke kulturelle og nær spirituelle opplevingar. Kva skjedde eigentleg på laurdagens samfundsmøte?

Publisert Sist oppdatert

Storsalen er fylt med ei spesiell andstilvere, samt hundrevis av gallakledde unge lovande, og – kven er det eg ser – Anne Borg? Møtets dagsorden er noko annleis enn elles, han er prega av eit mystisk element, ei tiltrekkjande uvisse, noko om eit visst riddarskap. For på denne heilage sabbatskveld, fødedagen til trondheimstudentens andre heim, skal noko vidunderleg skje. Det må skje. At tidi skal opna seg, hjarta skal opna seg, dører skal opna seg. At daljar skal utdelast og riddarar skal slåast.

Ordensherren har sauestilen på plass.

Tre høgtidelege bank i bordet stadfestar: møtet er satt!

Litt inn i møtet blir han på riddarleg vis eskortert ut av to tungt opprusta karar, og eit felttog av adelege og geistelege og kven veit kva, inntar storsalen. I det eg ser ordensherren, ein høg skikkelse med svart bukkehovud, ilar eit gys kaldt nok til å trigge kjemp-flykt-frys-refleksen min nedover ryggen. Det neste som skjer er vanskeleg å setje ord på fordi det er såpass sært. Kostyme, deklarasjonar, formalitetar og uformalitetar. Dag Herrem, Arne Sund, Oda Sofie Øien Sunde, Karen Mjør, Kim Arvid Leon Tran, Anne Borg og Odd Reitan var dei sju heidersgjestane som framviste den innsatsen det krev å bli ein del av riddarskapet. Eg kjende meg framandgjort og samtidig fascinert, eg let bileta tale for seg sjølv.

Dei sju utvalde: Odd Reitan, Anne Borg, Kim Arvid Leon Tran, Karen Mjør, Oda Sofie Øien Sunde, Arne Sund og Dag Herrem.

Når eg trur kvelden har nådd si høgde, er det akkurat som på fjelltur; ein ny topp kjem til syne etter den førre. Eit fortryllande operaorkester spelar opp og håplause romantikarar i tårn og trekantdrama forskjønnar den heile skapning. Den svenske operaparodien «Mohrens Sista Suck» tillet oss audmjuke studentar å kunne nyte høgkultur på trygg ironisk avstand. Då den vakre jomfrua gjennom döden vil sluta sine qual, ropast det protestar frå salen som ein fyrsteklassing på DKS-forestilling. Og akkurat når me trur «en evig kärlekshimmel för oss randas» går det gale likevel, og alle fire protagonistar tek sitt eige liv i tur og orden.

Powered by Labrador CMS