SER BEGGE SIDER: Gunnar Heldal Risholt og Ingeborg Hirsti er nøgde med den norske kongefamilien, men ser likevel problematiske sider ved monarkiet.

Dette meiner studentane om monarkiet

I lys av skandalane i kongefamilien den siste tida, har Under Dusken spurt studentar på campus om kva dei tykkjer om monarkiet.

Publisert

Ronja Aarebrot Grav er lektorstudent ved NTNU og seier at ho ikkje har så mange sterke meiningar om monarkiet i Noreg.

– Eg har derimot mykje negativt å seie om den britiske kongefamilien.

LITE KONTROVERSIELT: Lektorstudentane Vilje Wibeke Ribe og Ronja Aarebrot Grav tykkjer at kongefamilien er viktig for symbolikk og diplomati.

Ho tykkjer at den norske kongefamilien aldri har gjort noko særleg ut av seg og fungerar som eit samlande symbol.

– Men no når dei byrjar å tulle kan ein jo spørre seg om ein skal bruke pengar på dei, seier ho.

Medstudent Vilje Wibeke Ribe er samd i at den norske kongefamilien er eit viktig symbol, men peikar likevel på at det er noko prinsipielt problematisk ved monarkiet.

– Dei har jo ein diplomatisk rolle og representerar Noreg, og det treng ein jo. Men eg veit ikkje om det bør vere eit verv som går i arv. 

Ribe spør seg om rolla heller burde bli utført av dei som er mest kvalifiserte. 

– Eg kjenner ingen som er «die hard» fans av Mette-Marit og Haakon, men Harald er jo veldig populær blant dei fleste, seier Ribe.

Interessant bruk av skattepengar

Geografistudent Zacharias Valldal fortel at han gjekk på skule med ein framtidig monark.

– Eg gjekk på skule med Ingrid Alexandra, og ho verka som ein ganske normal person, men det er jo interessant at ein skal betale skatt for å finansiere oppførselen deira, seier han.

Han forklarar at den arvelege makta kan vere eit problem for både individet sjølv og samfunnet.

USIKRE: Risholt og Hirsti har balansert syn på monarkidebatten.

– Det er dumt at det foreldra dine gjer skal bestemme over livet ditt i for stor grad.

For informatikkstudent Ingeborg Hirsti er det ikkje eit stort personleg tap å ikkje ha ein kongefamilie.

– Men når vi først har ein kongefamilie er eg nøgd med den vi har no, seier ho.

Gunnar Heldal Risholt studerar for å bli grunnskulelærar, og er òg samd i at skattepengebruk er ein sentral problemstilling i debatten om monarkiet.

– Viss nokon spør om det er bra at det går mykje skattepengar til kongefamilien kan eg ikkje med handa på hjartet svare «ja». Dei pengane kunne jo gått til skule eller helse.

LES OGSÅ:  Manglende kvinnelige headlinere på Samfundet

Viktig for tantene

 Risholt legg til at han ikkje kjenner seg heilt oppdatert på kva kongefamilien driv med.

– Det er mange tanter der ute som følgjer nøye med på kva kongefamilien driv med til ein kvar tid. Eg er ikkje heilt der. 

Basert på det han får med seg, tykkjer Risholt at kongefamilien er kul.

– Det er hyggeleg med kultur- og tradisjonsbærarar, men dei gjer vel mykje drit som vi ikkje høyrer om, fester og tar dop. Men det ser ut til at dei representerer Noreg på bra måter, til dømes på statsbesøk.

Anders Todal Jenssen er professor i statsvitskap ved Institutt for sosiologi og statsvitskap, NTNU. Han peiker på at det kan vere skilnadar i haldningar til monarkiet basert på alder. 

– Eg har ikkje noko empiri for å seie noko skråsikkert, men dei generasjonene som levde under andre verdskrig var nok dei varmaste tilhengarane av monarkiet i Noreg, seier han.

Han forklarar at Kong Haakon og Prins Olav blei heilt sentrale i motstandskampen mot nazistane, og kom tilbake til Noreg etter krigen som heltar. 

Overflatisk støtte

– Dei unge i dag støttar nok monarkiet på eit mykje spinklare grunnlag enn generasjonane før dei. Støtta kan gå på ting som at Harald er kul, folkeleg, fortel bra vitsar, er liberalt innstilt og er på parti med ungdommen. Det er eit anna type grunnlag som ikkje stikk like dypt. 

GENERASJONSBASERT: Professor i statsvitskap ved NTNU Anders Todal Jenssen fortel at generasjonen som levde under krigen har eit sterkare band til monarkiet enn dei unge.

Jenssen trur at det er meir sannsynleg at folk endrar oppfatning av monarkiet i dag fordi støtta er lausare fundert. 

– Vi har ikkje noko løpande debatt om monarki verus republikk, og difor vil nok mange tenkje at monarkiet er noko vi kan fortsette med. Folk ser ikkje noko grunn til å engasjere seg i den debatten, dei tenkjer at «ja, vi har fått nokon skandalar her og der, men ingen er perfekte».

Folkerøysting?

Både Risholt og Hirsti seier at dei sjølv ville røysta «ja» i ei hypotetisk folkerøysting om ein skal behalde monarkiet.

Jenssen fortel at det ikkje er sannsynleg at debatten løftast til eit så høgt politisk nivå i nær framtid.

– Den mest sannsynlege høvet til ei folkerøysting ville vore at ein komande monark bad om det. Dette har faktisk skjedd før; i 1905 skulle Carl av Danmark bli konge av Noreg og ba om ein folkerøysting for å sikre seg legitimitet.

Jenssen ser føre seg at Kronprins Haakon kan be om eit tillitsvotum som i 1905 viss kritikken mot monarkiet blir heftigere og talet på skandaler aukar.

– Likevel: SV reiser eit forslag på Stortinget kvart fjerde år om å avskaffe kongedømmet og innføre republikk. Det får litt fleire røyster for kvar runde, men dei er foreløpig milevis unna å endre Grunnlova eller å få gjennomslag, avsluttar han.

LES OGSÅ:  Mener Sit er for dårlig til å markedsføre psykisk helsetilbud

Powered by Labrador CMS