– Eg inviterer jo til at folk skal sjå på meg

Han er kort på sida og lang i toppen: Hei, sveis! Det er ein «mullet».

Publisert Sist oppdatert

– Ei venninne av meg sa: «Når du har bart og hockeysveis blir det så mykje. Eg veit ikkje kva eg skal sjå på», fortel Luca Krijger.

STOLT: Masterstudent Krijger er kry over frisyren sin.

Krijger tar master i Electric Power Engineering på Gløshaugen og har hatt mullet i kring tre år.

Mullet: Ei motehistorie av Ragnhild Brochmann

  • Gresk antikk

    Homer snakkar om villmenn med kort hår ved øyra og langt hår bak, medan den gresk-bysantinske akademikeren Procopius kunne fortelje om unge romerske villbassar som klipte ein såkalla huner-sveis når dei arrangerte kjerrekappløp for å sjå like frekke og freidige ut som den barbariske fienden.

  • Første verdskrig

    Kring første verdsskrig går håret inn i ein kort, nøktern form.

  • 60-talet

    The Beatles opnar ballet på 60-tallet. Folk, og ikkje minst foreldre og lærarar, blei gale og langt hår blei bannlyst ved ei lang rekke amerikanske universitet, medan klimaet her heime ikkje var særleg mykje venlegare innstilt.

  • 70-talet

    Takka vere ei lang rekke rocketroll som The Beatles, Rolling Stones og Rod Stewart, blir langt herrehår norm.

  • 1972

    David Bowie lanserar Ziggy Stardust med knallraud protohockey, og då er det gjort.

  • Seint 70-tal og tidleg 80-tal

    Hockeyen blir norm, for ulike typar som Gøran Sørloth og MTV-helten Pat Sharp.

  • 90-talet

    Hockeyen skil seg ut i den unge populærkulturen, men først og fremst som ein redusert rottehale, eller som det lange etterslepet til den ukule oppmannen på fotball-laget.

  • 1994

    Hockeyen blir av nokon omdøpt til mullet når Beastie Boys syng: «You want to know what’s a mullet? Well I got a little story to tell About a hair style, that’s way of life Have you ever seen a Mullet wife?»

  • 2024

    Mulleten blir eit symbol på å vere smått radikal og/eller «hip», samt å ha tilknyting til humaniora og venstresida.

– Det kjem frå at eg begynte å spele rugby. Eg såg ein kompis som hadde mullet og tenkte at det var jævlig kult.

No er eg skada og har ikkje spelt på ein stund, men det var i alle fall sånn det starta.

Krijger fortel vidare at mullet er ein del av rugbykulturen, og at håret er ein viktig identitetsmarkør.

– Håret blir ein måte å uttrykke seg på når eg ikkje har ein veldig utprega klesstil.

Uaktuelt med midtskil

Seniorstylist Ellen Andersen hos frisørsalongen Adam og Eva fortel at dei klipper få mulleter om dagen. Det går heller i dei klassiske frisyrane, men med ulike typar «fading».

– Ein klassisk frisyre har eit meir tidlaust preg og passar til fleire anledningar. Til dømes både jobbsamanheng og på privaten, og er difor litt meir fleksibelt enn dei såkalla trendy frisyrane.

På spørsmål om kvifor Krijger ikkje gjekk for den klassiske midtskilen, svarar han at det ikkje er like fint.

– Du mister den ekspressive delen av utsjåandet ditt. Eg kan ikkje stille meg bak det ein sånn sveis symboliserer og det vi som fellesskap forbinder med ein sånn midtskil. Det er alt for konformt.

Kunst- og motekulturhistorikar Ragnhild Brochmann bekreftar at utsjåande er med på å bestemme både identitet og tilhøyrsle.

– Utsjåande er ein måte vi flaggar tilhøyrsle med det miljøet vi ønsker oss eller har tilhøyrsle med, både bevisst og ubevisst.

Vidare siterer ho sosiologen Georg Simmel:

– Han seier at vi ønsker å høyre til og å skilje oss ut, og på den skalaen finst det mange ulike posisjoner.

Som Krijger peiker Brochmann òg på at hockeysveis og midtskil i våre dagar symboliserer vidt forskjellige ting:

– Hockey assosierast med å vere smått radikal og/eller «hip», og kanskje ha tilknyting til humaniora og venstresida. 90-tallsmidtskilen kan koplast til å lene seg lengre mot høgre, mot norm, handel, IT og hardare vitskapar.

Ho understrekar likevel at hockeysveis ikkje er utprega radikalt.

– Samstundes er det eit uvanleg val av hårfrisyre. Før i tida var valet av mullet som ein sprengladning, og i dag er det meir som å fyre av ein liten kinaputt ute på gata og flire etterpå.

Sjå på meg!

– Det er mange no for tida med kort hockeysveis og sånt, så for dei betyr det sikkert noko anna enn for meg. For meg er inspirasjonen det opprørske, rugbyen og 80-tals-looken.

Krijger fortel at det òg handlar om å skilje seg ut.

– Det er jo ein slags «be the centre of attention»-greie. Eg inviterer til at folk skal sjå på meg. 

Han vil at folk skal tenke over kvifor dei snur seg etter han.

– Frisyren min stiller spørsmål som: Kvifor skal alle sjå heilt like ut? Kvifor skal alle ha midtskil? Kvifor skal eg vere konform med eit skjønnheitsideal eg ikkje er eining i?

Krijger meiner at det har ein verdi at folk ser på han og blir nysgjerrig, men det er langt ifrå alle som kommenterer på sveisen.

– Eg får oftast kommentarar frå andre med hockeysveis, og eg har oftare blitt lagt an på av menn enn eg gjorde før. Eg veit ikkje om det seier noko om kva frisyren min signaliserer.

Uavhengig av mengda kommentarar uttrykker han stoltheit over frisyren sin.

– Den er kanskje litt rebelsk; eg har klippa meg sånn rett og slett fordi eg kan.

LES OGSÅ: Flere unge sigger på fest

Skuffa bestemor

– Bestemora mi liker ikkje håret mitt, men foreldra mine synast det er «lættis».

Vidare fortel Krijger om liberale foreldre som tenkjer det er ein fase og at det kjem til å gå over.

– Men det tenkjer kanskje eg òg. Det kostar meg lite å skilje meg ut no, men når eg skal ut i jobb blir det annleis.

Brochmann gir frisyren same beskriving: Foreldre i dag reagerer annleis enn besteforeldregenerasjonen.

– Foreldre vil i dag riste på hovudet og seie: «Herregud, at det er tilbake?», ikkje: «No må du pina døy skjerpe deg, du får ikkje jobb med det håret der!», som dei gjorde før.

Krijger seier at han trur ein må vere konform når ein skal inn i arbeidslivet, men at han ikkje har bestemt seg får å sneie sveisen heilt enno.

– Det står att å sjå kor mykje eg vil stå på mitt.

LES OGSÅFranske muldvarper og lyden av underverdenen

Død over «harry»

HIPPT: Estetikar Brochmann forklarar at mulleten dei siste tre–fire åra kan sjåast på unge, motebevisste folk.

Viss mastergraden til Krijger på eit eller anna vis skulle føre han inn i taxibransjen, kan Brochmann opplyse om at sveisen sannsynleg vis ikkje vil bli oppfatta som verken «harry» eller uprofesjonell.

– Om ein gammal taxisjåfør i Sauda skulle ha ein hockey no, ville det blitt oppfatta som nostalgi. Eller som ein triveleg anakronisme.

Brochmann forklarar vidare at omgrepet «harry» begynner å bli irrelevant i den stilpluralistiske kvardagen vår.

– I ei tid kor moten blir formidla så hardt og grundig frå alle baugar og kantar er sjansen for å vere genuint eksentrisk heftig redusert. Vi har jo pengar til å fornye oss kvar månad i tråd med motebiletet.

I frisørsalongen på Bakklandet har Andersen merka at dei gamle frisyrane er mindre eksentriske enn ein ofte trur.

– Dei gamle frisyrene kjem ofte tilbake, men gjerne med eit nytt namn på engelsk. Eit døme er «layers» som er ganske trendy no. Blant frisørar har det alltid heitt etasjeklipp, og det er mange som alltid har hatt det.

RELANSERING: Seniorstylist Andersen fortel at gamle frisyrar ofte kjem tilbake, men gjerne med eit nytt namn på engelsk.

Har dei kule gått vidare for lengst?

– Før var mulleten ein frekk, splitter ny og til då usett klipp, men seinare har den kanskje blitt utdatert og flau.

Brochmann forklarar at den utdaterte moten ofte appellerer til ein spesifikk gruppe menneske.

– Dei siste tre–fire åra er det unge, motebevisste folk, og ikkje minst gutar, som vel mullet som ein naturleg del av eit større motebilde, seier Brochmann.

Motebildet Brochmann sikter til handlar om bruktjakt i stiler frå 70-, 80- og 90-talet for å finne nye, logiske forlengingar av motebildet.

– Det er snakk om vide bukser med høgt liv og sleng, gamle posete skinn-jakker, lange skjerf, vestar, kortermede skjorter, og slips.

Brochmann forklarar vidare at det med desse plagga kjem ein tilhøyrande fascinasjon for andre fasetter det er lenge sidan moten har snust på, til dømes mulleten.

– Mulleten er såpass finurleg at han ikkje har vore sett i den unge populærkulturen sidan tidleg 90-tal.

Mulleten, som alle andre trendar, oppsummerer Brochman slik:

– Namnet, og den pinlege etter-klangen, kjem som alltid når eit fenomen er godt over middagshøgda og dei kule har gått vidare for lengst. 

Uansett om mulleten er kul, radikal, kledeleg eller allemannseie, får du i alle fall aldri eit nei frå frisøren. 

LES OGSÅHvordan skal du få den store kjærligheten til å vare?

Korleis klippe ein mullet sjølv:

Om studentbudsjettet ikkje strekker til, men mullet står øverst på ønskelista – frykt ikkje: Mullet til folket!!

Utstyr:

☺ Saks eller hårklippar ☺ Kam☺ Spegel (x2) ☺ Hårklips

1. Førebu håret:

Vask og tørk håret. Kamm det godt for å fjerne flokar.

2. Del håret:

Del håret inn i tre deler: Front: Del håret frå panna til bakhovudet, og fest sidene med hårklips. Midten: Dette er håret på toppen av hovudet, som du skal klippe kortare. Bak: Denne seksjonen er håret som skal vere langt, som du lar henge nedover ryggen .

3. Klipp front og sider:

Klipp håret framfor og på sidene til ønska lengde. For ein tradisjonell mullet er det vanlegvis kortare på toppen og sidene.

4. Klipp bak:

Samle håret bak i ein hestehale. Bestem kor langt du vil ha det, og klipp. Håret bak skal vere lengre enn det framfor.

5. Jamn ut:

Gå over frisyren og kontroller at overgangen mellom lengdene er jamn. For å mjuke opp overgangen , bruk saksa til å klippe vertikalt oppover i tuppane av håret i staden for å klippe rett over. Teknikken heiter «point cutting» og gir ein meir naturleg og mjuk overgang, slik at overgangen mellom det korte og lange håret ikkje blir for skarp. Klipp forsiktig, litt om gangen , til du er nøgd med resultatet.

6. Sjekk og juster:

Bruk spegla for å kontrollere at alt ser bra ut. Juster etter behov.

7. Styling:

Bruk stylingprodukt for å forme håret etter preferansen din .

Tips:

• Start med små klipp; det er lettare å ta meir hår seinare. 

• Sjå på videoar for visuelle referansar. 

• Ha tolmod og ver forsiktig! Lykke til!

*Instruksen er utarbeida av kunstig intelligens og kvalitetssjekka av redaksjonen.

Powered by Labrador CMS