URPREMIERE: Samtlege aktørar ser fram til å innta Gløshaugen i mars.

Vandreteater på Hovudbygget:
– Ikkje synonymt med teatersatsing

Måndag formiddag lanserer Trøndelag Teater eit nytt og spennende samarbeid med NTNU. Drama- og teaterstudentane reagerer.

Publisert Sist oppdatert

Rektor Tor Grande ved NTNU og teatersjef Elisabeth Egseth Hansen ved Trøndelag teater halde i dag ein presskonferanse for å kunngjere urpremieren på ei ny framsyning.

SAMARBEID: Trøndelag teater sin teatersjef Elisabeth Egseth Hansen seier at det var mannen hennar som foreslo å setje opp framsyning på Hovudbygget.
LETTBEDD: Rektor Tor Grande ved NTNU fortel at det var enkelt å seie ja til å samarbeide med Trøndelag teater.

Onsdag 12. mars kan ein for fyrste gong oppleve GLØS; ho er ei interaktiv vandreframsyning som vil finne stad i Hovudbygget på Gløshaugen.

– Utruleg glade for at NTNU vil leike med oss

– Det blir veldig spennande å sjå kva for inntrykk folk utanfor universitetet vil få av NTNU, seier Grande.

Rektoren kjenner seg overtydd om at framsyninga vil setje spor og skape engasjement blant heile Trondheims befolkning.

– Det er på tide at alle får oppleve landets flottaste bygg både på kryss og tvers.

Vidare fortel Hansen at teateret ønsker å nå eit breiare publikum og å senke terskelen for å gå på teater ved å flytte seg ut av sitt egent bygg. Etter ein lengre prosess er ho nøgd med valet.

– Vi vurderte fleire ulike scenar før valet fall på sjølvaste Hovudbygget. Det er bunden med både mysterium, trolldom og det underlege, noko som òg skin igjennom framsyninga.

Ho seier at samarbeidet med NTNU er godt og understrekar at målet er å opne både universitetet og teateret opp til resten av byen.

– Vi er utruleg glade for at NTNU vil leike med oss, seier Hansen.

Interaktivt teater for alle

Framsyninga er tilverka av Dewangen produksjoner for Trøndelag Teater med regissørene Cici Henriksen og Claire de Wangen i spissen. Dei spesialiserer seg på interaktivt teater og har fokusert på å lage ei framsyning i og for bygget.

NÆRMAR SEG: Regissør Claire De Wangen (t.v.), lysansvarleg Tommy Geving og regissør Cici Henriksen fortel at prøvane allereie er i gong.

– Vi forskar på format der publikum ikkje skal sitje trygt. Dei er nøydd til å ta med seg kroppane sine rundt i bygget og møte framsyninga sjølv, fortel DeWangen.

Ho seier at framsyninga vil vere som ei omvisning med fire grupper parallelt. Gruppene vil derfor få særeigne vinklar og perspektiv i møte med dei ulike karakterane. 

– Dette formatet vil óg gi publikum anledning til å sjå mykje av Hovudbygget.

De Wangen fortel at dei forskar på kva eit teater kan vere og at dei starta med å tenkje på korleis ein forheld seg til kunnskap i dag. Deretter har dei spurt ulike menneske kva dei veit om sjølve bygget.

– Vi har kombinert reint oppspinn med heilt ekte tankar og refleksjonar rundt kva dette bygget er, leggjer Henriksen til.

LES OGSÅ: NTNU vil at de skal bryte reglene, arkitektstudentene vil lære dem

Oppfordrar NTNU til å vere meir opne

Serine Augusta Bryne er leiar for Teaterlosjen, linjeforeninga for drama og teater, og synast det er spennande at Trøndelag teater skal innta Gløshaugen.

KRYSSER FINGRANE: Drama- og teaterstudent Serine Augusta Bryne håpar at den praktiske delen av utdanninga ikkje blir innskrenka.

– Teater som er tilgjengeleg for alle er viktig for at fleire skal få spennande teateropplevingar. I tillegg er det kult at institusjonsteateret bevegar seg ut av dei «trygge rammene». 

Likevel understrekar ho at samarbeidet ikkje er synonymt med ei større teatersatsing frå NTNU si side.

–Tvert imot. Vi har nettopp kjempa fleire kampar for å hindre at utdanninga vår blir nedlagd, opplyser Bryne.

Bryne trekker fram tidlegare forslag om å splitte Institutt for kunst- og medievitskap (IKM) og kampen om å få halde til i same bygg som dei andre kunstfaga i samanheng med den framtidige campussamanslåinga. 

– Studentane opplever at dei planane som blei lagt fram er det motsette av å prioritere teater, seier ho.

Ho håpar likevel på å sjå meir av slike samarbeid og tilføyer:

– Eg vil oppfordre NTNU til sjå på dette som ei moglegheit til å vere meir opne og gå meir i denne retninga i vidare utdanningssatsing òg.

Høg stykkpris per student

Instituttleiar Tore Kirkholt ved IKM forstår bekymringane til studentane, men ser mykje meir optimistisk på framtida til drama- og teaterutdanninga. 

KOSTESAMT: Instituttleiar ved IKM Tore Kirkholt er kjend med at dei utøvande faga er i ein utsett posisjon i høgare utdanning.

– Frå mitt synspunkt er det ikkje så dramatisk. Det var ein føresetnad at det vart laga eit godt alternativ for IKM om Institutt for musikk skulle ta over vår plass i bygget for kunstfag, utdyper Kirkholt.

Han påpeiker at dei tre planlagde teatersalane i Sentralbygget er ei satsing, som innfrir behovet til dei praktiske faga ved IKM. Vidare understrekar Kirkholt at det ikkje er ein løyndom at dei praktiske faga kostar meir enn teorifaga. 

– Dei utøvande faga har høg stykkpris per student og krev ei heilt anna oppfølging kontra teorifag der ein kan fylle ein heil forelesingssal.

Kirkholt understrekar at dei utøvande faga ikkje bidrar til den same praktiske inntekta som teorifaga og at dette er ei problemstilling som finst i heile landet.

– Eg forstår bekymringa til studentane, men eg ser positivt på framtida og dei planane som er lagt for utdanninga, avsluttar han.

LES OGSÅ: Her er det lørdag hele uka

Powered by Labrador CMS