OPPLEVDE STOR UTRYGGLEIK: Kirkvold hadde eigenleg lagt eksamenen bak seg heilt til ny sensur kom i februar.

1400 studentar fekk uløyseleg eksamen

NTNU får stadig kritikk for å ikkje overhalda sine eigne sensurfristar, men i år var det ikkje sein sensur som var den styrste kjelda til misnøgje.

Publisert

Kvart år tek ein haug med gløsingar grunnkurs i informasjonsteknologi (ITGK). Under eksamen i haust fekk 1400 studentar utdelt ein eksamen der den eine oppgåva ikkje gjekk an å løysa. 

Rune Hjelsvold, nestleiar for utdanning ved Institutt for datateknologi og informatikk, seier at studentane vart opplyste om dette under eksamen, etter at 230 studentar allereie hadde brukt tid på å prøva å løysa oppgåva. 

– Dette var ein glipp hjå oss, som vart forsøkt retta opp under eksamen, og sensor vart bede om å taka omsyn til at nokre hadde brukt tid på denne oppgåva.

Særskild sensorrettleiing for 230 studentar

Løysinga til instituttet var å laga ei ny alternativ sensurrettleiing for den uløyselege oppgåva som skulle brukast berre for dei 230 studentane som hadde svart på den.

– Her kunne ein få utteljing for kunnskap ein klarte å visa gjennom forsøket på å svara på oppgåva. Sensorane måtte vurdera kva for kompetanse og forståing ein kan sjå i svaret på oppgåva som ikkje let seg løysa.

Men då eksamenssvara skulle sensurerast, vart berre den opphavlege rettleiinga teke i bruk, og dei 230 som skulle vurderast etter dette skjemaet fekk feil poengsum.

– Den enklaste måten å retta opp i dette var å trekka attende alle dei 1400 karakterane, etter råd frå dei som administrerer eksamenssystemet, fortel Hjeldsvold.

Karakterane vart trekte den 15. februar og lagt ut på nytt den 16. februar. Men allereie 14. og 15. februar hadde dei 230 fått e-post om at dei skulle få nye karakterar, noko som skapte forvirring og håp hjå dei som ikkje skulle få ny karakter.

LES OGSÅ: Eit studiepoeng: 60 timar eller 60 minutt

Håpte på betre karakter

Stella Kirkvold studerer fysikk og matematikk ved NTNU og var ein av studentane som tok ITGK i haust. Ho tykkjer at det var kjipt at det gjekk so lang tid før sensuren kom og at det var so mykje att og fram med karaktersetjinga.

– Me fekk i utgangspunktet sensur 26. januar, sjølv om fristen var 15. januar. Men i februar var det fleire som fekk e-post om at ein ny karakter var publisert. So vart alle karakterane trekte attende, før alle vart publiserte på nytt 16. februar.

Sidan det tok so lang tid, og sidan dei endelege karakterane kom langt ute i neste semester, hadde ho nesten lagt eksamenen bak seg og allereie rokke å gløyma oppgåvene på eksamen.

– Og so kom ny sensur ganske plutseleg dette semesteret.

Ho seier at alle som fekk endra karakter heldigvis vart vippa opp, men at det var ein stor utryggleik og at mange gjekk og håpte på å få betre resultat. Mange av dei som ikkje fekk ny karakter vart skuffa.

– Eg og mange andre håpte sjølvsagt på at me skulle få ein høgare karakter, og sjekka e-posten vår dagleg fram til resultatet vart publisert på nytt, seier Kirkvold.

Ikkje nøgde med oss sjølve

Hjeldsvold stadfestar at ingen vart vippa ned, og seier at forsinka sensur er noko dei ikkje klarar å unngå.

INGEN YNSKJESITUASJON: Hjeldsvold skjønar at det var ein kjip situasjon for studentane.

– Det er mange studentar, og det er vanskeleg å levera på tida.

Han seier at dei prøvar å verta betre på å overhalda sensurfrist.

– Men me har ikkje lyst til å laga ein rein fleirvalseksamen eller annan sjølvrettande eksamen.

Hjeldsvold seier at han skjønar korleis dette kunne skapa utryggleik for studentane. 

– Dette var ein heilt ny situasjon for oss, og me ser at det kan henda me skulle hatt ein alternativ prosedyre for å opplysa om trekkinga av karakterane.

Han seier at det ikkje er tvil om at alle kunne tent på å vita kva som hende.

– Eg skjønar veldig godt at det var ein kjip situasjon for studentane. Me burde vore raskare på banen, og er ikkje fornøgde med tidsbruken vår på å trekka inn karakterane og publisera dei nye. Men aller helst skulle me vore utan heile problemet.

– No er det to ikkje heilt like eksamenar som er avlagde, men dette var den beste måten me kunne retta det opp på.

LES OGSÅ: Her er de nye studentene i Sits styre

Sensorane oppdaga feilen

Det var sensorane som oppdaga at dei hadde fått feil skjema til dei 230 studentane som hadde svart på oppgåva.

– Viss ikkje sensor hadde oppdaga feilen, trur eg at nokre av studentane ville klagd, og då ville nok me ha oppdaga at dei hadde brukt feil skjema. Viss ikkje sensorane eller studentane hadde oppdaga feilen, ville nok karakterane vorte ståande, fortel Hjeldsvold.

Men han er glad for at det vart oppdaga av sensorane, viss ikkje ville dei nye karakterane kome endå seinare.

Han seier at det er nokre studentar som har klaga på karakteren sin so langt, men at fristen for å klaga endå ikkje er gått ut. Han opplyser at dei som klagde før dei nye karakterane vart lagde ut, skal få lov å velja om dei vil trekkja eller oppretthalda klaga si.

– Det var 15 studentar som ringde oss og var bekymra etter at karakterane vart publiserte for fyrste gong, men me opplevde ikkje det som klaging.

Skal betra seg

– Me veit at eksamen og karakterar tydar mykje for studentane og at det er mange som brukar mykje tid på det, so dette er ingen ynskjesituasjon for oss. Det er tydeleg at me ikkje har klart å førebyggja utryggleik i denne prosessen.

Viss noko liknande hender ein gong til, vil dei varsla alle som har avlagt eksamen, ikkje berre dei som skal få ny vurdering.

– Me kan berre leggja oss flate. Me burde vore tydeleg ovanfor alle som tok eksamen om kva som var grunnlaget for at nokre fekk ny karakter. Mangel på informasjon skapar stress.

Vidare seier han at dei arbeider med ei organisatorisk endring, der fleire av dei store emna med mange studentar skal få ei felles faggruppe som evaluerar undervisninga og prosedyrene i faga.

– Og so skal me sjå på korleis ansvaret for feil er fordelt.

LES OGSÅ: KI-ekspert Inga Strümke: Drit i karriereplanlegging

Powered by Labrador CMS