Equinor har vore hovudsamarbeidspartneren til UKA sidan 2007.

Equinor avsluttar samarbeidet med UKA

Dette er i fylgje Equinor på grunn av ein ny samarbeidsprofil.

Publisert Sist oppdatert

I februar tok Samfundet stilling til kor vidt fossile selskap skulle få lov til å samarbeida med Samfundet sine organisasjonar. Storsalen vedtok at dei skulle få halda fram med det, med ei røyst overvekt. No er det Equinor som trekkjer seg ut.

Equinor har vore hovudsamarbeidspartneren til UKA sidan 2007.

– Bra at me fekk beskjed i god tid

Monica Rolfsen er leiar i Finansstyret, som har ansvaret for økonomien til Samfundet. Ho tykkjer at det er fair at Equinor trekk seg ut av samarbeidet.

– Me fekk eit førehandsvarsel, og eg hadde fått ein indikasjon på at ting var under revidering. Equinor har vald å gjera om på heile profilen sin for samarbeid.

Ho seier at det er bra at UKA fekk beskjed i god tid før UKA-25.

– Det er over eit år til UKA og då har ein tid til å finna nye løysingar. Eg er glad for at meldinga kjem sopass tidleg. Då er det greitt å handtera.

Rolfsen er glad for samarbeidet med Equinor sidan 2007.

– Og no er me berre nøydde til å forhalda oss til dette.

Det verste, seier ho, hadde vore viss samarbeidet hadde vorte avslutta frå Samfundet si side rett før UKA.

SER IKKJE MØRKT PÅ DET: Rolfsen trur ikkje at prisane kjem til å gå opp på Samfundet som fylgje av at Equinor trekk seg frå samarbeidet med UKA.

– Slik heldt det på å gå før UKA-23, då det kom opp eit resolusjonsforslag på eit Samfundsmøte. Det ville vore eit problem fordi me allereie hadde booka artistar og budsjettert med pengar frå Equinor.

Ho seier at UKA kan vera nøydd til å taka ned kostnadane.

– Ein lyt taka litt mindre risiko.

LES OGSÅ: Enno har Noreg og NTNU skitne band til Israels ulovlege okkupasjon

– Ser ikkje mørkt på situasjonen

Rolfsen fortel at ho ikkje ser mørkt på situasjonen.

– Eg har stor tiltru til at UKA klarar å tilpassa seg. Eg trur dessutan det kan vera lettare å finna ein ny hovudsamarbeidspartner når ein ikkje allereie har ein. Det er lettare å vera med når ein er partner nummer éin, ikkje nummer to eller tre.

Men ho ser føre seg at støtta frå ein potensiell ny samarbeidspartner kan koma til å vera mindre.

– Tilskotet frå Equinor var betydeleg. Men det er jo mogleg å samarbeida med fleire enn éin.

Ho seier at det kan henda at UKA er nøydd til å kutta som fylgje av at Equinor trekk seg.

– Overskot er ikkje berre eit spørsmål om inntekter, men òg om utgifter. Me stiller ei forventning om eit overskot på so og so mange kroner som me budsjetterer med. Men korleis UKA leverer det er opp til dei.

Samfundet har allereie sett på alternative inntekter etter at Nybygg opna.

– Store delar av bygget står tomt mykje av tida. Me har lokale som kan nyttast til konsertar, konferansar eller julebord for å få inn leigeinntekter.

Ho trur ikkje at UKA vert ein mindre viktig del av økonomien til Samfundet, men seier at det er viktig at ein har meir enn éin kanal for inntekt.

– Me jobbar mellom anna med å få fleire til å verta medlem og koma på konsertar.

Trur ikkje at det vil påverka prisane

Rolfsen trur ikkje at denne saka kjem til å påverka prisane eller det økonomiske sjølvstendet til Samfundet.

– Me lyt halda eit konkurransedyktig nivå. Om me prisar oss ut, går medlemmane våre til andre konkurrentar. Me ser jamnleg på kva som er rimelege prisar, både på øl, mat, arrangement og andre produkt.

Men viss økonomien vert trong, ser ho at det kan vera ein fare.

– Viss me har underskot og samtidig ein stor bygningsmasse er det ein fare for konkurs. Difor er me opptekne av å ha ei streng økonomistyring. Jobben vår i Finansstyret er å vera dei kjipe som av og til seier nei for å sikra at me kan ha eit uavhengig Studentersamfund i framtida òg.

LES OGSÅ:  Nestleder mener NTNU har blod på hendene

Planlegg å gjennomføra alle dei store hovudprosjekta

TIDLEG BESKJED: Lindeman er glad for at Equinor gav tidleg beskjed om at dei ville avslutta samarbeidet.

Selma Lindseth Lindeman er sjef for UKA-25. Ho stadfestar at ho fekk vita om at Equinor trekk seg frå samarbeidet for ei stund sidan.

– Det at dei sa i frå so tidleg gjorde at me har tid til å finna nye løysinger i tide.

UKA planlegg framleis å gjennomføra alle dei store hovudarrangementa.

– Det vert både Dødens dal og revy, for å seia det slik. Per no er me i ein intern prosess med å sjå på korleis me kan gjera ting. Me vil sjå på kva me kan tilby og korleis UKA kan sjå ut.

Dei har ein ambisjon om at det skal merkast lite at samarbeidet er avslutta.

– Me ser etter nye avtalar som passar inn med det me ser føre oss. Me er avhengige av slike avtalar for å kunna taka risikoen ved store arrangement og satsingar.

Lindeman trur ikkje det vil verta store endringar ved UKA.

– Men me er nøydde til å få eit overblikk over organisasjonen og sjå om me kan løysa ting på andre måtar. Me er nøydde til å tenkja nytt.

Ho seier at Finansstyret endå ikkje har sett ei forventning til UKA-overskotet.

– Det er litt tidleg å seia endå, men målet er å leva opp til forventningane same kva dei vert.

Ho utelukkar ikkje samarbeid med andre selskap som driv med fossilt brensel.

– Me stiller oss bak det Storsalen har vedteke, som er at me ikkje skal samarbeida med selskap som produserer våpen.

LES OGSÅ:  Jobbet uten kontrakt og lønn for NTNU

Powered by Labrador CMS