Etter halvtanna år er Samfundets digitale valsystem klart
No er det snart slutt på urneval på papir på Studentersamfundet. Ny løysing blei testa på tysdag.
Våren 2023 vedtok Samfundets generalforsamling å opne for eit digitalt valsystem til bruk ved avstemmingar på Studentersamfundet. IT-komitéen på Samfundet (ITK) har brukt halvtanna år på å utvikle det nye systemet og har no endeleg fått testa det i praksis under valvaka for det amerikanske presidentvalet.
Ella Johanne Devold er PR- og kommunikasjonsansvarleg i Styret på Samfundet. Ho kan fortelje at det nye systemet er vellukka.
– Vi er veldig nøgde og glade for at det var så mange som var med å teste det, seier ho.
Under koronapandemien blei det midlertidig brukt eit digitalt valsystem. Då kunne ein stemme heimefrå over nett ettersom det var avgrensa kor mange som hadde lov til å vere fysisk til stades i Storsalen.
– Det nye systemet er bygd på det fra pandemien. Den viktigaste endringa er at ein no må vere i Storsalen for å kunne stemme, fortel Mikkel Bergstrand som er leiar av ITK.
Det nye valsystemet gjer at du kan stemme på medlemssidene til Samfundet.
– Når ein skal stemme går ein opp til eit bord der ein møter tellekorpset, ITK og Rådet for å skanne medlemskortet sitt, slik at det blir registrert i medlemsdatabasen at ein er til stades.
Devold fortel at det nye systemet reduserer tida ein brukar på oppteljing av stemmer betrakteleg, og dermed antal folk dei treng å ha på jobb.
Truleg klart for bruk til vårens leiarval
Devold kan fortelje at styret planlegg å bruke det nye systemet til dei neste leiarvala på Samfundet og Isfit, men at det framleis er litt som står att.
– Vi fekk ikkje testa ut valbås, som er ei ordning for dei som har gløymt telefon eller ikkje har registrert medlemskortet sitt, forklarar ho.
Vidare kan ho fortelje at Rådet og ITK skal godkjenne systemet før det kan takast i bruk.
ITK-sjef Bergstrand fortel òg at nettopp ordninga med valbås har vore den største utfordringa i arbeidet. Men på spørsmål om han har tru på at systemet er klart for vårens val, svarar han:
– Vi har stor tru på det!