Leiar

På tide å løfte blikket ut av navlen, NTNU

Universitetet bør utdanne folk med brei kunnskap om verda, ikkje endå fleire USA- og EU-ekspertar.

Publisert

I denne utgåva av Under Dusken kan du lesa om tre studentar som synes NTNU er for eurosentrisk. Dei meiner at pensumet på fleire av studieretningane på Dragvoll er unyanserte og utelukkar ikkje-vestlege perspektiv. Studentane er bekymra for at mangelen på fagleg breidde gjer dei til dårlegare akademikarar. Blir me rusta til å møte ei verd som blir stadig meir globalisert? 

I kjølvatnet av det amerikanske valet har me sett at det ikkje skortar på USA-ekspertar. Tilnærma alle studentar på statsvitskap har ei meining om kva som feilar det amerikanske samfunnet og korleis topartisystemet øydelegg demokratiet. Kan dei peike på tilsvarande karakteristikkar ved det politiske klimaet i India – verdast mest befolka land og verdas femte største økonomi? Kan filosofistudentane seie like mykje om Konfutse som Aristoteles? 

Emneskildringa til bachelorløpet i statsvitskap legg vekt på at dette er eit studium som handlar om politikk på tvers av landegrenser. Når pensum nesten utelukkande består av europeiske og nordamerikanske tenkarar sender det litt andre signal. Dei fleste av oss ser nok viktigheita av å kjenne litt ekstra godt til historia til vårt eige kontinent og landa me har samhandla mest med. Likevel har ingen historiske utviklingar oppstått i eit vakuum. 

Som lektorstudent Håkon Eriksen poengterer, blir me stadig meir integrert i eit verdssamfunn, kor dei internasjonale og tverrkulturelle relasjonane blir meir og meir relevante. Me skal ikkje gløyme vår norske og europeiske historie av den grunn, men må byrje å sjå oss sjølv som ein del av noko større. 

Kor mykje kunnskap me har om andre folk, skikkar og levemåtar formar korleis me møter menneske i kvardagen. For å forstå vår eigen kultur er det viktig å sjå han i lys av samfunn som er annleis enn vårt. Kanskje er det på tide at fleire av studieretningane nytter dei antropologiske brillene og legg etnosentrismen til side.

LES OGSÅ:  Ny solidaritetsleir for Palestina på Gløshaugen

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS