Sit vil ha dobbel fadderuke til høsten:

REFUSJONSFADDERVEKE: Sidan førsteårsstudentane i fjor haust ikkje fekk ei ordentleg fadderuke, opnar Sit for at dei kan få ei ny til hausten.

Sit ynskjer «dobbel» fadderveke

- Håpar nivået av festbråk ikkje gjentek seg, seier leiar for velforeining.

Publisert Sist oppdatert

Tysdag 2. mars hadde formannskapet i Trondheim Kommune møte kor blant anna Sit var invitert til å orientere om studentane sin situasjon under pandemien.

I den forbindelse fortalte administrerande direktør Audhild Kvam i Sit at dei såg for seg at ein kunne få til ei dobbel fadderveke for å kunne gje eit nytt tilbod til dei studentane som starta i fjor.

Dette ynskjer dei å få til med middel frå krisepakka for studentar, som Stortinget vedtok tysdag 23. februar.

Studentane som starta i fjor er fadrar i år

Leiar Elias Riskild for linjeforeininga EMIL hadde ikkje høyrd om forslaget frå før. Han seier at tanken er god, men at det er vanskeleg å sjå føre seg korleis dette skal gjennomførast i praksis.

– Fadderbarna frå i haust er dei som skal vere fadrar i haust, seier han.

Han trur at middel til ei dobbel fadderveke kan vere positivt, men mange linjeforeiningar har ei slik løysning at fadrane utelukkande er andreårsstudentar.

LES ÒG: – Jeg tror det vil komme fram at studentene er mer ensomme enn før pandemien

Meir festbråk enn tidlegare år

Bebuarar på Møllenberg har uttrykt bekymring knytt til auka festbråk under fadderperioden i fjor. Jon-Arild Johansen er leiar for Møllenberg og Rosenborg velforening. Han seier at dei i haust opplevde mykje meir bråk enn tidlegare år knytt til faddervekene.

– Vi håpar dette nivået av festbråk ikkje gjentek seg, og vil gjerne ha dialog med både Sit og linjeforeiningane for å kome fram til gode løysningar, seier han.

Ikkje ei faktisk dobling av faddervekene

Idéen og omgrepet dobbel fadderveke kom som ein respons på spørsmål frå formannskapet kring oppstarten for studentane i fjor.

Administrerande direktør Audhild Kvam i Sit presiserer at det ikkje treng handle om ei reell dobling av fadderopplegget i dei vanlege faddervekene. Ho ynskjer å kome fram til gode alternativ for å få integrert studentane i studiemiljøet, og vil gjere dette saman med linjeforeiningane.

– Vi er bekymra basert på undersøkingar som viser at studentane som starta i haust opplever meir einsemd og mindre tilhøyrsle, seier Kvam, og sikter til både Studiebarometeret og undersøkingar som Sit har utført.

Ho informerer om at midla frå krisepakka som no er vedteke på Stortinget kan nyttast til ekstra tiltak for desse studentane. I tillegg kjem middel til å tilsette studentar i deltidsstillingar. Kvam ser òg føre seg at desse kan nyttast til å arrangere aktivitetar for blant anna desse studentane.

Når det gjeld festbråket treng ikkje dette å aukast ytterlegare av eit slikt tiltak, ettersom det som nemnd ikkje treng å gjennomførast som ein reell ekstra fadderperiode. Kvam opplyser om at Sit ikkje er i dialog med bebuarorganisasjonane.

– Det bør vere dialog mellom bebuarane og linjeforeiningane som arrangerer faddervekene for å løyse støyproblematikken, seier ho.

Powered by Labrador CMS