Neon: B-Boy Myhre

Starta dagen med eit snilt pang!

Publisert Sist oppdatert

Oslorapparen har sluppe musikk med høg frekvens sidan «Harley» kom ut i 2019 med svært positiv kritikk i det norske rapmiljøet. Han er dessverre ein av mange som ikkje har fått møtt publikum så mykje (grunna restriksjonar), og difor fått spart opp ein heil haug musikk som eg har gleda meg til å høyre live. Han serverer musikk frå det første til siste han har gitt ut og stiller rett og slett råsterkt i byen som stort sett hatar hiphop.

LES OGSÅ: Astronomisk fra Karpe

Heile Noreg sin favoritt b-boy er først ut og sjølv med dei få som er kome i tide får han eit pangstart med «Bank». B-Boy har crowdcontrollen inne, det noko ferske talentet har vore hypeman for Cezinando og det merkes at han forstår kva triks som skal til og når han skal ta dei i bruk. Han går ikkje i overkant, og treff spikeren perfekt som første artist og difor oppvarming for den stjernepakka kvelden vi har føre oss.

LES OGSÅ: Råsterk prestasjon frå stjerneskotet

Likevel er det kvaliteten på musikken som dreg showet lengst. Publikum klikkar i det kvar beat startar, her har Trondheimsfolket øvd grundig. Det er ikkje ei vanskelig oppgåve med bangers som «Harley», «GTA» og «Action Man». B-Boy spelar alt det beste, og gir oss til og med upublisert musikk! Her fell puggarane av og tek Øya-praten som aldri før, men til og med då er det klart at B-Boy har ein sterk fanbase som dansar med og kosar seg.

Powered by Labrador CMS