SUKSESSOPPSKRIFT: Billig øl og god stemning er blant noen av momentene ved Mormors suksessoppskrift

Trivelege mormor

Anmeldelse: Å finne fram til mormors stue er ikkje den enklaste oppgåva i verda, men det er verkeleg verdt leitinga.

Publisert Sist oppdatert

Klokka er ni ein torsdags kveld, og med ein gang eg går inn i gangen, verkar det stille og folketomt. Dess lenger inn i lokalet eg går, dess høgare vert lydnivået. I andreetasje finner man ein haug med studentar, og ein haug med øl. Tre mannlege byggstudentar sitt på eit bord og ein høyrer at stemninga er på topp.

– Vi har vore på bedpress, og forsett drikkinga her. Det er ikkje så ofte at vi tek turen hit, men det er ein bra plass å ta eit par pils, før ein tek turen vidare «ut på livet», der den skikkelige festen er, fortel dei lattermildt.

Hør også Radio Revolts reportasje fra Mormors.

Sjarmerande dårleg

Først må ein gå inn ei skummel bakgate, rett ved sidan av munkegata. Har ein ikkje vore her før, skulle ein ikkje tru at ein finn Trondheim koslegaste kafe bak døra.

Lokalet består av fleire små og store rom, over to etasjer. Borda er plassert tilsynelatande tilfeldig rundt på golvet, og både stolane og borda er gamle og knirkete. På veggane heng det bilete av brudepar, gardsdyr og ukjende, lykkelege familier. Det ser virkeleg ut som ein har gått rett inn i ei stove som ikkje har blitt pussa opp sidan viktoriansk tid.

Ingen rølpefyll

Førtifire kroner for ein halvliter, heimekoseleg lokale, smilande personale og gode bollar, er grunnar som går igjen når eg spør dei besøkande om kvifor dei har valgt å komme akkurat hit.

Ein av dei negative tinga som vart sagt om plassen, er at stengetida er så tidlig som klokka 24.

– Grunnen til dette, er at vi ikkje ynskjer å vere ein «rølpeplass». Målet vårt er at det skal vere kosleg å sitje her å ta seg litt å drikke og ete, og kunne snakke saman. Terskelen for å verte kasta ut herfra er mykje lavare enn den er på typiske «uteplassar», og det er nettopp for å behalde den rolege atmostfæren, fortel ein tilsett.

Det er i utgangspunket stille i den store stua. Dei som driv plassen har bestemt seg for å ikkje overdøve den gode samtalen med musikk, noko som i utgangspunktet kan vere bra. Det negative med dette, er at det er lett å legge merke til dei som er på god veg til å verte fulle. Frå mange bord er latteren og praten umogleg å ignorere, og denne vert høgare i løpet av dei timane eg er der. Det at Mormor serverar byens sannsyneligvis billigaste øl, vil eg tru har noko med saken å gjere.

Gjengangar

På kveldane er det stort sett studentar ein møter på, men i følje kveldens servitøse, Henriette Otnes, er det svært varierande kven som stikk innom på dagtid.

– Det er ei heilt anna atmostfære her då. Vi har alt frå gamle pensjonistar som har blitt gjengangarar. På laurdagar er det fullt av småbarnsfamilier som kjem for å ete mat. Vi har kakebuffet her kvar søndag, og av ein eller anna grunn, så har denne blitt veldig populær hjå utvekslingssstudentane i byen. I eksamenstida kjem det mange studentar som nyttar seg av det at vi har gratis påfyll av kaffi, og dei sitt her ofte fleire timar kvar dag.

Mormors Stue passar perfekt for deg som har lite pengar igjen på kontoen, og ynskjer ein kosleg kveld på byen.

Powered by Labrador CMS