Leiar

Siste skanse – samarbeidet må stanse

No har det snart gått eit år sidan krigen i Palestina braut laus. Enno har Noreg og NTNU skitne band til Israels ulovlege okkupasjon.

Publisert

Då Studentar for Palestina slo leir på Gløshaugen i mai stilte dei fire krav til Styret ved NTNU: at dei ikkje inngår nye institusjonelle samarbeid med Israel, fordømmer Israels angrep på sivile i Gaza, bidreg til gjenoppbygginga av utdanningsinstitusjonar på Gaza, og avsluttar samarbeidet med Kongsberg gruppen fram til dei sluttar å selje våpen og våpendelar til Israel, enten direkte eller via tredjeland.

I løpet av tida protestantane har budd på campus har tre av fire krav blitt innfridd, men det siste, og tyngsvegande, manglar enno: at dei bryt bandet med Kongsberg gruppen.

9. september skreiv NRK at Kongsberg gruppen er blant fleire nordiske selskap som bidreg til produksjonen av F35-flya som deltok i angrepet på flyktningleirane i Al-Mawasi i Gaza 13. juli, som skal ha drepe 90 personar.

Produksjonen av kampflya skjer gjennom eit samarbeid med ein amerikansk produsent. Sjølv om Kongsberg gruppen ikkje handlar direkte med Israel, står dei fritt til å selje våpen til USA utan slutterklæring, altså utan ein garanti for at kjøparen ikkje sel vidare.

LES OGSÅ:  Nestleder mener NTNU har blod på hendene

At det er fleire ledd mellom utviklinga og bruken av våpena, gjer ikkje våpena mindre medverkande i menneskerettsbrot.

FN oppfordrar land til å vera påpasselege med kven dei indirekte forsyner med  våpen, sidan «leveransar av våpen og ammunisjon til Israel kan utgjere alvorlege brot på menneskerettar og humanitær folkerett».

Så lenge regjeringa eller Kongsberg gruppen sjølv ikkje tek dette på alvor, bør institusjonane som forvaltar samfunnets verdiar og kunnskap vise handlekraft. Derfor er det akutt nødvendig at NTNU revurderer samarbeidet med Kongsberg gruppen, inntil dei kan vera sikre på at dei ikkje medverkar til folkemord.

No pakkar Studentar for Palestina saman telt og hengekøyer. Det betyr ikkje at kampen er over. Nestleiar i Studenter for Palestina, Lise Behne Eie, seier til Under Dusken at dei vil fortsette å legge press på universitetet og ta i bruk nye metodar.

Fram til no har organisasjonen fått løyve til all protestverksemd, men uttrykker at dei er klare for å ta i bruk sivil ulydigheit. At NTNU-styret er uvillig til å sette studentanes krav på agendaen viser at tida er inne for det.

No har NTNU høve til å vise kva «kunnskap for ei betre verd» betyr. Og studentane har høve til å kreve det.

LES OGSÅStudenter for Palestina blokkerte stand: – Ulovlig protest

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS