![UNG OG LOVANDE: Eit tilbakeblikk frå Hoels fyrste intervju som nyvalgt leiar i Noregs
mållag i 1999. Her avbilda i Norsk tidend, mållagets eiga avis.](https://image.underdusken.no/329922.webp?imageId=329922&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=83.86&width=960&height=548&format=jpg)
Hei og ha det, Oddmund Hoel
Den tidlegare utdanningsministeren kjem frå Trondheim, var student på Dragvoll og drog på Samfundet alt som videregåandeelev. Hels på Oddmund Hoel.
For drøyt eitt år sidan var det dramatikk kring statsrådsposten ved forsking og høgare utdanning: Sandra Borch vart ferska i fusk i masteren hennar, og måtte med det gå av. Så kom ein ny kar inn, Oddmund Løkensgard Hoel.
Ja, du kjenner vel namnet, eller? Ifølge Sentio er det tvilsamt. Spørjeundersøkinga fortel nemleg at han ikkje er noko særleg kjent for oss studentar. Berre tolv prosent av oss kjenner han ved namn, altså éin av åtte.
Så eit intervju høva vel godt, når ein ser på tala. Og det skal vel ikkje vera vanskeleg å aktualisere heller. Trondheim, NTNU og utdanningssektoren er ikkje framand for mannen, som i januar feira eitt år med statsråd som virke. Det blei hans einaste.
![TRONDHEIMAR: Oddmund Hoel (t.h.) har vakse opp i byen, og
studerte her også. Her saman med sine sysken Kari (t.v.) og Jostein
på Utsikten ved nedre del av Byåsen.](https://image.underdusken.no/329910.webp?imageId=329910&width=960&height=548&format=jpg)
Trondheimer og Dragvollstudent
Oddmund vokste opp i Fagerlia i Trondheim, og har vandra sine barnesko i byen. Også vidaregåande skule tok han ved Adolf Øiens, og avsluttet i 1987. «RUSS87», som han sjølv kaller seg her.
Det stod då duka for eit val av studium. Ikkje drog han langt, for det var vel berre opp bakkane til Dragvoll. Han tok Nordisk språk og litteratur, med historie som mellomfag.
– Eg hadde ei veldig, veldig fin tid som student på Dragvoll. Og Trondheim har eg alltid syntest var ein fin by. Både i oppvekst og som studerande. Han fortel at med både far og farfar som juristar, låg det eigentleg i korta å gjera liknande karriereval.
Men interessa hans blomstra fyrst og fremst i retning av språk.
![RUSS87: Allereie på vidaregåande var Hoel tidt og ofte
innom Samfundet. Han fortel at det gav god grunn til å byrja
og studere i byen.](https://image.underdusken.no/329909.webp?imageId=329909&x=0.00&y=8.04&cropw=100.00&croph=81.57&width=960&height=1172&format=jpg)
– I utgangspunktet hadde eg ikkje andre tankar enn at eg skulle bli advokat. Men så blei eg interessert i språk, og det var vel staka veg for eit slikt val. Dessutan måtte eg finne på noko å gjera før eg skulle i militæret.
Mor hans hadde også ei viktig rolle her. Ho var på den tida lærar i norsk, seinare vart ho også professor ved NTNU. Torlaug Løkensgard. I dag er ho professor emerita i norsk didaktikk.
– Ho er definitivt ein faktor som forklarer kvifor eg er her i dag. Eg har nok med ein tung ballast frå ho.
Sjølv tok han også ein professorgrad i historie, og disputerte på Dragvoll. Deretter fekk han ei fagstilling ved Høgskulen på Vestlandet, som han fram til no har vore i permisjon frå.
LES OGSÅ: Campussamlingen setter Dødens dal i fare
Elskov med nynorsk
Hans sanselegheiter for språk var også sterkt knytta til nynorsk. For han er i dag målmann, og har også fleire år bak seg i mållaget. Interessa starta allereie på ungdomsskulen.
– Eg var alltid han som forsvarte nynorsken på ungdomsskolen og vidaregåande. Og det var jo også egentlig byrjinga på det politiske engasjementet mitt. Eg meldte meg inn i Norsk målungdom, og midt oppi det heile var det EU-kampen som stod i sentrum.
Han fortsett:
– Vi var ein av mange organisasjonar som var på neisida, og det blei her ein breiare allianse, der vi fikk veldig mykje kontakt med andre ungdomsorganisasjonar og ungdomsparti. Så det blei jo også ein inngang til eit breiare politisk engasjement her.
Sidan då var han leiar av Noregs mållag i 1999, og meldte seg inn i Senterpartiet i 2003. Same året kom han inn i kommunestyret i Luster kommune.
Ekstremt skippertaksstudent
I snakk om politiske verv og karriere, står ein framleis att med fleire spørsmål om kven denne mannen er.
– Samfundet. Var du medlem?
– Absolutt. Eg var medlem, og var veldig mykje der i studietida. Også før, faktisk. Då eg gjekk på vidaregåande var Samfundet noko av det mest attraktive vi kunne gjera. Så eg var nok ein av dei meir irriterande elevane som hadde begynt å gå på Samfundet for å menge seg med studentar.
– Mykje tid på Samfundet, seier du, og kanskje noko meir utsatt lesing? Som studentar har me ofte tilnamna skippertaksstudenten og den meir snusfornuftige. Kven var du?
– Då var eg nok meir av den flittige sorten, for eg synes faget var veldig artig. Det var spanande å være student, og eg las jamt og trutt. Heldigvis fortel han vidare at det ikkje alltid var ein dans på rosar.
For studentlivet vart etterkvart bytta ut med verneplikt. Han fortsette då også å studere, men med i ein litt annan takt.
– Då var eg i helt andre enden av ytterenden, ekstremt skippertaktsstudent. Eg kan rapportere om at det stort sett gjekk dårleg.
– Og moralen er …?
– Ja, eg må vel kanskje seia at det er å studere jamt og trutt, framfor å basere seg på at det er enkelt å ta igjen det du har forsømt. Men det er ikkje eit veldig originalt råd, då. Det er jo det studentene høyrer heile tida.
– Men har du nokon råd?
– Eg vil først og fremt seia at studentar
blir bombardert med gode råd. Eg har
ikkje lyst til å moralisere. Men skal eg
komma med noko, så er det å fokusere på
å ha det godt. Viss ein ikkje har det godt,
så blir ein ofte ein dårlegare student.
Slike ting heng i saman.
![MÅLMANN: Hoel, frå då han var nestleiar i Noregs mållag.
Organisasjonen hadde sett seg mål om å få opp medlemstalet.
Her saman med Remi Moen, tidligere kontormedarbeider i
Mållaget.](https://image.underdusken.no/329908.webp?imageId=329908&width=960&height=548&format=jpg)
Tilbake til kjende trakter
– Du har no vore ministaren vår i eitt år. Har du det godt?
– Det kjennast veldig bra. Eit stort privilegium. Å få lov til være øverste leder for forskning og høgare utdanning har vore utrolig givende. Under Dusken snakka med Hoel før Senterpartiet sa farvel til regjeringssamarbeidet.
Hoel er no på veg ut av politikken, og er ferdig med rolla si som minister. Vi tok igjen kontakt.
– I denne bransjen veit vi at vi må ta ein dag om gangen. Eg har hatt tre og et halvt år i politisk leiing og er veldig godt fornøgd med jobben vi har gjort. Det har vært spanande og gjevande, og sjeldan har Senterpartiet fått gjennomslag for meir av politikken vår i regjering. Det er eg stolt av.
Han er i permisjon frå arbeidsplassen hans ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), men planane er framleis i det opne for Hoel.
– No skal eg ta ein prat med HVL om
kva vi skal gjera no når permisjonen
løper ut. Det kom nok litt brått på
arbeidsgjevaren også. Eg vil av private
årsaker flytte til Trondheim etter kvart,
og kjem då til å sjå meg om etter eit
levebrød som gjør dette mogleg.
LES OGSÅ: Trondheim pride i fare for å avlyses – etterlyser studenter