Trondheimsstudenten:

ISFiT er i gong: Hels på presidenten
Aurora Kolstad vil bidra til å løyse alle utfordringane verda står overfor. Nå leiar ho verdas største internasjonale studentfestival.
På mange måtar kan Aurora Kolstad kategoriserast som ein heilt vanleg trondheimsstudent. Sivilingeniørstudenten har gått på fotofagskulen, hatt ei rekke verv og blitt heimekjær på Studentersamfundet.
Ikledd tursko frå Scarpa og raudt skjerf sit ho på Edgar på det runde raude. Ho smilar bredt, truleg fordi det nærmar seg ISFiT – ein festival ho har jobba mot dei to siste åra.
LES OGSÅ: ISFiT-25: – Vil være den som åpner hjemmet sitt
Ein uheldig tittel
og ein ivrig president
Kolstad pratar varmt om festivalen og beskriv ein kvardag med mange ulike arbeidsoppgåver.
– Det er mykje representasjonsarbeid, økonomiarbeid, møte med ulike organisasjonar og oppfølging av både styret og dei frivillige.
Sjølv om ho er ung har ho følt seg trygg i leiarvervet, og oppfordrar andre til å ha sjølvtillit på tross av alderen.

– Det er berre å rette seg opp i ryggen og komme inn med same innstilling som alle andre.
Ho fortel ivrig om presidentvervet, sjølv om ho synest presidenttittelen er litt uheldig etter innsettinga av Trump som amerikansk president i januar i år. Ho stilte sjølv med temaet «Power» i 2023, men synast det er noko ironisk med å vere leiar under eit slikt tema.
– Eg og styret tenker på det på kvart møte. Ein blir jo ekstra bevisst når det er sjølve hovudtemaet, seier Kolstad og ler.
Bakgrunnen for valet er samtalar med ein drøss av deltakarane under dei førre ISFiT festivalane. Uansett kven ho prata med, gjekk samtalen tilbake til å handle om korleis store maktstrukturar påverkar dei.
– Ved å utforske desse maktstrukturane, håpar eg at ein kan føle seg modig nok til å vere med og endre dei. Å bli med å kritisere og problematisere.
Ho set ekstra pris på dei frivillige og rosar dei for måten dei har vore med på å utvikle og avgrense temaet på.
– Temaet har vakse utover det eg trudde det kunne. No har vi ein festival med fokus heilt frå stor geopolitisk makt, ned til små mellommenneskelege nivå.
Den beste motgifta
mot alt vondt
Festivalklare Kolstad føyer seg rett inn i rekka saman med andre trondheimsstudentar som elskar å bruke tida si på frivillige verv.
– Då eg kom til byen, kjende eg med ein gong at dette er ein stad eg vil engasjere meg. Men at det skulle bli så mykje, hadde eg ikkje forventa.
Bak seg har ho fire ulike verv både frå UKA og ISFiT, og har vore alt frå PRsjef til rekneskapsførar.
– Det finst så utruleg mange prosjekt det er gøy å vere med på, og i presidentrolla får eg litt av alt.
Ho fortel at frivilligheita har gitt ho hennar aller beste venner og har mykje å takke ho for.
– Å bli kjent med fleire folk er eigentleg den beste motgifta vi har mot alt vondt i verda, viss det er lov å seie.
LES OGSÅ: Foreslår å kutte tilleggspoeng kraftig: – Går på bekostning av studiemiljøet
Å dra ut i verda
Dei siste fem åra har gjort Kolstad utruleg glad i byen, sjølv om ho er vaksen opp i hovudstaden – nærmare bestemt på Hellerudtoppen med to veslesystrer, mamma og pappa.

– Mamma og pappa har alltid vore interesserte i språk og kulturar, så vi har på ein måte blitt oppfostra på desse interessene.
På vidaregåande fann ho eit likesinna miljø og ein omgangskrets der det var rom for å finne ut kven ein var gjennom å prate saman.
– Eg gjekk på Oslo katedralskole, og der var det god kultur for å prate om politikk og å utfordre kvarandre. Vi var alle nysgjerrige og villige til å diskutere.
Den same nysgjerrigheita førte ho til USA på utveksling og seinare til Trondheim for å studere industriell økonomi og teknologileiing. Ho fortel om ein oppvekst der dei har prioritert å reise, framfor å til dømes ha båt og hytte. Begge foreldra har sjølv budd utanlands og ønska at døtrene deira skulle sjå verda.
– Foreldra mine møtte kvarandre faktisk på utveksling i USA, noko som har ført til fleire turar dit for å besøke vertsfamilien til mamma.
Mormonarar, kulturkrasj, og
reint A-snitt
Som 16 åring gjekk Kolstad i fotspora til foreldra og drog på utveksling til California.
– Det var eit openbert stad for meg å dra. I tillegg var det ein stad der det var stort å drive med basketball, som var min store kjærleik på vidaregåande.
På utvekslingsåret stifta ho langvarige venskap og fekk oppleve ein heilt annan kultur. På skulen opplevde ho store ulikheiter, både sosialt og økonomisk.
– Eg hadde medelvar som kom frå ein familie i toppen av kulturbransjen i Los Angeles, medan andre familiar hadde foreldre som mangla opphaldstillating.
Medelevane hadde eit stort fokus på oppnå eit reint A snitt. Ho kan fortelje at det var heilt openbert at nokon hadde økonomi til å gå vidare på enkelte skular, medan andre ikkje.
– Eg trur det gav meg eit heilt nytt perspektiv på kor viktig det er med gratis utdanning.
På heimebane venta det òg ein ny kultur då vertsfamilien hennar viste seg å vere mormonarar. Det gav ho både verdifull innsikt og kulturelle utfordringar.
– Det var ikkje slik at dei ønskte å konvertere meg eller noko, men det var jo noko eg ikkje hadde innsikt i frå før av.

Ho beskriv dei som veldig opne og fine menneske, til tross for ein restriktiv livsstil. Til dømes hadde dei ikkje lov til å drikke kaffi.
– Dei hadde kjøpt inn ein eigen kaffimaskin til meg og eg var jo 16 år gammal og drakk ikkje kaffi i det heile tatt.
Vidare fortel ho at ulikheitene førte til interessante samtalar, blant anna om religion og verdispørsmål.
– Det var jo kulturkrasj, sjølv om dei fleste levereglane deira var greie å forhalde seg til.
Ho forklarar at det var ein del politiske skiftingar som prega California på den tida. Det var noko heilt spesielt å få med seg konsekvensane av dette gjennom menneska rundt ho, kontra nyheitene.
– Det er jo heile poenget med ISFiT, at ein skal klare å sjå på nye problemstillingar gjennom historiene til andre menneske, og ikkje berre det du les på nettet.
Usikker, men ubekymra
Når festivalen er over, ventar ein rolegare kvardag på Kolstad. Dei to siste åra har ho nemleg lagt ganske mykje på hylla til fordel for ISFiT for å få mest mogleg ut av presidentvervet.
– Sett i retrospekt har det vore
heilt riktig val, for eg har fått oppleve
så utruleg mykje spennande og
utfordrande.
Ho er usikker på, men ikkje bekymra for, vegen vidare.
– Alt er veldig ope. Det kan hende at det blir utanlands eller ein heilt annan stad. Eg må bli ferdig med ISFiT først, og så kan eg begynne å tenke på det.
Tanken på eit roleg år er derimot lite tiltalande, og ho trur nok ho aldri kjem til å ha ein tom kalender.
– Kjenner eg meg sjølv rett, hoppar eg nok på no anna rett etterpå, men heldigvis har eg gode venner og folk som kan prate fornuftig med meg ein gong iblant.
Likevel vil ho ikkje beskrive seg sjølv som eit ja menneske, og trur ikkje ho seier meir ja enn dei fleste andre.
– Eg er berre så utruleg nysgjerrig,
så eg leiter alltid etter moglegheiter for
nye opplevingar. Og så er eg generelt sett
ganske positivt innstilt til det meste.
Ein viktig lærdom
Sjølv etter mange verv, året på fotofagskulen og nesten fire år på NTNU, har ikkje Kolstad ein spesifikk draumejobb i sikte.
– Eg håpar at vegen blir til mens eg går. Det eg veit er at eg likar å jobbe prosjektbasert, og trivst med eit høgt tidspress og at det kokar litt. Slike ting er viktig for meg, ikkje akkurat kva det er.
I tillegg meiner ho det er viktig å sjå på dei store internasjonale spørsmåla og håpar å jobbe internasjonalt.
– Ein må passe seg for ekkokammera og komme seg ut i verda, rett og slett.
Likevel kokar det ned til at ho ønsker å jobbe med noko ho brenn for, og synast detaljane er mindre viktig.
– Eg treng det å brenne for noko. Det har eg lært av ISFiT.
Å dytte verda i riktig retning
Til tross for ein uklar draumejobb, er Kolstad klar på kva ho brenn for og kva ho ønsker å utrette.
– Eg har lyst til å vere med på å løyse alle dei store utfordringane verda står overfor og spele min lille del i det. Dytte verda riktig i retning, i alle fall.
Ho trur at løysinga ofte handlar om samarbeid, forståing, diskusjon og teknologi. I tillegg er det viktig å sjå på det større bildet i ein travel kvardag.
– Eg håpar eg kan få folk til å løfte blikket litt. Som student er det ofte utruleg mykje som skjer og livet er stadig i endring. Då er det lett å gløyme kor heldig ein er som bur i eit så trygt og godt land som Noreg.
Ho oppfordrar folk til å tenke litt ekstra på det under festivalen, og seier seg fornøgd om arbeidet med ISFiT kan vere med på å skape verdifulle menneskemøte.
– Eg håpar eg er med og skapar bra
opplevingar og at folk føler seg litt meir
«empowered».
LES OGSÅ: ISFiT beæret årets fredsprisvinnere i Olavshallen