Kjære studerande: Snart skal du atter bli student
Det er viktig å ikkje gløyma kva som ventar oss når unntakstida er over.
Når me no går ut av mars, er det på tide å tenka på markeringa av eit jubileum me kjenner så alt for godt til. Denne gongen tenker eg faktisk ikkje på korona, men heller at det no er eit heilt år sidan me har vore skikkelege studentar.
«Høiskolen vil gjøre dere til studerende, vi, Samfundet, vil gjøre dere til studenter». Slik kling dei kjende orda frå den fyrste formannen på Samfundet, Edgar B. Schieldrop. Det siste året har me i all hovudsak berre vore studerande. No vel eg å tru at me nærmar oss tidspunktet der me endeleg kan ta studenten i oss tilbake.
LES OGSÅ: Studenter i Trondheim må betale mer for strøm enn andre studenter
Året som har gått har vore tungt, og studentane har vore ei spesielt utsatt gruppe. Me treng motivasjon gjennom å bli minna på kor fint det å vera student er utanom unntakstida. No må det vera lov å byrja å gleda seg til betre tider.
Sjå for deg at du igjen står i ein stappfull Storsal. Du står i ei tett og svett klynge av studentar utan munnbind. Idioten bak deg kastar ølet sitt i lufta og ølregnet treff deg midt i ansiktet. Me held rundt kvarandre og syng med for full hals. Akkurat no er det ingenting som freistar meir.
Igjen skal me ta tilbake våre rare tradisjonar. Snart er det igjen tid for badekarspadling på elva, medan Pirum et bankemiddag og studentar strøymer til Samfundet ikledd toga. Trondheim skal igjen verkeleg få merka at det er ein studenterby.
LES OGSÅ: UKErevyen Vivillé vant flere priser under NM i studentrevy
Me skal igjen møtast med ein klem og ikkje berre ei klein albogehelsing. Endeleg skal me sørga for at tidlege morgonar heller er seine kveldar. Me skal til slutt kjenna at koronadugnaden var verdt det, og at me har fått vår djupt sakna studentfridom tilbake.
For det kjem ei tid der me ikkje lenger treng å vera redd for anna enn klein småprat når nokon set seg ved sida av oss på bussen. Me skal sleppa å vera redde for å gå på arrangement i frykt for at kvisspremien er to veker i karantene. Ord som kohort, einmetersregel og sosiale nærkontaktar skal bli minner om ei tøff tid som heldigvis er forbi.
No er me i innspurtsfasen, og må halda ut den siste tida. Hald motet oppe, for snart skal me stå i studentergalla, sabla champisen og synga Nu Klinger i det me saman kryssar målstreken. Saman skal me snart ta studenten i oss tilbake.