Samfundetleiar: Det er de som gjer Noregs beste studieby

Takk til deg som ikkje har latt pandemien knekka engasjementet.

Publisert

Trondheim er stolt over å kunne kalla seg Noregs beste studieby. Sjølv om mykje har vore annleis i året som har gått, vil eg likevel tørra å påstå at me har levd opp til dette. Det er takka vera frivillige studentar.

Me har eit imponerande lappeteppe av små og store organisasjonar som jobbar på dugnad for å skapa trivsel og studentvelferd i Trondheim. Dette er noko ein fort kan ta som sjølvsagt etter fleire år som student i byen, men det er viktig å minna oss sjølv på at denne dugnadsånda verkeleg er unik.

LES OGSÅ: MTV's første musikkvideo - "Video killed the radio star"

Sjølv koronadugnaden klarte ikkje knekka studentengasjementet. Det siste året har alt vore snudd på hovudet, ingenting har vorte som forventa, og studentane er hardt råka av nedstengingar og restriksjonar. Eg opplev likevel at studenterdugnaden på trass av alt framleis har stått overveldande sterkt.

Studentane tar korona på alvor, men me undervurderer heller ikkje kor viktig samhaldet under pandemien er. Dette kjem tydeleg fram gjennom skremmande statistikkar over kor mange studentar som kjenner seg åleine under pandemien. Eg opplev at dette er noko studentmassen tar veldig seriøst, og at me saman er genuint bekymra for kor stor andel det er som no kjenner seg utanfor. Heldigvis stoppar det ikkje med bekymringa, men mange tar saman i eit tak for å gjera det me kan for å betra situasjonen.

LES OGSÅ: MMA: Verdens ærligste idrett?

Studentar strekker seg langt for å skapa eit tilbod til sine medstudentar på trass av restriksjonar. Linjeforeiningar heiv seg rundt og arrangerte smittevernvenlege fadderveker, ISFIT skapte ein heildigital festival for studentar over heile verda og våre kjære frivillige på Samfundet er grunnen til at me har kunna halda huset ope under pandemien. Me har saman skapt eit tilbod, på trass av at me har vore slitne etter evige utsetjingar, avlysningar og digitaliseringar.

Eg vil no nytta høvet til å takka alle som har tatt i eit tak. Takk til alle som har engasjert seg: både i frivilligheita, men også i det meir kvardagslege. Takk til deg som arrangerer Zoom-festen for klassen, men takk også til deg som sendte vidare lenka og drog med den som trengte det mest. Det er de som gjer Noregs beste studieby.

Powered by Labrador CMS