Ikkje la avslaget knekka engasjementet

Rekordopptak. Eit ord som burde få UKA og Samfundet til å spretta champisen, men slik er det ikkje lenger.

Publisert

UKA og Samfundet har eit luksusproblem. Igjen er køen for å bli frivillig hos oss lenger enn nokon gong tidlegare. Me er utruleg takksame for alle som ynskjer å leggja sitt engasjement i våre organisasjonar. Likevel har også denne medaljen ei tydeleg bakside.

Rekordopptak er diverre synonymt med at det er enda fleire som får avslag i år enn i fjor. Det er alltid vondt å sende ut avslagsmail til alle dei som ikkje kom gjennom nålauget, men i år er det særskild vanskeleg.

Einsemdstala var skremmande før korona, no er dei høgare enn nokon gong tidlegare. Me veit at mange treng noko givande å fylla kvardagen med. Me veit at mange treng ein arena for å møta vener, når studiebyen ellers er stengt.

Avslag kan alltid vekka ei kjensle av skuffelse, og det er ikkje rart om det er ekstra kjipt no. Likevel håpar me de klarar å ikkje ta det personleg. Me hadde overflod av flotte, flinke og engasjerte studentar som ville bli frivillige. Prioriteringane i gjengane var knallharde, og me stod ovanfor mange vanskelege val. Det at du ikkje fekk ein plass denne gongen, tyder ikkje at det ikkje er plass til deg i frivilligheita i Trondheim.

Vår oppmoding til dykk alle er å ta med dykk engasjementet vidare og utforska mylderet av frivillige organisasjonar i Trondheim. Ikkje la skuffelsen hindra dykk i å prøva igjen. Det er mange fantastiske initiativ å velja mellom, og for å få eit overblikk kan du sjekka ut oversikta til NTNU her.

Draumen er å ha plass til fleire frivillige. Dette er heldigvis ein draum som snart går i oppfyllelse. Nybygg på Samfundet vil gi rom for fleire frivillige både på Samfundet og i UKA. Dette er nok ei mager trøyst for dykk som ikkje kom med no, men de skal likevel vita at dette er noko me jobbar på spreng for å endra. Allereie til UKA-23 vil det vera plass til og behov for langt fleire frivillige som kan fylla Huset med fest og glede.

Me håpar at du vil få mange gode opplevingar på Samfundet og UKA, sjølv om du ikkje vart tatt opp som frivillig no. Vit at du alltid er velkommen til å søka igjen, og på trass av at dugnadskøen er lang, så er tilboda våre opne for alle byens studentar.

Powered by Labrador CMS