Engasjementet er større enn Huset

I løpet av dei neste dagane vil fleire enn nokon gong før få avslag på søknaden sin frå Studentersamfundet. Då er det viktig å vita at det finnes mange andre moglegheiter der ute.

Publisert Sist oppdatert

Det har vore mykje spenning knytt til korleis årets opptak på Studentersamfundet ville gå. Kor mykje ville ein pågåande pandemi påverka engasjementet til vårt runde raude hus? Svaret har kome: Fleire enn nokon gong tidlegare har søkt om å vera interne på Samfundet dette semesteret. Det er me utruleg takksame for.

Det er sjølvsagt stas med rekordtal og ei stadig aukande interesse for å bidra på Samfundet, men medaljen har også ei bakside. Diverre har ikkje huset vårt plass til alle desse søkarane, og rekordtal fører også med seg ein rekord av kor mange som vert skuffa når dei vert kontakta med beskjeden om at dei ikkje har fått ein plass denne gongen.

Me har eit luksusproblem - me har ei overflod av engasjerte, flotte og ivrige studentar som vil leggja si fritid og sitt engasjement hos oss. Diverre er det så mange som ynskjer å bidra at det ikkje er plass til alle på Samfundet. Om du er mellom dei me ikkje fann plass til denne gongen, er det viktig å hugsa på at du ikkje er åleine om dette. Det har aldri før vore vanskelegare å koma gjennom nålauget enn no.

Bergekulturen i Trondheim: Samfundets «D» er borte

Det er lov å vera lei seg og skuffa over at ein ikkje vart tatt opp. Avslag er alltid vanskeleg. Likevel håpar eg at skuffelsen ikkje hindrar deg i å fortsetja å søka deg inn i frivilligheita. Me er inne i eit semester der det sosiale kan vera ekstra vanskeleg. Det er ikkje like lett å koma i kontakt med folk med ein meters avstand. Difor er det ekstra viktig å finna noko ein likar å driva med på fritida. Studietida er verkeleg det perfekte tidspunkt for å prøva noko nytt og annleis, og moglegheitane er mange, Sjølv om du kanskje må leita litt, så finnes det ein gjeng for alle der ute.

For heldigvis tyder ikkje eit avslag frå Samfundet at ein ikkje kan ta del i den fantastiske studentfrivilligheita Trondheim har å by på. Det finnes eit mylder av ulike organisasjonar der ute, både små og store. Akkurat no ligg det mellom anna ute opptak til festivalane på Samfundet: UKA og ISFiT, med eit drøss av kule verv ein kan søka på.

Sjølv om du ikkje vart tatt opp som intern, håpar eg framleis at du kjem til å få mange gode minner på Samfundet i løpet av det komande semesteret. For Samfundet er ikkje berre for sine interne, men av og for alle våre medlemmer. Huset er litt ditt, uavhengig om du har keychain rundt halsen eller ikkje.

Les også: Slik blir du en superstudent (satire)

Powered by Labrador CMS