– Plastkoppar handlar om tryggleiken til gjestane
Tyrste, men klimabevisste studentar på Samfundet opplever å få ølen sin servert i plastkoppar.
Dette til trass for at Samfundsmøtet 25. Mars i fjor erklærte klimakrise. 99% av forsamlinga støtta resolusjonen.
I resolusjonen stod det mellom anna at å løysa denne krisen bør vera sitjande, og framtidige regjeringer sin øverste prioritet.
Harald Træet Lægreid er gjengsjef i kafé- og serveringsgjengen, som har ansvaret for serveringa på Samfundet. Han seier at ølen som oftast serverast i glas.
– På kvardagane serverer me normalt ølen i glas so langt dei rekk.
Problemet er, seier han, at glasa av og til ikkje strekk til. Då kan eingongskoppar avlasta.
– På Nybygg har me ikkje nok glas, og for me jobbar framleis med rutinene for å få vaska alt i dei vaskemaskinene me har. Eg veit ikkje sikkert kva som er grunnen til at nokre gjestar ikkje har fått glas, men eg reknar med at det kan vera ein av desse to grunnane.
I helgene er det standard å servera ølen i plastkoppar etter klokka 21.
– Det er tryggare for gjestane. Me har ein del fulle gjestar, og opplever ofte at koppar mistast, til dømes i tråppene. Det hadde vore kjipt viss det var glas som vart knuste.
Han veit ikkje kor mange plastkoppar som seljast.
– Men dei pantast i alle fall til leverandøren og resirkulerast.
Rami Chumber, leiar av Studentersamfundet, seier at Samfundet er brennande oppteke av både miljømessig og sosial berekraft.
– I strategien me vedtok i generalforsamlinga i april var ei av målsetningene klima, miljø og etikk. Under dette kjem vareforbruk, energiforbruk og at me på sikt ynskjer å vidareutvikla rutiner for avfallshandtering.
Han legg, som Lægreid, vekt på at koppane pantast og gjenvinnast, og at bruken av plast handlar om tryggleiken til gjestane
– Og tryggleik er i høgaste grad ein prioritering for oss.
Nicolay Bruusgaard, presseansvarleg i Ringenes, som leverer og gjenvinn koppane, seier at koppane får nytt liv.
– Dette går gjennom Infinitum, og dei vert til nye koppar og flasker.
For å auka levetida til dei nye koppane og flaskene, tilsetjast 20% ny plast.F– Det er det mest optimale for levetida til flaskene og koppane, fortel Bruusgaard.
På spørsmål om kor vidt det er berekraftig å tilsetja ny plast, som aukar mengda plastikk, svarar han at alt som kan resirkulerast, berre kan resirkulerast eit avgrensa tal gonger.
– Då me starta med gjenvinning av flasker, brukte me 100% resirkulert plast, men gjekk ned til 80% etter råd frå Infinitum. Resirkulert plast er uansett det materialet med lågast CO2-fotavtrykk.
LES OGSÅ: Tre madrasser fikk kunstpris