Vinn 2x2 billettar til Silvana Imam

KONKURRANSE: Dette vil, nei, dette KAN DU IKKJE gå glipp av! Silvana Imam gjestar BrukBar/Blæst 8. april og to heldige sjeler kan vinne to billettar til konserten.

Publisert Sist oppdatert

Ho er født og oppvaksen i Sverige med ei mor frå Litauen og ein far frå Syria. Ho rappar over råe beats og spyttar ut tekstar av ei anna verd, og det låtar så sinnsjukt bra. Hennar etterlengta debutalbum er eit blodferskt faktum og ho kjem for å ta verda og Trondheim med storm, fredag 8. april. Du kan gle deg.

BrukBar/Blæst, i samarbeid med Radio Revolt sin helgeprimer Nesten Helg, loddar ut to par billettar til to vinnarar. Det einaste du treng å gjere er å trykke «like» på Facebooksida til Nesten Helg samt svare på dette spørsmålet:

I kva kategori vann Silvana Imam svensk Grammy i fjor?

Svaret sender du saman med kodeord «RR» og namnet ditt til 2030 (5,-). Du kan også sende svart i e-post til nestenhelg@radiorevolt.no

Søk opp Radio Revolt på din DAB+ radio alle fredag kl. 15-17 for å lytte til Nesten Helg. Komande fredag trekk me vinnarane av denne konkurransen under sending. Som vanleg vil du også få digg musikk, noko skitprat og generell og jovial oppvarming til helga. Tjohei!

Powered by Labrador CMS