Vinn 2x2 billettar til Band of Gold

KONKURRANSE: Sit ikkje der og grin fordi du ikkje har råd til å fare på denne skatten av ein konsert. Du kan jo vinne to billettar av oss!

Publisert Sist oppdatert

Nemlig. Radio Revolts helgeprimer Nesten Helg, i samarbeid med BrukBar / Blæst deler no ut TO billettar til TO heldige vinnarar. Som BrukBar / Blæst skildrar det sjølv kan ein vel vanskelig tenke seg eit meir treffande namn på eit band. Det består av nokre av landets fremste musikarar med fartstid i blant anna Bigbang, Motorpsycho og Jaga Jazzist. Det heile starta som eit låtskrivarprosjekt mellom Nina Mortvedt og Nikolai Hængsle Eilertsen. Debutplata såg dagens ljos i oktober i fjor og dei gjorde blant anna ein fabelaktig konsert under UKA i fjor. Komande fredag kl. 21 står dei endeleg på scena att her i byen for å gjere deg litt lukkelegare.

Det einaste du treng å gjere for å bli den heldige vinnaren er å trykke «like» på Facebooksida til Nesten Helg, samt svare på dette spørsmålet: Kva heiter debutalbumet til Band of Gold? Svaret sender du saman med kodeord «RR» og namnet ditt til 2030 (5,- per sms). Du kan også sende svaret på e-post til nestenhelg@radiorevolt.no.

Nesten Helg har livesending alle fredagar på Radio Revolt mellom kl. 15-17. Så skru på din lekre DAB+ radio og søk oss opp. Du vil då få vite kven som er dei svinheldige vinnarane av denne konkurransen, og du vil i god Nesten Helg-ånd få jordnær skitprat og digg musikk.

Powered by Labrador CMS