Vinn to billettar til Egil Olsen

KONKURRANSE: Kva med å nyte fredagskvelden med deileg musikk på Byscenen? Bli med i Nesten Helg sin feite konkurranse der du kan vinne to billettar til unge og lovande singer/songwriter Egil Olsen sin konsert!

Publisert Sist oppdatert

Ooh this happened (on a cold summer night at ocean sound recordings) er den lange og sjarmerande tittelen på det nye livealbumet til Egil Olsen. Mon tru om ikkje det er akkurat slik han kjem til å presentere låtene sine på fredag?

– Sjølve låta kjem litt meir i fokus når du stripper den ned til (nesten) berre gitar og vokal, seier guten sjølv. Dette er noko å glede seg til!

Det einaste du treng å gjere for å delta i konkurransen er å sende sms med kodeord «RR» og namnet ditt til 2030, og svare på dette spørsmålet; Kva er namnet på studioalbumet Egil Olsen slapp tidlegare i år?

Du kan også sende svaret på e-post til nestenhelg@radiorevolt.no

Høyr på denne vekas sending av Nesten Helg for å finne ut om nettopp du blir den heldige vinnaren. Programmet går som vanleg av stabelen fredag frå klokka 15-17, og blir sjølvsagt fullt av studentnytt, god musikk, skitprat og anna gøy! Du treng berre å søke opp «Radio Revolt» på den skinnande flotte DAB-radioen din.

Powered by Labrador CMS