Vinn to billettar til Fay Wildhagen

KONKURRANSE: Jess, dette vil du ikkje gå glipp av! BrukBar / Blæst saman med Radio Revolt sitt Nesten Helg deler ut to billettar til Fay Wildhagen sin konsert komande fredag!

Publisert Sist oppdatert

Ho er Noreg sitt nye, heite og purunge poptalent. Hennar vakre stemme og frysningsframkallande gitarspel kan du sjekke ut på debutalbumet, Snow som kom i juni i år. Sidan då har ho farta høgt og lågt i vårt ringe land, og på fredag kjem ho for å ta kanskje nettopp deg med storm på BrukBar / Blæst! Det einaste du treng å gjere for å delta i konkurransen er å svare på dette spørsmålet; Kva er Fay Wildhagen sitt fulle namn?

Svaret saman med kodeord «RR» samt ditt eige namn sender du på sms til 2030. Du kan også sende svaret på e-post til nestenhelg@radiorevolt.no

Nesten Helg er Radio Revolt sitt startskot på helga. Denne vetle festen går som den pleier på fredag mellom 15-17. Sendinga vil vere full av god musikk, glimrande humor, kanskje nokre kjekke gjester og andre sprell. Så søk opp Radio Revolt på din lekre DAB-radio og høyr sendinga live på fredag for å finne ut om du blir den heldige vinnaren av konkurransen. Du kan også lytte til Nesten Helg når det måtte passe deg ved å klikke her.

Powered by Labrador CMS