Vinn to billettar til Rumble In Rhodos

KONKURRANSE: Det oslobaserte indierockbandet Rumble In Rhodos takkar for seg etter 12 år på vegen. Nesten Helg saman med Brukbar / Blæst gir deg no sjansen til å vinne to billettar til avskjedkonserten deira komande fredag!

Publisert Sist oppdatert

Bandet melder at den dagen arbeidet ikkje var lystbetont lenger skulle dei gi seg. Dagen har kome snikande, og etter eit lite knippe konsertar skal dei no sette strek. Brukbar / Blæst oppfordrar til å ikkje gå glipp av aller siste sjanse til å oppleve denne norske rockesensasjonen, som altså er på fredag, klokka 21. Det einaste du treng å gjere for å vinne er å svare på dette spørsmålet: Kva heiter debutalbumet til Rumble In Rhodos?

Svaret sender du på SMS med kodeord «RR» til 2030, eller på e-post til nestenhelg@radiorevolt.no.

Vekas sending av Nesten Helg går som vanleg av stabelen på fredag klokka 15 til 17. Det blir hyggeleg oppvarming til den kjærkomne helga. Søk opp Radio Revolt på DAB-radioen din og høyr på live for å finne ut om nettopp du blir den heldige vinnaren av konsertbillettane!

Powered by Labrador CMS