Konkurranse: Vinn billettar til Sigurd Julius og Woodland på Blæst!

Fyrstkommande fredag på Blæst står Sigurd Julius og Woodland på scena, og du kan vinne billettar til deg og ein venn!

Tekst: Kjersti Anderdal Bakken, Radio Revolt

Sigurd Julius er eit navn mange har merka seg dei siste åra. Tekstane, melodiene og ikkje minst den sarte stemma har imponert både kritikarar og publikum.

Trondheimsbandet Woodland har rykte på seg for å vere eit fantastisk liveband. Kvintetten gir deg ein upolert og rå blanding av amerikansk blues, country og rock.

Sigurd Julius og Woodland spelar på samme scene, samme kveld, her i Trondheim, fyrstkommande fredag! Banda som under Trondheim Calling 2013 spelte fletta av alle i publikum og fekk gåsehuden til å sprette fram.

Popstase, popmusikkprogrammet i Radio Revolt, har no ein konkurranse gåande, der premien er to billettar til konserten på Blæst 19. april. Det du må gjere er å svare på fylgjande spørsmål:
Kven er arrangør av denne konserten, og kva kallast dette konsertkonseptet?

Send svaret ditt til popstase@radiorevolt.no i tillegg til navn og telefonnummer, så kanskje blir nettopp du den heldige vinnaren!

Har du lyst til å høyre meir om Sigurd Julius og Woodland kan du høyre på Popstase sin sending frå 16. april her: http://dusken.no/radio/popstase/.

Popstase er eit program som spelar den alternative popen. Her får du dei nyaste utgivelsane, i tillegg til albumanmeldelsar, konsertanmeldelsar og intervju med aktuelle artistar.

Powered by Labrador CMS