Vinn 2x2 billettar til No Age

KONKURRANSE: Rockeduoen No Age kjem heilt frå Los Angeles for å spele på BrukBar/Blæst. Ikkje gå glipp av denne sjangsen, hiv deg med i konkurransen.

Publisert Sist oppdatert

Født ut av kunst- og DIY-miljøet knytt til ein klubb ved namn «The Smell»i LA, såg debutalbumet til No Age dagens ljos i 2007. Fleire plater og EP’ar seinare, og plutseleg dukkar dei opp i Trondheim! Dette i samband med ein aldri så liten noregsturnè gjennom fem norske byar.

Skal me tru BrukBar/Blæst har duoen med seg energien frå punk- og hardcoremiljøet, medan dei serverar både lo-fi popmusikk og abstrakt støy. No Age er kort fortalt lyden av LA. Ikkje nok med at dei vitjar oss her i kalde nord, i anledning denne vetle turnèen skal dei også sleppe ein ny 7”! Det einaste du treng å gjere for å vinne to billettar til denne høydaren av ein konsert er å trykke «likar» på Facebooksida til Nesten Helg samt å svare på dette spørsmålet: Kva heiter den nye sju-tommaren til No Age?

Svaret sender du saman med kodeord «RR» og namnet ditt til 2030 (5,-). Du kan også sende svar i e-post til nestenhelg@radiorevolt.no

Konkurransen er eit samarbeid mellom BrukBar/Blæst og Radio Revolt sin helgeprimer Nesten Helg. Nesten Helg har livesending på Radio Revolt alle fredagar mellom 15-17. Vinnaren av denne konkurransen vil bli trekt torsdag, 7. september og kontakta av oss. Hugs å leit fram Radio Revolt på din DAB+ radio fredagar kl. 15 og ta fatt på helga med digg musikk og jovial skitprat. Hej dä!

Powered by Labrador CMS