Vinn 2x2 billettar til Shining

KONKURRANSE: Jau, du las rett, to heldige menneske har no sjangsen til å vinne to billettar til Shining på Brukbar/Blæst 22. april.

Publisert Sist oppdatert

Og som Brukbar/Blæst sjølv seier det treng ikkje dette bandet nokon større introduksjon. Makan til råskap og teknisk intensitet skal du leite lenge etter, og fjorårets album International Blackjazz Society har fått fabelaktig kritikk.

Brukbar/Blæst, i samarbeid med Radio Revolt sin helgeprimer Nesten Helg, loddar ut to par billettar til to vinnarar. Det einaste du treng å gjere er å trykke «like» på Facebooksida til Nesten Helg samt svare på dette spørsmålet: Kva heiter debutalbumet til Shining?

Svaret sender du saman med kodeord «RR» og namnet ditt til 2030 (5,-). Du kan også sende svart i e-post til nestenhelg@radiorevolt.no, legg då til telefonnummeret ditt. Dei heldige vinnarane trekker me torsdag, 21. april, og dei vil bli kontakta per sms.

Søk opp Radio Revolt på din DAB+ radio alle fredagar klokka 15 til 17 for å lytte til Nesten Helg live. Som vanleg vil du også få digg musikk, noko skitprat og generell, jovial oppvarming til helga. Juhu!

Powered by Labrador CMS