Vinn billettar til Susanna og Jessica Sligter

Dette må vere den beste måten å lade opp til påskeferie på, å vinne to billettar. Dra på denne høydaren av ein konsert i flotte Rådhussalen.

Publisert Sist oppdatert

Rådhussalen på Folkebiblioteket i Midtbyen, ja. Det er nemlig eit arrangement av musikkavdelinga på biblioteket i samarbeid med Ny Musikk Trondheim. Og disse saman med Radio Revolt sitt Nesten Helg vil no gjerne dele ut to billettar til ein heldig vinnar. Begge artistane er erfarne og kritikarroste musikarar som slepp nytt materiale denne våren, og du vil få oppleve både litt av det gamle og det nye på denne dobbelkonserten som startar klokka 20, onsdag 16. mars.

For å bli den heldige vinnaren treng du berre å trykke «like» på Facebooksida til Nesten Helg samt svare på dette spørsmålet: Kvar kjem Jessica Sligter frå? Svaret sender du saman med kodeord «RR» og namnet ditt til 2030 (5,- per sms). Du kan også sende svaret på e-post til nestenhelg@radiorevolt.no. Vinnaren blir trekt klokka 16 tirsdag neste veke, altså 15. mars og vil bli kontakta gjennom det du svarar med - sms eller e-post.

I dagens sending av Nesten Helg får me besøk av ansvarlig for arrangementet, Stian Stakset som jobbar på Musikkavdelinga på Folkebiblioteket i tillegg til å vere skribent i Morgenbladet. Som vanleg vil du også få noko skitprat, herlig musikk og generell fin oppladning til helga. Så søk opp Radio Revolt på din DAB+ radio i dag klokka 15-17!

Powered by Labrador CMS