Konsertanmeldelse:

Yrande liv og mythos frå Maja Ratkje på Dokkhuset

Maja Solveig Kjelstrup Ratkjes verk Rökkur er eit møte mellom gamle instrument og ny musikk, som ikkje kunne gått nokon annan veg enn dette.

Publisert

Maja Solveig Kjelstrup Ratkje har no i ei årrekke markert seg som ein av dei ypperste komponistane det norske musikkliv har å tilby. Eller, ho er jo ikkje berre komponist, men også multiinstrumentalist, politiker, forfattar – ei slik som har fleire timar i døgnet enn oss andre. Andre februar gjesta ho Dokkhuset saman med det islandske ensemblet Nordic Affect, som framførte verket hennar Rökkur. Rökkur er eit islandsk ord, og tyder skumringstime – den tida når myrkret sett inn og folk samla seg for å fortelje historiar.

Ratkje sjølv beskriv verket som ei samling gamle og nye songar skreve for barokkinstrument. Under konserten påpekar fiolinisten at strengene deira vert laga på samme måte som strengar på 1500-talet. Det ligg ein heilt eiga sårbarhet i instrumenta, som har ein heilt anna klang enn den ein er vand med frå moderne instrument. Denne klangen kjem til å prege heile konserten.

Den fyrste av songane byrjar med eit kromatisk virvar frå cembalo, para med einslege tonar frå fiolin og vokal – ja, Ratkje er nemlig med som utøvar sjølv denne kvelden. Musikken er stille, klar som glas, før han glir over i ein porøs sky av notar. Saman med elektronikken til Ratkje skapar dei eldgamle instrumenta ei heilt eiga stemning, som gradvis glir over i ein mørkare himmel med tettare skyar. Strengar knirkar. Det er slik ein tenkjer det lyd når trerøtter vrir seg langt under jorda.

Brått lyd eit einaste ord ut i salen. “Truth”, seier Ratkje, og vi er over i ein anna lydverden. Små melodiske fragment snor seg fram, glir fram og tilbake, inn og ut av statiske klangar. Ratkje punkterer med enkeltord, eit her og eit der, det samme gjer cembaloen. Musikken glir tilbake til ein enkelt, stilleståande tone frå cello. Fiolin og bratsj stemmer i ein sorgtynga og folkeleg duett.

Igjen stilnar det, og Ratkje byrjar å syngje for alvor. “Jeg legger hjertet mitt inntil kroppen din”. Ei sårbar linje, perfekt para med dei sarte akkordane frå strykeinstrumenta. Ratkje har verkeleg tatt tak i sårbarheta som ligg i instrumenta. Musikken hennar er ofte fylt med ein rå energi, og sjølv om musikken i Rökkur framleis kjennes rå og intens er det på ein heilt anna måte. Han er så mykje meir innadvendt og skjør enn mykje anna i produksjona hennar, noko som synes å vere fundamentert i den heilt særegne lyden av slike instrument. Instrumenta er ikkje berre klangleg sårbare, men også fysisk. Kvar gong det er eit opphald i programmet må ein til med ein ny runde med stemming av instrument.

Eit utdrag frå Ratkjes musikk til balletten Sult følgjer så, omskreve til å passe besetninga. Eit rytmisk gjentakande figur i cembalo ligg og flyt under Ratkjes lydbaserte improvisatoriske vokal. Etter kvart snik spretne gestar seg inn i fiolin og bratsj, og plutseleg drar Ratkje fram noko så eksotisk som ein elektrisk kalimba. Ordlaust har vi glidd over i eit nytt stykkje. Over tonane frå kalimbaen legg det seg ein langstrakt, plystra melodi, og resten av ensemblet stemmer i. Tunge, melankolske akkordar veks fram rundt ein tekst frå 1600-talet skreve av George Herbert.

Ny stemmerunde, nytt stykkje, og no vart vi servert ein ordentleg høydare. Eit speilblankt hav legg seg framfor oss, som beveger seg frå det heilt statiske til noko som består av ei mengde små rørsler, men som framleis synast å vere heilt i ro. Hender dragast over strengane inni cembaloen, elektroniske lydar eskalerer, støy truar med å drukne ut dei akustiske instrumenta. Til slutt held berre celloen stand, før ein heilt vill klangverden yrer fram. Alt veks, det hamrast i tangentane på cembaloen – det virker som lyden frå instrumentet skal fylle heile verda. Sakte, uhyre sakte, slik ein isbre beveger seg over eit fjell spaknar kaoset. Det kjem ein duett mellom cembalo og elektronikk, tradisjonelle akkordar møter grensa til støy på scena.

Konserten avsluttast med ein song skreven over ein tekst av Ratkjes dotter Frida, ein nattasang ho skreiv til veslesystra si da systra ikkje fekk sove. Gong på gong kjem eg attende til denne klangen. I dette nummeret er verkeleg denne mystiske, skjøre, sårbare klangen det som meir enn noko anna dominerar lydbiletet. Og når dei er ferdig må dei pent inn og spele eit ekstranummer, dei drar stykkjet med Herberts tekst ein gong til. Denne gongen lyd det mindre kvasst enn fyste gong, men det kan ein jo ikkje eigentleg laste musikarane for.

Eg sitt til slutt med ei kjensle av at dette var ein reise kor eg aldri heilt visste kor eg var på veg før eg satt på den andre sida, og det kjennest åpenbart at det ikkje kunne vere nokon annan stad eg skulle.

Powered by Labrador CMS