USIKKERT: NTNU veit ikkje med sikkerheit når campus kan opna igjen.

NTNU: Fekk ikkje beskjed om nedstengina på førehand

Campus stenger i ei veke, etter pålegg frå kommunen. NTNU blei ikkje varsla før vedtaket onsdag.

Publisert Sist oppdatert

NTNU hadde ikkje blitt varsla av kommunen før nedstenging blei vedtatt i formannskapet onsdag. Det bekrefter Nina Kotte, seniorrådgjevar for kommunikasjon ved NTNU, til Under Dusken.

Dette er dei siste innstramningene:

  • Skjenkestopp kl. 22.
  • Stans av idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne over 20 år.
  • Stenging av treningssenter for dei over 20 år.
  • Begrensing av sosiale kontaktar til maks ti personar per husstand.
  • Påbod om hjemmekontor der det er praktisk mogleg. Dette omfattar òg universiteta.
  • Tiltaka gjeld frå midnatt 11. februar, medan all undervisning blir digital frå og med fredag 12. januar

– Men alle som las Adressa på torsdag kunne vel tenke seg at det kom til å kome strengare tiltak, legg ho til.

Stenger berre med pålegg

Om stenginga av campus vil vare lenger enn ei veke, er ifølge Kotte umogleg å vite no.

– Me veit ikkje noko meir enn det me fortel studentane. Som alle andre ønskjer vi oss føreseielegheit, men det er ikkje mogleg no, seier ho.

Ho presiserer at NTNU ikkje kjem til å halde stengt utan at det kjem direkte pålegg frå Trondheim kommune eller dei nasjonale myndigheitene.

NTNU har ifølge Kotte utarbeidt beredskapsplanar for fire ulike nivå av nedstenging. Det er på bakgrunn av desse planane at NTNU no arbeider vidare.

Les også: Et sukk fra Sukkerhuset

Enkelte unntak – men biblioteka held stengt

Nedstenginga inneber at all undervisning blir halde digitalt.

Det blir gjort unntak i forbodet for emne med ferdighetstrening, laboratorieøvinger og praksis, der studentane kan få forsinkelsar i utdanninga viss dei ikkje får fysisk undervisning.

– Unntaket gjeld for dei emna som absolutt ikkje kan unnvere campus, seier Kotte.

Kva for emne dette er, vil det einskilde fakultet eller institutt å avgjere, innanfor sentrale retninglinjer.

Masterstudentar får også løyve til å bruke sine arbeidsplassar på campus dersom dette er avgjerande for studieprogresjonen, melder NTNU på Innsida. Dette gjeld så lenge det er mogleg å oppretthalde godt smittevernomsyn i lokalet. Ein må halde to meter avstand, ha færrast mogleg berøringspunkt og registrere seg i Check-in, i tillegg til dei vanlege smittevernreglane.

NTNU presiserer på Innsida at dette er basert på tillit, då masterstudentar veit sjølv om det å vera på arbeidsplassen sin på campus er avgjerande for studieprogresjonen

Biblioteka vil også vere stengde. Det betyr blant anna at master- og bachelorkandidatar inntil vidare må klare seg utan bøker frå biblioteket.

– Når det gjelder bibliotekene, så er de omfattet av den samme regelen om stenging som resten av campus. Dette påbudet kommer jo fra Trondheim kommune, og ikke fra NTNU eller fakultetene, forteller Kotte.

Powered by Labrador CMS