BIDRAR: Sit har stilt med elleve hybler til isolasjonsrom for koronasmittede.

God plass på isolasjonshotell

Med nye retningslinjer har Trondheim kommune no god kapasitet på isolasjonshotell. Det er etter at 106 personar stod i kø før helga.

Publisert

Rådgivar Klara Borgen ved Trondheim kommune opplyser at det no er over 40 ledige isolasjonsrom. Åtte personar som har stått på venteliste, får rom på isolasjonshotell i dag.

– Endra retningslinjer gjer at vi no kan gjere reint romma same dag som dei blir ledige, i staden for å vente fire dagar. I tillegg kan opphaldet på isolasjonshotell endrast til seks dagar, så lenge kapasiteten er sprengd, seier Borgen.

Dei nye retningslinjene frå FHI og Smittevernkontoret i Trondheim gjer det altså mogleg å fullføre dei resterande fire dagane i isolasjon heime. Dei som dette gjeld, får rettleiing om korleis dei skal gjennomføre resten av isolasjonen.

LES OGSÅ: På tide å legge fordommene dine mot studenter på hylla

Ifølge FHI er ein mest smitteførande dei fem første dagane etter koronasmitte. Det er dette som ligg til grunn for dei endra reglane, forklarer Borgen.

Dei som kjem inn på isolasjonshotell no, når det er god kapasitet, vil få tilbod om å bu der i ti dagar.

Hjelp frå hotell og Sit

Trondheim kommune har gjennom heile pandemien disponert 50 isolasjonsrom for koronasmitte.

Då kapasiteten blei sprengd i førre veke, fekk kommunen hjelp frå Studentsamskipnaden i Trondheim (Sit) og fleire hotell i byen med å innlosjere koronasmitta personar.

Sit stilte elleve rom til disposisjon. Direktør for strategi og kommunikasjon Nina Steen i Sit seier at dei gjorde dette fordi situasjonen var prekær.

– Det var å hjelpe studentane våre som låg til grunn for den avgjersla. Det var viktig at ikkje dei romma stod tomme når andre trengte dei, seier Steen.

Sit vil ta ei avgjersle på om desse romma framleis skal haldast av til koronaisolasjon i ettermiddag.

LES OGSÅ: Nå blir det billigere med buss og tog

Powered by Labrador CMS