Kommentar

Krise gir ikkje grunn til ansvarsfråskriving!

Politikarar som bruker den neste krisa for å dekke over den førre, er ikkje noko mindre enn feige.

Publisert Sist oppdatert

I en tidligere versjon av denne kommentaren sto det at Marit Arnstad foreslo å utsette de norske klimatiltakene. Dette er feil. Det riktige er de norske klimamålene. Dette er nå rettet 07.05.2022 kl. 14.08.

I løpet av dei siste tre åra har vi alle opplevd avlysingar på grunnlag av pandemi eller krig. Kanskje har ein nettbestilling kome seinare enn vanleg, eller planar vorte avlyste. Som oftast i våre daglege liv er dette heilt gyldige og legitime grunnar.

Etter tre år ser det ut til at dette også har vorte gjeldande i politikken. Regjeringa har vorte litt vel komfortable med å skyve politiske kutt eller brotne valløfte over på verdas krisetilstand. Senterpartiets Marit Arnstad har til dømes foreslått å utsette og skyve på dei norske klimamålene, fordi verda er i ein ustabil situasjon. Vi kan ikkje la slikt passere. Som politikar har ein eit ansvar for å ha to tankar i hovudet samtidig, og innsjå at ei ny krise ikkje betyr slutten på den førre.

Vi kan ikkje akseptere at norske politikarar bruker krigen i Ukraina som ei unnskyldning for å vere passive i andre kriser. Endå eit døme: Studentar har aldri hatt så låg kjøpekraft som det vi har i dag. Matvareprisane aukar, bustadprisane aukar, men stipendet vert det same. Utdanningsminister Ola Borten Moe trakk då inn krigen som no foregår i Ukraina som ein grunn til at vi ikkje kan sjå på auke i stipend. Det er å utnytte at studentar overalt er bekymra for kva som skjer i verda, bekymra for framtida. Ver då heller ærleg og sei det som det er: De hadde aldri tenkt å sette studentar på dagsorden. Det å bruke krigen som ein distraksjon er like uetisk som det er feigt.

Det er viktig at vi ser kva som skjer rundt oss i verda, og at vi viser internasjonal solidaritet. Det er bra at vi bruker våre ressursar på å sende hjelp til Ukraina, og at vi kan vere ein trygg og føreseieleg plass for dei som kjem frå krigen. Om ikkje vi har ressursane og kapasiteten til å gjere dette, kven har det då? Det er nettopp det som er poenget. Når politikarar seier at vi ikkje har kapasitet til både å hjelpe flyktningar og å nå klimamåla, så lyg dei, og dei legg skulda på ein situasjon dei ikkje kan kontrollere. Det er ansvarsfråskriving, og på sikt vil det gå ut over oss alle.

Historisk sett gjer regjeringar det betre under krisetider. Likevel trur eg regjeringa, og spesielt Senterpartiet, som har gått i front når det kjem til å ikkje ha meir enn ein tanke i hovudet om gangen, kjem til å tape på dette. Sjølv om det kan vere naivt å seie, trur eg ærlegdom varar lengst. Eg trur at folk flest klarar å skilje mellom reelle politiske prioriteringar og ansvarsfråskriving.

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS