
Her er UKEsjef-kandidatane
Optimering og samhald er nokre av sakane dei tre UKEsjef-kandidatene som så langt har meldt sitt kandidatur ønskjer å fokusere på.
Tekst: Marlen Ramstad og Jahn Ivar Kjølseth
Torsdag 1. februar er det UKEsjef-val i Storsalen ved Studentersamfundet, og UKEsjef-kandidatane er klare. Alle tre er tidleg i 20-årene og har vakse opp rett nord for Oslo sentrum, bare nokre steinkast unna kverandre.

Nora Elisabeth Seland

Alder: 24

Studie: Profesjonsutdanning for lærer 5.-10. trinn, fordjupning i matematikk og engelsk.
Frå: Smestad, Oslo.
Tidlegare UKEverv: Kokk i selskap (UKA -15), Husansvarlig i vertskapet (UKA -17).
Kva er din motivasjon for å bli UKEsjef?
– Som UKEsjef får eg eit overblikk over organisasjonen. Eg havner i ein mer fristilt posisjon enn eventuelle seinare opptak kan ha. Dette ser eg som ein fordel med tanke på dei tiltaka eg ønskjer å sjå nærmare på. Vidare gir stillingen meg anledning til å motivere og gjere andre gode gjennom oppfylging og tett samarbeid. Eg har sjølv erfart kor dyktige folk i UKA er og kor mykje det har gitt meg å være ein del av festivalen. Eg vil ta del i tilrettelegginga for at alle skal få utøvd UKEvervane sine til det fulle.
Kva vil du fokusere på om du blir valt?
– UKA er eit prosjekt med eit enormt potensial. Folk legger ned mykje tid i UKEvervane dei tar og engasjementet er stort. Da ser eg det som viktig at arbeidsrammane og -forholdene er så optimale som mogleg. Eg ønskjer å ta tak i korleis enkelte UKEverv er svært belastande, og sjå på alternative løysningar for betre arbeidsfordeling. Dette kan også trekkast videre til gjengar som heilskap og til å strukturere ting mest mogleg hensiktsmessig totalt sett. Organisasjonsutvikling ser eg som betydningsfullt, og eg meiner UKA er klar for ein intern gjennomgang og optimering. Tanken her er å løyse ting smartare innad, men også å fokusere på kva vi kan forbetre utad mot eksterne - sjå det heilskaplege biletet.
Les også: Samfundet og Dødens dal vant pris
Julian Mæhlen
Alder: 23
Studie: Industriell økonomi, tredje år.
Frå: Tåsen, Oslo
Tidlegare UKEverv: Pirumitt og formann i TSS.
Kva er din motivasjon for å bli UKEsjef?
– Eg har lyst å vere med på UKA heilt frå starten, og tenkje stort. Dette er det største prosjektet vi som studentar kan jobbe med, og det synast eg er fascinerande. Eg vil vere ein figur for UKA og inspirere andre til å jobbe med prosjektet.
Kva vil du fokusere på om du blir valt?
– UKA vil vere stappfull av motivasjon, engasjement og ildsjelar. Eg vil at det skal bli som eit landsbysamfunn der heile organisasjonen er tilgjengeleg for kverandre. UKA-17 kjørte ein proff profil, som dei klarte veldig godt. Eg vil fortsette med det i UKA-19, men vil fokusere på ein balanse mellom profesjonalitet og samhald.
Toralf Christian Frich
Alder: 20
Studie: Datateknologi, andre år
Frå: Nordberg, Oslo
Tidlegare UKEverv: Sosiale medier-ansvarleg i Strategistyret (UKA -17).
Kva er din motivasjon for å bli UKEsjef?
– Studentlivet i Trondheim er UKA for meg. Eg har veldig lyst å møte og engasjere så mange fine menneskjer. Eg føler ein stor lidenskap for festivalen, og tror det vil bli veldig morosamt.
Kva vil du fokusere på om du blir valt?
– Vi har hatt 100 år med UKA no, og skal inn i dei 100 neste. Det er viktig å settje våre eigne spor, samtidig som det er viktig å ta vare på gamle tradisjonar. Eg vil at glippet mellom forventningar og overskudd skal vere så lite så mulig, slik vi kan ha det mest mulig gøy!