– Vi var aldri sex­objekt som bestemte oss for å ikkje vere det lenger

Etter vidaregåande har medlemma i No. 4 begynt å drikke alkohol og ikkje tenkje like mykje på fordommane rundt det å vere eit jenteband.

Publisert Sist oppdatert

Det er laurdags morgon. Sola heng lavt over Trondheim og skin blendande inn vindauga. I rommet sit to av dei til saman tre bandmedlemma av oslobaserte No. 4. Dei har akkurat kome til byen etter å for første gong ha teke ein såkalla nightliner, som er ein buss med sengeplasser.

– Vi må jo nesten seie at det er eit lite karrierehøgdepunkt å ta nightliner. Det er kanskje litt teit å sei, men det var skikkelig kult, litt som å leve i ein shaker, seier Ingeborg Maire Mohn og ler.

Bandet skal denne laurdagen opptre på Byscenen i Trondheim. Dei har dei siste åra gjort stor suksess med låtar som «Føkk lunsj» og «Jeg har aldri sett elg», og ga i haust ut sitt andre album. Sjølv om dei no lev av musikken, tok det lang tid før dei fatta ei avgjersle om å satse fullt.

Starta med draumen og lite solkrem

Emilie Christiansen og Ingeborg Marie Mohn byrja saman på musikklinja. Etter vidaregåande fekk dei med seg venninna Julia Witek, og saman starta dei No. 4, som vart det endelege bandnamnet etter fleire endringar. Frå skuletida har dei gått frå å vere to om ein idé, til å bli ein nasjonal suksess. I år, som i fjor, er dei mellom anna nominert til Spellemannsprisen for årets popgruppe.

– Eg visste heile vegen kva eg ønskja å bli. Begge foreldra mine er musikarar, og det har aldri vore spørsmål om noko anna, fortel Ingeborg.

Vidare legg Emilie til at det aldri var eit spørsmål om kva draumen var, men heller om det let seg gjere.

– Etter kvart som det gjekk opp for oss at det var med akkurat dette bandet vi kunne klare det: Det var då vi skjønte at draumen var mogeleg.

Dei to sitt avslappa rundt bordet, til trass for det skarpe lyset som trengjer seg inn i kafeen. Utan å høyrast ut som ein blenda fan, noko som sjølvsagt er tilfelle, ser dei akkurat så friske og naturlege ut som musikken formidlar.

– Vi skreiv vår første song saman for ti år sidan. Den heiter «Jeg vil bli brun», og handlar om akkurat det. Utelukkande, utbryt Ingeborg.

I den lave januarsola ser ingen av dei særleg solbrune ut, og eg spør om dei bryr seg mykje om det i dag.

– Eg trur det var veldig viktig for oss akkurat då. No har eg ikkje sola meg på mange år, og i tillegg bruker eg svært mykje solkrem så eg blir ikkje veldig brun, seier Emilie.

– Det er i alle fall ikkje snakk om noko solarium. Der sett eg foten ned, seier Ingeborg.

Emilie fortel om ein gong då ho faktisk skulle ta solarium. Ho var der saman med ein kompis, dei to vart tilbodne ei dobbelsolseng. Sjølv om tanken sikkert kan verke freistande for nokon, vart dette slutten for solariumskarrieren.

– Solarium er litt som å reise på karaoke: Det er berre ein veldig rar situasjon å finne seg sjølv i.

Ingeborg nikkar med eit freknete fjes og seier:

– Det er noko veldig ekkelt med å leggje kroppen inn i ei maskin som grillar deg. Men eg har høyrt at det kan hjelpe mot problemhud, så det fins vel nokore bra aspekt ved det.

– Som hudkreft, seier eg og skifter tema.

Førstemann ut og sistemann heim

Dei har på ein måte eit tidlaust uttrykk, med klede og uttrykk som kunne passa inn uansett periode. Eg spør difor om korleis dei var i dei tidlegare ungdomsåra.

– Sjølv føler verkeleg at eg og Emilie har vore dei sama folka heilt sidan vidaregåande. Vi har dei same interessene og dei same vennane no som då.

– Eg var avhalds då, utbryt Emilie.

Ho fortel vidare at ho gjekk på ein såkalla «mild» ungdomsskule, og vart difor aldri eksponert for alkohol. Då ho byrja på vidaregåande hadde ho aldri smakt det.

– Eg syns det var såpass flaut at eg heller sa at eg var avhalds. Berre for å vere nokon. Då slapp eg det flaue svaret, som var at eg aldri hadde turt å smake. No kunne eg heller seie «Nei, eg drikk ikkje, og så kul er eg».

Ingeborg nikkar støttande.

– Seinare vart det ei gradvis opptrapping til der eg er no. Og no er det ille: No er eg førstemann ut og sistemann heim.

Utanom drikkevanane til Emilie skildrar dei seg sjølv som ganske dei same.

– Julia, derimot, var nok litt meir freak, der ho gjekk i store skjørt og rare klede. Ho seier vi er heldige som slapp å vere freaks i nokre år, seier Ingeborg og ber meg finskrive det utsegne litt.

– Eit uinteressant poeng at vi er jenter

Blir de ofte kalla jenteband?

Begge svarar kontant ja.

– Det var ein periode det var svært irriterande å bli kalla jenteband, starter Ingeborg.

– Vi har jo skjønt at det aldri, eller i alle fall sjeldan, er vondt meint. Det er berre ein mekanisme i hjernen som fungerer på den måte: Ein må på død og liv kategorisere «jente» og «band» som to separate aspekt, fullførar Emilie.

Som supplering til denne kategoriseringa kan underteikna informere om at medan «jenteband» er eit innlagt omgrep i Microsoft Word, får «guteband» umiddelbart ein raud strek.

Dei diskuter litt seg imellom om det faktisk ligg fordommar knytt til det å vere eit jenteband.

– Det mest ironiske med å bli kalla jenteband, er at når No. 4 har konsert, er vi fleire gutar enn jenter på scena. Likevel er det visst veldig viktig for publikum å kategorisere oss som jenter der vi står, seier Ingeborg.

Bandet, og manageren Ask, fortel at dei tidlegare var veldig nøye på nettopp dette, å ikkje bli kalla jenteband. Likevel har det vorte mindre med tida, både bruken av ordet og irritasjonen. Mykje av dette fordi teamet har korrigert bruken av sjølve omgrepet undervegs, mellom anna ved å kontakta diverse arrangørar og be dei skrive band, ikkje jenteband.

– Det er liksom eit heilt uinteressant poeng, at vi er jenter, sjølvsagt er vi jo det, men det er ikkje poenget, seier Emilie.

Vil ikkje følgje den seksualiserte malen

Samtalen beveg seg over i den meir overflatiske delen av karrieren, meir spesifikt objektiviseringa si drivkraft i dagens musikkbransje. Dei ser begge ganske freshe ut der dei sit og maular skulebollar og appelsinjus. Sjølv om eg for min del ikkje har noko å utsette på utsjånaden, har dei likevel gjentekne gonger fått kritikk for å vere for slaskete kledd på scena.

– Vi tenkjer sjølvsagt på kva vi kler oss i. Det er akkurat her ein kan sjå ein av dei største skilnadane mellom såkalla jente- og guteband, fortel Emilie.

Ho meiner vidare at skilnaden ligg i dei særskilde forventningane for kva eit jenteband skal vere.

– Alle tek jo berre på seg det dei føler seg komfortabel i. Gutar får kompliment for å sjå fete ut, medan jenter får kritikk for å ikkje ha pynta seg.

– Vi bryr oss, men vi vil ikkje gå etter den seksualiserte malen, der jentene berre skal sjå digg ut, supplerer Ingeborg.

– Vi var aldri sexobjekt som bestemte oss for å ikkje vere det lenger, seier Emilie og smiler sjølvsikkert.

Dei meiner at det sterke fokuset på utsjånaden ikkje berre begrensar seg til musikkbransjen og scenelivet. Frå ei objektivisering til ei anna kjem vi inn på det sosiale mediet Tinder. Om du som lesar skulle ha eit godt auga til eit av bandmedlemma, må eg nok skuffe deg og Tinder-profila di der.

Så kva tykkjer dykk eigentleg om kjøttmarknaden som utspelar seg på, mellom anna, Tinder?

– For meg er det litt som å handle klede på nettet, det er ikkje lenger noko menneskeleg ved det, seier Emilie. Ho legg til at ho tidlegare har vore med andre vener og sett på «marknaden», men safarien slutta der.

– Eg har aldri turt å opprette ei profil der sjølv, rett og slett fordi det berre høyres heilt forferdeleg ut, seier Ingeborg.

– Dra dit elva tek deg, du

Ei undersøkjing gjort av Sentio på vegne av NSO og Universitas visar at 50 prosent av studentane fryktar arbeidsløyse etter endt studietid. Alle tre bandmedlemma har studert ved musikkhøgskulen, og Emilie på si side valde å avslutte studiet før fullført bachelor. Ho meiner at det i seg sjølv ikkje handlar så mykje om kva ein studerer, men at ein gjer det ein faktisk ønskjer å drive med.

– Menneske som gjer det dei brenn for kan verkeleg lykkast. Eg fekk mykje fint ut av å studere, men eg fekk også veldig mykje bra ut av å slutte. Det er så mange unge som studerer i dag, men som seinare er sånn semi-nøgd med dei vala dei faktisk har teke.

– Ein må ikkje bekymre seg så voldsomt mykje for noko som kanskje skjer, eller kanskje ikkje skjer. Tru heller på at noko vidunderleg faktisk kan skje, dersom ein let det, seier Ingeborg og legg til at Emilie eigentleg ikkje har begymringsgenet.

Ho tek ein kort pause før ho seier:

– Samstundes er det farleg å sei det, for det er så veldig mange som nettopp ikkje veit kva dei vil. Det verste du kan sei til nokon er jo «følg hjarta ditt», for herregud, kva skal ein eigentleg gjere.

Ho tek seg ein ny pause. Myser ut vindauga. Tek seg i panna og seier:

– Dra dit elva tek deg, du.

Ingeborg ler litt av sin eigen metafor, før Emile seier:

– Det er mykje betre å slutte enn å ta ei utdanning som på papiret ser bra ut.

Sola har for alvor trekt seg tilbake. Dei spør meg eit par spørsmål om kva eg studerer og om eg likar byen. Eg på mi side prøver å svare så kult som overhovudet mogeleg, men skjønner at eg høyres ganske steril ut. Dei smiler, gjer meg ein klem, men før eg avsluttar må eg spørje:

Kvifor heiter de eigentleg No. 4?

– Fordi vi alltid har hatt sympati med dei som akkurat ikkje kjem på pallen, seier Emilie og smiler.

Powered by Labrador CMS