Majestetisk tyngde
Plate
Illustrasjon: Johan Ketil Skodje, Under Dusken_Max the first_ av Max Midsun. Morningstar records.
Trondheimbandet Max Midsun er ute med debutplata si. Dei heimlege rockarane leverer eit godt stykke musikk, som heilt sikkert kjem til å møte anerkjennande headbanging i rikt mon.
Plata startar uventa roleg med ein samtale. Får du med deg teksten og ein liten punchline er konseptet sett, og dei skeive messingblåsarane kan forsvinn til fordel for den kompromisslause gitarlyden. Dei seige gitarriffa er heilt klart det mest sentrale i lyden, og gjer at trommer og vokal hamnar litt i bakgrunnen. Resultatet blir ein rund, smakfull og rocka lyd, mørk og tjukk som tjære. Gitarlyden og det musikalske landskapet kan ellers kan minne om til dømes Rage Against The Machine og Thulsa Doom, utan at ein treng å dra samanlikningane for langt.
Musikken er gjennomgåande tung og majestetisk, som det også blir hinta om på platecoveret. På kolsvart bakgrunn består albumdekorasjonen av eit krona monogram av albumtittelen.
Plata varierer ikkje mykje frå spor til spor. Men _Max the first_når stadig nye høgder, og produsentane har definitivt ikkje brent opp alt krutet på dei første låtane. Totalt sett er det eit svært godt produkt som her blir levert. Den til tider svulmande vokalen fell gjennom nokre stader, men fungerar til gjengjeld svært godt resten av tida.
Mykje musikk i denne sjangeren kan for mange framkalle flaue kjensler av den altfor ofte overpretensiøse okkultismen eller «drep alle»-tekstane. Ei glede er det difor å kunne stadfeste at Max Midsun ikkje hamnar blant desse. Den nonchalante framføringa av musikken og den noko utradisjonelle vokalen gjer at musikken lett kan svelgast også for dei som ikkje kler seg i svart frå topp til tå.
Max the firster ei befriande gjennomføring av gitardominert tungrock, som veks med kvar gjennomlytting.